– Eg trur ikkje det er mange gradene til eller ifrå for at det hadde roke. Får ta det som eit teikn på at uflaksen er begynt å snu. Litt flaks, når man har uflaks, seier 25-åringen.
Det er ein svært støl, men likevel smilande skihoppar vi møter på treningssykkelen på Olympiatoppen i Oslo.
Smilet kjem av at han endeleg har hatt si første harde styrkeøkt, etter at han fall og skada seg stygt under eit treningshopp i Lahti i byrjinga av februar.
– Det skal jobbast hardt framover no, seier han optimistisk.
Han trudde lenge at skaden ikkje var verre enn at han skulle bli klar til VM eit par veker seinare. I realiteten var den langt meir alvorleg.
Ein litt annan vinkel på kneet i landinga, så hadde korsbandet roke.
– Ved avrevet korsband er det ofte nødvendig med operasjon for skihopparar. Då er det snakk om minst ni til 12 månadar før ein kan returnere til idretten sin, seier Guri Ranum Ekås som er landslagslege for skihopp.
Fast bestemt på å kome tilbake
I fjor vart sommar-treninga øydelagt av sjukdom. Årets sesongen starta heller dårleg. Etter hoppveka valta han å stå over fleire verdscuprenn for heller å bli heime og trene.
Først helga før han drog til Lahti var nordmannen begynt å få til gode hopp att. Han er difor letta over å legge marerittsesongen bak seg.
– Det har heldigvis gått nokso greitt å halde motet oppe, for eg er fast bestemt på at eg skal vise at eg kan kome tilbake i hoppbakken og vere i minst like bra slag, aller helst i enda betre slag, seier han i eit intervju med hopp-nettstaden Berkutschi.
Usikkert når han kan hoppe
Akkurat når Kongsberg-hopparen igjen kan hoppe på ski er førebels usikkert. Men håpet til landslagstrenar Alexander Stöckl er at kan ta med seg Tande til første landslagssamling i Austerrike i starten av juni.
– Men vi må vente til kneet er stabilt og smertefritt.
Landslagslegen vil derimot ikkje tidfeste når Tande er klar.
– Han har framgang og jobbar med opptrening på Olympiatoppen. Funksjon og smerta i kneet styrer returen til hoppinga.
Men om alt går etter planen kan dette bli ein sesong der han får med seg heile sommaroppladinga.
– Eg er ikkje veldig bekymra. For no har eg jo eigentleg starta oppkøyringa til årets sesong i februar, så eg er alt godt i gang, seier Tande med eit smil.
Og sjølv om han kjenner mindre til skaden for kvar dag som går, så er det ein ting skihopparen saknar.
– Må ærleg innrømme at eg saknar og kunne sitte på huk, det er det einaste eg ikkje får gjort. Det er eg veldig glad i. Det er avslappande, ler han.