Hopp til innhold

Korona-trøbbel og økonomisk etterforsking: Advokatane avgjer Championship-nedrykket

Kampane er ferdigspela, men nedrykksdramaet er på ingen måte over. Fleire ekstraomgangar på skrivebordet ventar.

Wigan

DÅ JUBELEN VAR STOR: Wigan slo sensasjonelt Manchester City i finalen og blei FA-cupmeister i 2013

Foto: Ian Kington / AFP

Barnsley, Charlton og Hull. Desse tre sanka færrast poeng i løpet av dei 46 serierundane som omsider blei fullførte, og skulle dermed rykka ned i League One frå neste sesongstart.

Men så enkelt er det ikkje. Også fotballjussens kvern arbeider sakte. Ingen veit i dag kva utfallet vil bli i tre saker som enno ikkje er avgjort, og som kan få innverknad på nedrykksstriden.

  • Wigan er straffa med 12 minuspoeng for å vere under administrasjon. Det sender klubben til nedrykksplass. Men dei har anka avgjerda.
  • Sheffield Wednesday er under gransking for omstende rundt salet av Hillsborough-anlegget til eigaren sin. Det kan koste dei inntil 21 poeng, som vil sende dei til botnen av tabellen.
  • Derby County har også selt bana si, Pride Park, til eigaren for ein sum som er så høg at dei økonomiske vaktbikkjene har sett i gang gransking. Også Derby kan miste opptil 21 poeng og falle til nedrykksplass.

Wigan Athletic

1. juli blei klubben sett under administrasjon på grunn av økonomiske problem. Derfor trekte ligaleiinga dei for 12 poeng. Med det poengtrekket er dei under nedrykksstreken, medan Barnsley bergar plassen i Championship.

– Det kom heilt ut av det blå. Ingen utanfor styret visste noko om det, seier Kent Rabben. Han er leiar for Wigans norske supporterklubb.

Wigan har protestert på poengtrekket, og sett advokatane sine på jobben med å få det omgjort.

– Argumentasjonen går mest på «force majeure», at koronaen har skapt utfordringar som ingen kunne noko for, seier Rabben, som er pessimist med tanke på svaret. Han er redd anken blir avvist, og at Wigan må starte i League One til hausten.

Anken skal behandlast av ligaens ankeutval 31. juli. Først då blir det klart om det blir Wigan eller Barnsley som rykkjer ned.

Eller kanskje endå seinare. For Wigan kan anke ei avgjerd inn for sivil rett.

Omstridde eigarskifte

DW Stadion i Wigan

LEAGUE ONE: Bak desse murane blir det League One-fotball neste sesong. Om Wigan ikkje får medhald i anken

Foto: Jason Cairnduff / Reuters

I 2018 selde den mangeårige eigaren Dave Whelan klubben. Under hans eigarskap etablerte klubben seg i Premier League, der dei var i åtte sesongar. Dei vann også FA-cupfinalen mot Manchester City i 2013. Økonomien var tilfredsstillande.

Den nye eigaren var IEC, eit Hongkongbasert firma som er registrert på Cayman-øyane, og som også eig eit hotell og eit kasino på Filippinane.

I juni blei klubben seld vidare til eit selskap kontrollert av Wai Kay Au Yeung, ein annan forretningsmann i Hongkong. Han var godkjend av liga-komiteen som skal passe på at ikkje useriøse eigarar skal kome inn i ligaklubbar.

Laster Twitter-innhold

– Rekord som vil stå ei stund

Berre fire veker seinare blei Wigan sett under administrasjon.

– Fire veker frå overtaking til administrasjon er ein rekord som kjem til å stå ei stund, seier administrator Gerald Krasner.

– Vi har fått vite at dei i styret som hadde gått imot administrasjon, blei pressa ut før avrøystinga. Dermed blei det fleirtal for å be om administrasjon, seier Rabben. Han er frustrert over det som skjer med klubben.

– Dei (eigarane) skulle ha gitt klubben pengar, men det kom ingenting, sa administrator Paul Stanley til BBC.

– Om det har noko med koronaen å gjere, veit eg ikkje. Eg har ikkje hatt noko slags kontakt med dei.

For å hjelpe, har fansen oppretta eit fond og allereie samla inn over 2 millionar kroner sidan 1. juli.

Stanley frykta med det same at det ikkje fanst pengar til å drive klubben ut sesongen. Det hadde i så fall gitt konkurs, og klubben hadde blitt sparka ut av ligaen slik Bury blei i fjor.

Men det gjekk bra. Wigan tapte berre ein av ni kampar etter koronapausen. Og berre ei Fulham-utlikning i siste kamp hindra Wigan i å ende over streken, sjølv med 12 minuspoeng.

Sheffield Wednesday

Hillsborough, Sheffield

FORVIKLINGAR: Hillsborough stadion i Sheffield har ei lang og ærerik historie. Men salet av bana har ført til gransking som kan koste poeng

Foto: Lee Smith / Reuters

Som om ikkje Wigan-uvissa var nok i nedrykksrekneskapen, kan også ei sak mot Sheffield Wednesday skape krøll. Dei kan i verste fall miste 21 poeng, og det vil sende dei heilt nedst på tabellen.

Onsdagsklubben blei i november sett under etterforsking etter mistanke om brot på økonomi-reglane (FFP). Dei selde si tradisjonsrike bane Hillsborough til eigaren Dejphon Chansiri for 60 millionar pund for å kome økonomisk på fote etter stort underskot i rekneskapsåret før.

Wednesday låg an til eit underskot på 57 millionar pund over ein treårsperiode. Ligaen tillèt berre 39. Derfor selde klubben stadion til eigaren. Men salet og rekneskapsføringa av pengane gav ligaen grunn til å granske det nærmare.

Sheffield Wednesday nektar for at dei har brote nokon reglar i samband med salet.

Avgjerda var venta å kome i førre veke, men ingenting har så langt skjedd.

Wednesday enda som nummer 16 på tabellen, åtte poeng over nedrykksstreken. Blir dei kjende skuldige, kan det bety opptil 21 minuspoeng, skriv BBC.

FFP-brot blir i utgangspunktet straffa med minus 12 poeng. Dei 9 siste kan kome dersom det blir slått fast at brotet er ekstra grovt, eller at dei har motarbeidd granskinga.

Då Birmingham i fjor blei dømd for FFP-brot, fekk dei ni minuspoeng. Dei tre dei slapp, var fordi dei melde frå sjølv, og fordi dei samarbeidde i etterforskinga.

Laster Twitter-innhold

Derby County

Derbys sak liknar på Wednesdays, på den måten at det gjeld salet av bana Pride Park til eigaren Mel Morris. Prisen var 80 millionar pund, og det er ein så høg sum at det blir granska.

I januar blei salet sett under etterforsking. Men heller ikkje her er det felt nokon dom enno.

Men ifølgje lincoln.vitalfotball.co.uk kan det sjå ut som om at regelbrotet er mindre omfattande enn for Sheffield Wednesday, og at dei dermed truleg får ei mindre poengstraff.

Derby enda på 10.-plass, 16 poeng over nedrykksstreken. Også dei ventar derfor spent på ei avgjerd, og hevdar at dei ikkje har gjort noko gale.

Generalforsamling i midten av august

Rick Parry

LIGADIREKTØREN: Rick Parry meiner at opptil 15 av ligaklubbane er i fare for å gå konkurs

Foto: Phil Noble / Reuters

Både i Sheffields og Derbys tilfelle er det eit uavhengig utval, og ikkje ligastyret, som har den endelege avgjerda. Det er avgjerder som kan ankast. Då ligg nok avslutninga lenger framme i tid, og blir advokatmat.

Generalforsamlinga i The Football League skal haldast i midten av august, og er den formelle slutten på sesongen. Eit mogeleg utfall kan derfor bli å overføre eventuelle poengstraffer til neste sesong.

Berre omspelet om den siste opprykksplassen til Premier League står att i denne sesongen. I tillegg til alle ekstraomgangane som måtte kome på utvals- og advokatkontor.

Opptil 15 ligaklubbar i konkursfare

Men ein rapport frå kultur- og sportskomiteen i det britiske parlamentet kan så mange som 15 ligaklubbar stå på kanten av det økonomiske stupet. For eitt år sidan måtte tradisjonelle Bury kaste inn handkleet, og blei sparka ut av ligaen.

Sidan den gongen har korona-pandemien lagt endå større press på klubbøkonomien.

– Det er spesielt ille for klubbane i The Football League. Dei har ikkje dei enorme TV-inntektene som Premier League har. Når publikum ikkje slepp inn på kampane, mister klubbane ein stor del av inntektene, seier komiteleiar Julian Knight til PA Media.

– Ligaklubbane kan kome til å ha eit samla underskot på 200 millionar pund (2,3 milliardar kroner) i september, spådde ligadirektør Rick Parry i mai.

Knight meiner Premier League, som er den klart største inntektskjelda for engelsk fotball, må betale meir til fotballen lenger nede i systemet.

– Det (konkursar) ville bli tragisk for mange lokalsamfunn over heile landet. Vi må gjere noko med fordelinga, seier parlamentsmedlemmen.

Rapporten seier i klartekst at dagens økonomiske modell i engelsk fotball ikkje er berekraftig. Avvikling av fallskjermane som nedrykkslag frå Premier League får, og lønnstak for ligaklubbane, er forslag som blir foreslått.

Sportsnyheter

Premier League - Arsenal v Chelsea

Leken Ødegaard ydmyket Chelsea: – En magiker

Arsenal dundret inn både én, to, tre, fire og fem scoringer mot Chelsea. Etter to målgivende hagler det med komplimenter til Martin Ødegaard.

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Warholm-rival klar for Bislett-duell

    Norges hekkeløpsfenomen Karsten Warholm skal opp mot 2022-verdensmester Alison dos Santos under Bislett Games i Oslo 30. mai.

    Det bekrefter arrangøren i sine mediekanaler.

    Dos Santos ble verdensmester på 400 meter hekk i Eugene i 2022. I forkant av mesterskapet hadde Warholm trøblet med en skade, og nordmannen var dermed ikke i nærheten av å utfordre brasilianeren.

    I fjor slo Warholm tilbake med gull i Budapest. Da ble Dos Santos nummer fem. (NTB)

    Verdensmesterskapet i friidrett 2022
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Det østerrikske forbundet bekrefter: Går mot comeback for Hirscher - for Nederland

    Tirsdag kveld skrev flere sveitsiske medier at det går mot comeback for alpinlegenden Marcel Hirscher.

    Onsdag morgen bekrefter det østerrikske skiforbundet at de har vært i samtaler med Hirscher og at Hirscher der har bedt om å få kjøre for Nederland. Det ønsket har det østerrikske skiforbundet godkjent.

    Det sier generalsekretær Christian Scherer.

    Scherer forteller at det østerrikske forbundet forsøkte å overtale ham til å gjøre comeback for Østerrike, men nå blir det altså trolig Nederland.

    Hirscher har foreløpig ikke selv bekreftet et comeback. 35-åringen har en mor fra Nederland.

    Østerrikeren anses som en av tidenes beste alpinister og kan skilte med 67 verdenscupseiere. I tillegg vant han verdenscupen sammenlagt hele åtte år på rad, fra 2011/2012-sesongen til 2018/2019.

    – Oi, dette høres spennende ut. Hvis dette stemmer kan det bli et enormt sirkus å følge til vinteren, sier NRKs alpinekspert Nina Haver-Løseth.

    Hun er likevel usikker på om han blir like overlegen som han tidligere har vært.

    – Det kommer helt an på hvor mye han har vedlikeholdt og utviklet seg i tråd med idretten. Nivået har vært skyhøyt de siste sesongene, sier Haver-Løseth.

    Tidligere i vår ble det kjent at Lucas Braathen gjør et lignende comeback for Brasil, hvor Braathens mor er fra.

    Austrian Alpine Ski World Cup winner Marcel Hirscher attends a news conference in Vienna
    Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters
  • Nervøs Alcaraz overrakte gjev pris til Bellingham

    Spanske Carlos Alcaraz innrømmer at han var full av nerver før han mandag skulle gi Jude Bellingham Laureus-prisen som årets mannlige gjennombrudd.

    Den unge tenniskometen bretter ut om følelsene han kjente på før han entret scenen i Madrid.

    – Helt ærlig så følte jeg meg ikke komfortabel i det hele tatt. Jeg var så nervøs, og beina mine skalv. Jeg øvde på talen 50 ganger for å forsikre meg om at alt ble perfekt. Jeg er ikke vant til å snakke foran så mange idrettslegender. Det var en flott opplevelse, fortalte Alcaraz på en pressekonferanse i forkant av Madrid Open.

    Den 20 år gamle verdenstreeren beskriver øyeblikket da han ga Bellingham prisen som «vakkert».

    – Jeg har så stor respekt for ham. Han er en fantastisk atlet, så jeg er glad for at jeg fikk oppleve dette.

    Alcaraz fikk selv prisen som årets gjennombrudd under fjorårets utdeling. 20-åringen har tatt den internasjonale tennisscenen med storm de siste årene, blant annet ved å vinne både US Open (2022) og Wimbledon (2023).

    Denne uken skal spanjolen forsøke å ta sin tredje strake tittel i Madrid Open. Alcaraz er andreseedet i turneringen.

    (NTB)

    Alcaraz
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal