NRK Meny
Normal

Sjakk-geni og bråkmakar

Han var kanskje den mest talentfulle sjakkmeisteren i historia. Men Bobby Fischer var også den mest kontroversielle.

Bobby Fischer og Boris Spasskij

Bobby Fischer (t.h.) og Boris Spasskij i det avgjerande partiet i sjakk-VM i Reykjavik i 1972. Spasski gav opp etter 40 trekk og forlet bordet

Foto: ap / AP

Den suverent mest profilerte VM-kampen i sjakk nokonsinne var mellom meister Boris Spasskij og utfordrar Bobby Fischer i 1972. Og Fischer er nok også den mest eksentriske VM-deltakaren også.

VM i Reykjavik på Island sommaren 1972 hadde klare politiske undertonar. Dette var medan den kalde krigen var på sitt aller kaldaste, og Fischer var mannen som skulle ha potensial til å knuse det sovjetiske hegemoniet i sjakk. I vestlege media var det frie Vesten mot den diktatoriske austlege verda bak jernteppet.

Men omtalen av VM-kampen vart også prega av Fischers mildt sagt eksentriske og uføreseielege oppførsel. Dessverre overgjekk den det sportslege.

"Lut lei alt saman"

I løpet av kampen viste Fischer at han var klart best – når han valde å konsentrere seg om sjakkbrettet.

For han laga mykje spetakkel i forkant av kampen på Island. Han utsette reisa til Reykjavik, og ingen visste når – eller om – han ville dukke opp.

Først skulda han på at han var trøytt og utmatta. Deretter kom krav om 30 prosent av billettinntektene.

VM-starten måtte utsetjast, og det heldt på å gå storpolitikk i det. Sovjet kravde at VM måtte avlysast og Spasskij måtte behalde tittelen. President Max Euwe i det internasjonale sjakkforbundet (FINA) var "lut lei alt saman" og reiste like godt heim att.

Ni dagar forseinka VM-start

Først fire dagar etter at første parti skulle vore spela, vart det klart at VM skulle gå vidare, noko den britiske stormeisteren Harry Golombek fekk hovudæra for. VM kom i gang ni dagar etter planen.

Fischer kom til byen to dagar før første parti skulle spelast. Han inspiserte lokalet og klaga på omtrent alt, ifølgje Aftenpostens reportasje: Brettet skulle vere grønt og kvitt, ikkje svart og kvitt. Rutene var for store og brikkene av feil type. Publikum var plassert altfor nær spelarane, lyset var for dårleg og bordet for høgt.

Men då partiet skulle starte, var han ikkje på plass. Spasskij starta med kvitt og gjorde sitt første trekk.

Så tok klokka til Spasskij til å gå. Først etter sju minutt kom amerikanaren til bordet og tok til å spele.

Det gjekk ikkje bra. Han kom på defensiven, men klarte å halde unna til kampen vart avbroten for kvelden. Neste dag gjekk han for remis, men Spasskij vann etter 56 trekk.

Nekta å spele parti nummer to

Bobby Fischer

Bobby Fischer var den klart beste sjakkspelaren i verda

Foto: RFS / AP

Det neste partiet vart dramatisk. Det vil seie, det vart aldri noko av. For Fischer protesterte heftig på kamera-plasseringane, som han meinte forstyrra han. Han kravde alle tre kamera fjerna.

Det var vanskeleg for arrangøren å godta, for selskapet som skulle lage film av VM-matchen, var også hovudsponsor for arrangementet. Det enda med at Fischer gjekk i protest. Spasskij vart tilkjend sigeren og leia 2–0.

Før tredje kamp hadde arrangøren klart å forhandle fram eit kompromiss som gjekk ut på at det skulle vere berre eitt kamera til stades. Fischer bråka igjen, og no hadde også Spasskij fått nok. Han reiste seg også for å gå, og skandalen såg ut til å bli komplett.

Resolutt inngrep av arrangøren klarte likevel utruleg nok å hindre det. Spelet tok til. Og frå no av viste Fischer det han kunne av sjakk.

"Mr. Cramer skriv for mange brev"

Han grusa motstandaren, som vann berre ein kamp seinare i turneringa. Fischer vann den lange turneringa med 12,5 mot 8,5. Vesten hadde slått Austen.

Ikkje desto mindre skapte han storm også under desse partia. Det 14. partiet vart utsett fordi Spasskij var sjukmeld. Fischer kravde å få sjå sjukmeldinga "fordi vi ikkje veit kva som feilar han".

VM-dommar Lothar Schmid avviste kravet. "Spasskij føler seg ikkje bra, det er det hele. Og Mr. Cramer (Fischers assistent) skriv for mange brev", svarte Schmid, på det tidspunkt lut lei av amerikanaren sine utspel.

Erstatningskrav i millionklassen

Fischer kravde også å få deponert ein sjekk på vel 40.000 dollar før matchen var slutt. For firmaet som hadde sikra seg filmrettane, hadde ikkje fått eit einaste bilete etter at Fischer hadde fått medhald i kravet om å fjerne alle kamera.

Selskapet ville derfor prøve å forhindre at Fischer skulle få utbetalt noko av premiepengane før saka var avgjort i retten.

Men etter kampen kravde det amerikanske forsikringsselskapet Chester Fox and Co 3,25 mill dollar i erstatning.

Det høyrer med til historia at då han skulle forsvare VM-tittelen tre år seinare, stilte han så store krav til endring av turnerings-opplegget at det internasjonale sjakkforbundet ikkje ville godta det.

"Therefore I resign my FIDE World Chess Championship title. Sincerely, Bobby Fischer", skrev han i sitt siste telegram til forbundet. Dermed gjekk tittelen igjen tilbake til Sovjetunionen, no ved Anatolij Karpov. Utan kamp.

"Rematch" 20 år etter

Sanninga er også at Fischer etter VM-tittelen i 1972 drog seg heilt tilbake. Han spela ikkje ein einaste konkurransekamp på nesten 20 år. Men han kunne sine ting likevel – i 1977 spela han tre kampar mot det beste sjakk-dataprogrammet på den tid, og vann alle tre.

Men i 1992 kom det likevel i stand ein revansjekamp mellom Fischer og Spasskij. Amerikanaren fornekta seg ikkje. Han kravde at kampen skulle reknast som ein offisiell VM-kamp, sjølv om det no var Gary Kasparov som hadde VM-tittelen.

– Eg er framleis meister. Alle kampane om FIDE-titlane er fiksa, meinte Fischer.

Han valde å spele kampen likevel. Kanskje var premiesummen på 3,35 millionar dollar til vinnaren ein grunn til det. Den premien tok han, med 10 sigrar mot 5.

Og så var det slutt.

– Mitt verkelege talent ligg i musikken

Fischer fekk etter kvart flest overskrifter for alt han gjorde utanfor sjakkbrettet, og dei fleste av det negative slaget. Men nokon meinte at det var urettferdig.

– Bobby må vere den mest misforståtte og feilsiterte framståande personen på jordoverflata. han er slett ikkje kamerasky, han smiler og ler lett, han kan sin konversasjon og har mykje humor, skreiv den amerikanske sjakk-kommentatoren Yasser Seirawan – sjølv stormeister, USA-meister og juniorverdsmeister.

At Bobby Fischer var eit ekstremt sjakktalent, var klart sidan han som seksåring fann sitt første sjakk-blad. Men han var ikkje alltid med på at det var der hans største talent låg likevel.

Ikkje desto mindre var han eit sjakkens vidunderbarn. Han vart juniormeister i USA allereie i 1956.

– Mitt verkelege talent ligg ikkje i sjakken, det ligg i musikken, sa Fischer ein gong.

Han sa dette etter ein episode i Bled i det dåverande Jugoslavia (no i Slovenia) i 1963. Der hadde han blitt overtalt til å synge på ein nattklubb.

Song på nattklubb

Tanken var nok å få amerikanaren til å dumme seg ut. I staden fekk han publikum med seg til dei store høgder som rockesongar.

– Han har ei behageleg stemme og god rytme, sa den russiske stormeister Valeri Smyslov, som sjølv kunne blitt ein stor operasongar.

Det var i turneringa i Bled at Fischer trua med rettsleg erstatningskrav mot ein konkurrent etter ein avbroten kamp.

Det stod 5,5 – 5,5 mellom Fischer og Samuel Resjevski då kampen var avbroten. Kampen skulle etter planen halde fram neste dag. Men det var laurdag, og på den vekedagen kunne ikkje Resjevski spele på grunn av si jødiske tru.

Dermed var kampen fastsett til søndag, men det ville ikkje fru Pytagorska gå med på. Ho skulle i teatret den dagen, nemleg.

Og ettersom det var ho som med sine millionar var hovudsponsor for turneringa, våga ikkje arrangøren å trasse henne.

Bobby Fischer

Bobby Fischer vart islandsk statsborgar, og det er på Island han er gravlagt

Foto: KAZUHIRO NOGI / Afp

– Eg kunne ikkje gå med på fleire utsetjingar, sa Fischer den gongen. Han trekte seg, og Resjevski vart utropt som vinnar.

"Urettmessig innkassering"

Fischer truga med å gå rettens veg "for urettmessig innkassering" av premien på 4500 dollar. Men historia fortel ikkje om han faktisk gjorde det.

I 1966 kom Fischer på nytt i fokus. Han var også av jødisk ætt, og nekta å spele ein lagkamp i sjakk-OL mot Sovjetunionen laurdag kl 16, ettersom sabbaten enno ikkje var slutt. Sovjetunionen nekta å gå med på å utsetje kampen til kl 18.

USA nekta dermed å spele nokon av sine fire kampar den runden. Floken vart løyst, men episoden varsla om at Fischer var ein mann det skulle kome til å storme friskt rundt.

Så friskt at han etter 1992 aldri kom tilbake til USA. Der vart han mektig upopulær etter at han uttalte seg nokså antisemittisk etter 11. september 2001.

Bobby Fischer kom tilbake til Island. Han tok islandsk statsborgarskap i 2005 og døydde og vart gravlagd på øya på øya tre år seinare.

Men ikkje eingong då var det slutt på kontroversane omkring den tidlegare sjakkmeisteren. Kista måtte gravast opp igjen for å ta DNA-prøver i samband med arveoppgjeret.

Siste nytt

  • Ny Kamara-scoring i USA

    Ola Kamara chippet inn utligningen etter en fantastisk pasning fra Zlatan Ibrahimovic da Los Angeles Galaxy snudde 1–0 til 1–3 mot Philadelphia Union. Hans åttende scoring denne sesongen. Zlatan og Michaël Ciani sto for de andre Galaxy-målene.

    SOCCER-USA-LAG-DCU/
    Foto: Kirby Lee / Reuters
  • Ingebrigtsen tok EM-kravet

    Filip Ingebrigtsen løp på 13.30,48 på 5000 meter under et stevne i belgiske Heusden lørdag kveld. Det er innenfor EM-kravet på distansen. 25-åringen kom rett fra fredagens stevne i Monaco, hvor han satte ny norgesrekord på 1500 meter.

    Filip Ingebrigtsen
    Foto: Jasper Jacobs / AFP
  • Koreas første fellesgull på 27 år

    Bordtennisduoen bestående av sørkoreanske Jang Woo-jin og nordkoreanske Cha Hyo Sim gikk helt til topps i en bordtennisturnering avholdt i Daejon. Ikke siden 1991 har et felles koreansk lag tatt gull i en idrett, også da i bordtennis. I april ble det holdt et toppmøte mellom landene hvor de lovet å øke sitt samarbeid innen sport.

    Foto: Hong Hae-in / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Tour de France 15.etappe og friidrett Diamond League, London
Friidrett: Diamond League fra London
Tour de France 15.etappe og friidrett Diamond League, London
X Games Minneapolis
OL-profiler: Marcus Kleveland
X Games: Skateboard, street