Hopp til innhold

Kontroversar rundt utlikning i Bergen

Stabæk såg lenge ut til å bli det første laget som skulle slå Brann i Bergen i Toppserien denne sesongen, men Brann greidde å utlikne til 1-1 på ei kontroversiell scoring fire minutt på overtid.

Iris Omarsdottir scora etter ein halv time i første omgang. Branns overtids-utlikning kom ved Maria Brochmann, som var sist på ballen i ei mølje etter corner.

- Den scoringa burde ikkje blitt godkjend, sa Stabæks keeper Sunniva Skoglund til NRK.

- I gode ni av ti tilfelle får keeper medhald i slike situasjonar, sa NRKs Carl Erik Torp.

Brann kunne sikra seg sigeren i grunnserien og 6 poeng i sluttspelet med siger. Trass poengtapet er det likevel så godt som sikkert at Brann vinn grunnserien.

Også Rosenborg og Vålerenga er sluttspelklare. Fire lag kjempar om den fjerde og siste sluttspelplassen, inkludert Stabæk.

I det kontroversielle sluttspelet får dei fire laga med seg 6, 4, 2 og 0 poeng.

Tidlegare denne veka varsla supporterklubbane i dei største Toppserie-klubbane at dei ikkje vil stille opp med organiserte aktivitetar på kampen i sluttspelet, i protest.

– Lytt til supportarane, vi er ein ekstremt viktig del av fotballen, og vi vil ikkje ha det. Det er mange andre som ikkje vil ha det heller, ingen vil ha det, sa Gjert Moldestad frå Bataljonen då sluttspelet blei diskutert på NRK i pausen.

Siste nytt

  • Mjelde scora i comeback-kampen

    Maren Mjelde scora sikkert på straffespark då Chelsea slo Manchester City 2–0 i storkampen i engelsk kvinnefotball søndag.

    Mjelde var med i Chelseas startoppstilling i superligaen for første gang sidan mars i fjor. Den norske landslagskapteinen har slite med skader, og vegen tilbake har vore lang.

    Søndag markerte ho comebacket i startoppstillinga på best mogelege måte. 12 minutt før full tid fekk Chelsea straffe då ballen trefte handa til ein City-spelar etter at innbytar Sophie Ingle hadde avslutta frå fin posisjon.

    Frå kritmerket fekk Mjelde sjansen, og 32-åringen svinga ballen sikkert opp i krysset bak City-keeper Ellie Roebuck.

    Scoringa var kampens andre. Tre minutt før pause var Guro Reiten tilretteleggar då Fran Kirby sende Chelsea i leiinga på enklaste vis. Gjestene var helt utspilt ved den anledninga.

    Mjelde og Reiten blei tatt av banen med høvesvis tre og fire minutt igjen å spele av ordinær tid. Julie Blakstad starta kampen på Manchester Citys benk, men blei sendt på banen fem minutt før slutt.

    Maren Mjelde
    Foto: ANDREW COULDRIDGE / Reuters
  • Verdenslaget avgjorde - ingen Ruud-kamp

    Frances Tiafoe fra USA sikret seier til verdenslaget i Laver Cup, etter å ha slått Stefanos Tsitsipas i det som endte med et såkalt «super-tiebreak» - første mann til 10 poeng.

    Dermed får ikke Casper Ruud muligheten til å avgjøre i den oppsatte sistekampen for Europa-laget i London. Verdenslaget vant totalt 13-8, og tok turneringsseieren for første gang.

    Laver Cup
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters
  • Verdenslaget tok ledelsen

    Felix Auger-Aliassime slo Novak Djokovic med 2-0 i sett i Laver Cup, og sendte med det verdensaget opp i 10-8-ledelse over europalaget. Casper Ruud er satt opp til å spille Europas siste kamp søndag, men om Frances Tiafoe slår Stefanos Tsitsipas i neste kamp, er verdenslaget sikret seieren i turneringen.

    Tennis
    Foto: ADRIAN DENNIS / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 62 klipp
Sport
Spiller nå
Haaland om anklagene mot City-eierne: – Drøye ord 01:20
Neste