Hopp til innhold

Kontrakt avslører: Jenssen må betale femsifra beløp for å satse – «tigg» til klubben kvart år

VAL DI FIEMME (NRK): Kvart einaste år avlegg Jan Thomas Jenssen Hommelvik IL eit viktig besøk. Han må ha pengar for å vere ein del av satsinga på det nest øvste nivået i norsk langrenn. Kvar gong har klubben stilt opp med eit femsifra beløp.

Sgw18S-RoSE

KLAR FOR SISTE TOUR-HELG: Sjur Røthe (venstre) og Jan Thomas Jenssen, her utenfor den norske smøretraileren et steinkast fra skistadion i Val di Fiemme torsdag.

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

Det synest Team Veidekke Midt-Noreg-løparen er problematisk på mange måtar.

– Eg tiggar, eg. Til både lokalmiljøet og klubb. Klubben min må ut med utruleg mange tusen kroner. I Hommelvik IL har vi både senior- og junioropplegg for alle. Så at dei må prioritere bort, eller bruke mindre pengar på andre utøvarar, for at eg skal ha pengane, det er synd, seier Jenssen.

Han er på plass i Val di Fiemme for den siste helga i årets Tour de Ski og er svært engasjert når han snakkar om temaet.

RdoqIk_g1eI

TOUR-DEBUTANT: Jan Thomas Jenssen er på ein 18. plass i touren samanlagt, snaue tre minutt bak leiande Aleksandr Bolsjunov.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpi

– For å få dette til å gå rundt, så må eg ha pengar. Eg drar på samling og skirenn. Kostnaden blir utruleg høg til slutt, seier Jenssen, som reknar med at han og klubben må ut med rundt 60.000 kroner for å vere del av regionlaget.

Ber skiforbundet hjelpe meir

Anne Kjersti Kalvå i den norske dametroppen i touren er til vanleg på same lag som Jenssen. Ho reknar med at ein utøvar på laget hennar må ut med cirka 80.000 kroner sjølv, eller må gå til klubben for å få det dekt, kvart einaste år.

– Det er minimum. Og det er mykje pengar over lang tid, seier Kalvå til NRK.

UmhVCN2sgD8

FORSTÅR JENSSEN: Anne Kjersti Kalvå, her avbilda under Tour de Ski i år.

Foto: Terje Pedersen

Begge to foreslår no at skiforbundet bidrar med endå meir økonomi inn i regionlaga.

I år er det inga normal rekruttlandslagssatsing. I staden går Noregs nest beste langrennsløparar på regionlaga som er eigde av skikretsane.

Skiforbundet er med i styringsgruppene og har hjelpt med å finansiere laga, spesielt gjennom avtale med Veidekke. Men trenarane har ikkje noko tilsetjingsforhold til skiforbundet.

Betaler «inngangsbillett», reiser og opphald

Men kvardagen som Noregs nest beste løparar – rett under eliten – er langt frå enkel.

NRK fekk tidlegare i år tilgang på ein utøvarkontrakt for regionløparane som representerer Midt-Noreg, laga Jenssen og Kalvå er ein del av.

  • Der eliteutøvarane får inngå privatavtalar med leverandørar av såkalla racingutstyr, som hanskar og stavar, er situasjonen ein annan for regionløparane. Dei må støtte lojalt opp om felles utstyrsleverandørar.
  • Dei forpliktar seg til å støtte lojalt opp om enkelte av sponsorane til forbundet- og skikretsen. Utøvarane på regionlag forpliktar seg òg til å vederlagsfritt stille opp på åtte marknadsoppdrag per sesong.
  • I tillegg kjem det fram av kontrakten at løparen må dekke inngangsbilletten på 40.000 kroner. I tillegg til dette lagar teamet eit tilbod som gjeld reise- og bukostnader i sesong.
  • I eit Team Veidekke-lag i Midt-Noreg får ein regionløpar heiltidstilsett trenar, betalte samlingar fram til sesongen byrjar og smørjeteam og støtteapparat i sesong.

Fleire har imponert

I år har regionlaga vore ein stor suksess.

Men det kunne kanskje vore endå betre og gått mindre utover økonomien i klubbane?

Magni Smedås har i alle fall fått sjansen i verdscupen på damesida. På herresida er det endå fleire. Håvard Solås Taugbøl, Gjøran Tefre, Pål Trøan Aune og Martin Løwstrøm Nyenget har alle konkurrert blant den ypparste eliten.

Kalvå har gått nesten kvar einaste helg. No har òg Jenssen fått sjansen i Tour de Ski.

Endrar tilbake

Men til våren går skiforbundet tilbake til den modellen der dei tar ut eit lite rekruttlandslag med rundt seks løparar av kvart kjønn. Det har det øvste organet, nemleg langrennskomiteen, bestemt.

Den løysinga er både Kalvå og Jenssen heilt usamde i. Dei meiner dei regionale teama bør representere det nest øvste nivået av norske langrennsløparar, og at meir pengar må setjast inn der.

Det meiner dei det er fleire grunnar til.

Jenssen peikar på at det til dømes har vore meir rettferdig i uttak til verdscup no som det ikkje er eit lite rekruttlandslag som får førsteprioritet.

HV0wKqyTJrw

FOKUSERT: Jan Thomas Jenssen, her under trening i italienske Toblach denne veka.

Foto: Terje Pedersen / NTB scan

Det gir fleire moglegheita til å slå seg inn i den ypparste eliten i staden for at nokon blir forfordelte basert på kva lag dei er på.

– No stiller alle herreløparar på lik linje til alle uttak. Det skal ikkje vere sånn at ein rekruttlandslagsløpar skulle vore føre meg i køen berre fordi han var på det laget. No har ingen fordeler av det.

– Eg har snakka med folk på alle regionlaga. Dei er stornøgd med korleis det er no. Eg ser heller ikkje nokon grunn til å splitte opp Veidekke-laga og ta dei gode løparane vekk frå regionane. Dei vil i så fall bli veldig svekka, seier Jenssen.

– Gi blaffen i rekrutt

Når NRK spør Kalvå om skiforbundet bør bidra meir, svarer ho at det no har vore eit særs bra sportsleg opplegg, bra støtteapparat og smørjeteam.

– Det einaste minuset er det økonomiske. Vi har lite pengar. Vi må ut med mykje sjølv. Sidan lagnamnet er namnet på ei bedrift, er det vanskeleg å få inn lokale sponsorar. Så eg synest dei skulle hatt eit bra elitelag, gitt blaffen i rekruttlaget og satsa på region. Gitt meir pengar til dei og fått den lokale støtta rundt.

– Eg synest det er rart skiforbundet ikkje er villige til å spytte inn meir når dei ser vi slit med lokale sponsorar. Det er så vidt vi klarer oss, seier Jenssen.

cdbiaVx99Ls

LANGRENNSSJEF SJEF: Espen Bjervig, her avbilda under langrennsopninga på Beitostølen i november.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Samd med utøvarane

Langrennssjef Espen Bjervig er naturlegvis fullstendig klar over at regionløparane må betale for delar av satsinga sjølv.

Han påpeikar at laga dei er med på er eigde av kretsane, og skiforbundet støttar dei med rundt ein million kroner per lag gjennom avtalen med Veidekke. Likevel har han forståing for at Jenssen og Kalvå foreslår det dei gjer.

– Men slik det er no, med store elitelag, så kan ein diskutere føremålet med eit rekruttlag. Men no skal vi ha eit meir spissa elitelag, så blir det viktig å ha eit rekruttlag for dei som er på veg oppover for å vere tett på dei og få matcha dei mot elitelaga.

– Det er litt både òg. Eg er heilt samd med begge to. Og hadde vi hatt økonomi til det, så skulle vi ønske at dei ikkje skulle betale eigendel, seier Bjervig.

Siste nytt

  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Forskere frykter hetebølge i Paris-OL

    Studier viser at det kan bli krevende temperaturer for utendørsutøverne i sommerens OL. Den norske troppen tar alle forholdsregler.

    Hanne Staff opplyser at det er tall og analyser som tilsier at det kan det bli varmere enn i Tokyo-OL for tre år siden.

    – Vi må virkelig ta det på alvor i forberedelsene, men jeg opplever at vi har lært mye fra Tokyo. Vi har lagt gode planer, sier Staff til NTB.

    Hun er leder for prestasjon og utvikling på Olympiatoppen.

    Tidligere i år ble det publisert en studie av tidsskriftet Npj Climate and Atmospheric Science, som undersøkte risikoen for at temperaturen i Paris kan overgå rekorden som ble satt i fjor. Den konkluderte med at det er en «ikke ubetydelig risiko». Franske helsemyndigheter har opplyst at hetebølgen i 2023 forårsaket 5000 dødsfall.

    Også det europeiske værbyrået ECMWF sine prognoser peker mot en varm sommer – muligens den varmeste siden 2017, ifølge instituttets april-prognose. Bakteppet er at 2023 var blant de varmeste årene noen gang registrert.

    En talsperson fra OL-arrangøren i Frankrike har tidligere uttalt til AFP at hetebølger og ekstremvær er faktorer de tar med i betrakningen og som de forbedereder seg så mye som mulig på for å iverksette nødvendige tiltak.

    Blant tiltakene er enten tidlig eller sent tidspunkt for konkurranser for å unngå den verste varmen. Det gjelder idretter som friidrett, sandvolleyball og tennis. (NTB)

    Hanne Staff på mediemøte 100 dager til OL
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Medaljesjanse glipper trolig for Norge i OL

    En medalje ville vært innen rekkevidde for Norge med Casper Ruud og Ulrikke Eikeri i mixed double i tennis i Paris-OL, men det ligger dårlig an.

    Utfordringen er at om man skal delta i mixed double, må man fra før være kvalifisert til enten single- eller doubleturneringen.

    – Det er en liten sjanse, men den er der, sier Fredrik Lovén til NTB.

    Han er landslagsansvarlig i Norges tennis- og padelforbund.

    For at Ruud/Eikeri skal bli en realitet i Paris, bør Eikeri spille seg til en plass innenfor topp ti på doublerankingen. Da vil hun umiddelbart være kvalifisert, men hun trenger da en landsvenninne innenfor topp 300 på en av rankingene.

    Malene Helgø er for øyeblikket på 388.-plass på singlerankingen. Etter det vil OL-plassene fordeles etter den kombinerte rangeringen til de to double-spillerne.

    31 år gamle Eikeri er for øyeblikket på 26.-plass på doublerankingen etter et knepent finaletap i Stuttgart søndag.

    I Tyskland pådro dessuten Eikeri seg en skade som gjør at hun blir på sidelinjen i en kort periode.

    Det er kun 16 lag som stiller i mixed double-turneringen i OL.

    – Ruud/Eikeri ville utgjort en stor medaljemulighet?

    – Ja. Det viste de i United Cup i desember (slo Kroatia). Casper spiller egentlig ikke double eller mixed spesielt ofte, men er man god i tennis, pleier det å fungere i double òg, sier Lovén.

    Eikeri har blant annet spilt finalen i Roland-Garros i mixed double. På WTA-touren har hun tre doubletitler.

    Verdensrankingen 10. juni bestemmer hvilke utøvere som kvalifiserer seg til sommerens leker.

    (NTB)

    Casper Ruud
    Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal