Konkurrentane spår krise og ekstrem norsk dominans: – Det blir stygge resultatlister

Gapet mellom Norge og konkurrentane blir større etter fluorforbodet, trur Tsjekkias landslagstrenar i skiskyting. Dorothea Wierer fryktar at sporten vil miste fleire nasjonar.

Gjelland, Eckhoff og Wierer

BRUTAL SESONG: Tsjekkias landslagstrenar, Egil Gjelland, ser mørkt på å møte Tiril Eckhoff og Norge i sporet til vinteren. Dorothea Wierer spår dramatiske konsekvensar dersom det blir tøffare for små nasjonar å komme på pallen.

Foto: NTBScanpix

– Det blir stygge resultatlister om ein skal sjå det med utanlandske auge. Vi må ta grep, seier Tsjekkias landslagstrenar Egil Gjelland.

Det er stor uro i skiskyting før fluorforbodet slår inn til vinteren. Testapparatet som skal avdekke fluorjuks, fungerer ikkje per dags dato.

I tillegg fryktar fleire av Norges konkurrentar at det blir endå tøffare å komme på pallen. Tsjekkias landslagstrenar går lengst, og spår resultatkrise.

– Om andre skal minske gapet til Norge, må dei finne på lure ting, seier Gjelland.

Fare for bredden

Verdas beste skiskyttar, Dorothea Wierer. meiner at utfallet av større norsk dominans kan bli svært dramatisk.

– Faren er at vi mistar dei små nasjonane. Det er viktig for sporten at det ikkje bare er dei store landslaga som kan kjempe om ein plass på pallen, seier italienaren til NRK.

Italia er ein liten skiskyttarnasjon med mindre budsjett enn Norge, Tyskland, Frankrike og Russland.

– Dei minste nasjonane har større utfordringar, mindre pengar og mindre kunnskap. Fluorforbodet er bra for miljøet, men det er ikkje sikkert det er det beste for bredden, seier Tarjei Bø.

Meiner andre prioriterer feil

Bekymringa er at det blir verre å lage raske ski utan fluorsmurning. Utan det ulovlege produktet blir kravet til riktig preparering langt viktigare.

På det området er Norge i stand til å knuse resten med si erfaring, meiner både Gjelland og Bø.

– Fluor fungerer sånn at dersom du slenger den på skia så er skia bedre uansett. No står du igjen med riktig sliping av skisålen og bruk av andre gliprodukt. Då trur eg at vi blir betre, seier Bø.

Sliping av ski har vore Norges spesialitet i langrenn sidan 80-talet.

Og der Norge har åtte smørarar som jobbar minst ti månader i året, har for eksempel Italia fem smørarar som bare jobbar frå november til april.

Norges smøresjef Tobias Dahl Fenre meiner fleire rivalar er for dårlege til å prioritere smøreteama.

– Det blir fort siste post på budsjettet i andre nasjonar. Det er heller ikkje mange år sidan Norge sleit med å få skia til å gli, men nøkkelen blei å samarbeide på tvers av skigreinene. I tillegg heva vi statusen til smøraren i systemet og sette krav til fysisk form, seier Fenre.

Tarjei Bø

TRUR PÅ NORGE: Tarjei Bø meiner at det norske smøreteamet har større erfaring enn dei andre og at krava til god preparering av ski blir endå større til vinteren.

Foto: Berit Roald

Vil ikkje stele folk frå Norge

Til vinteren kan Norge utklasse konkurrentane på tung og våt snø, trur Gjelland. Han får støtte av Italias smørjesjef Giacomo Tiraboschi.

I mellomtida jobbar Tsjekkias landslagstrenar hardt for å kopiere den norske suksessmodellen, men han vil ikkje prøve å lokke skiskyttarlandslagets smørarar med betre lønn enn dei har i dag.

– Å stele folk frå eit godt utarbeida system og lokke dei inn i noko anna, har vi ikkje kultur for, seier Gjelland.

– Kan det hende at skiskyting blir mindre spennande og vi får færre nasjonar, som i langrenn?

– Om det skjer er det eit uheldig utfall, seier Johannes Thingnes Bø.

– Eg får ikkje håpe det. Skiskyting har jo hatt stor suksess med å dyrke spenning, seier Tarjei Bø.

VM skiskyting 2019. Smøretraileren til Norge.

SMØRESJEF: Tobias Dahl Fenre meiner fleire nasjonar nedprioriterer eit godt smøreteam.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Siste nytt

  • Lokalavis tror på Haaland-comeback

    Borussia Dortmunds Erling Braut Haaland kan være tilbake i spill mot Mainz lørdag og skyte klubben til tabelltoppen. Den vanligvis velinformerte lokalavisen Ruhr Nachrichten har Haaland inne i sin sannsynlige lagoppstilling.

    Haaland pådro seg en skade i en lårmuskel etter et sammenstøt med Mats Hummels på trening. Dette satte ham utenfor i noen uker, og Haaland sto over både klubb- og landskamper.

    Bundesliga - Borussia Dortmund v 1. FC Union Berlin
    Foto: Leon Kuegeler / Reuters
  • Karamarinov valgt igjen

    Bulgareren Dobromir Karamarinov er valgt til president i Det europeiske friidrettsforbundet (EA).

    Han har fungert i rollen etter at nordmannen Svein Arne Hansen ble syk og senere døde i 2020. Hansen var president i perioden 2015-20.

    61-årige Karamarinov ble valgt uten motkandidat. Han er forbundets sjette president, skriver NTB.

    Minnestund for Svein Arne Hansen
    Foto: Berit Roald / NTB
  • E-sporten trakk NIF-søknaden

    E-sportforbundet har satt søknaden om å bli medlem i Norges idrettsforbund på vent. Det bekreftet idrettspresident Berit Kjøll i sin tale til det ekstraordinære idrettstinget lørdag.

    – Norges e-sportforbund leverte en søknad om opptak som særforbund til behandling på idrettstinget. I ettertid har det nye styret i forbundet konkludert med at de ikke er helt klare til å søke om medlemskap ennå, sa hun og la til:

    – Det tingoppnevnte utvalget fortsetter arbeidet med tanke på en ny og bedre søknad om opptak på idrettstinget 2023.

    Kjøll
    Foto: Terje Pedersen

Sendeplan

Kl. Program Kanal