– Unnskyld. Eg har ikkje stemme igjen. For ein draum. For ein draum, seier Kongsvinger-trenar Luis Pimenta til NRK.
– Eg er så stolt av gutta. Vi har jobba så hardt kvar dag. Gutta har hatt trua på at dei kan slå alle, legg han til.
Gledestårene rann då Pimenta sprang ut på bortebanen der Kongsvinger i utgangspunktet skulle vere sjanselause.
Aldri før hadde Strømsgodset tapt ein cupsemifinale før dei møtte laget som i fjor spelte andredivisjonsfotball.
Strømsgodset stilte med sju strake semifinale-sigrar før Kongsvinger møtte til kamp på Marienlyst.
Skuffa Skullerud: – Vi slapp inn billege mål
To gangar sjokkerte gjestene Strømsgodset. Sjokka var nok til å sikre Kongsvingers første cupfinaleplass i klubbhistoria.
– Det er skuffande. Vi starta bra, men klarte aldri å skape nok sjansar. Vi slepp inn ganske billege mål. Det er tungt å svelge, seier Strømsgodset-trenar Tor Ole Skullerud.
Like etter pause kom den første kalddusjen for Strømsgodset.
***55 min: Fredrik Mani Pålerud lurte Godsets offside-felle, dempa framspelet elegant og dunka inn 1-0 aleine med keeper.
I mellomtida scora Tokstad for Strømgsgodset, og faren for at raudtrøyene ikkje skulle klare det sensasjonelle var plutseleg tilstades.
Sjå Godset-scoringa her:
– No skal vi ta Rosenborg
***73 min: Ørjan Røyrane er sistemann på ballen etter eit Kongsvinger-frispark, og sendte bortefansen til himmels.
– Det var utruleg deilig. No skal vi ta Rosenborg også, seier matchvinnaren.
Røyranes scoring vil også stå i historiebøkene som målet som sendte Kongsvinger til sin første cupfinale gjennom tidene.