Konfronterte Solskjær-kritikarar: – Ole ut? Kvifor det?

Diskusjonen om Ole Gunnar Solskjær er rett mann for Manchester United har blussa opp igjen etter nok eit bortetap. Men fleire tek også nordmannen i forsvar.

Solskjær/Ferdinad

FORSVARAR: Rio Ferdinand er ikkje samd med ei av fansen som meiner at Ole Gunnar Solskjær bør få sparken i Manchester United.

Foto: Reuters/AP /

– Ole ut? Kom igjen, kor kjem det ifrå?

Den tidigare United-spelaren og lagkompisen med Solskjær, Rio Ferdinand, gjekk i full konfrontasjon med supporterane etter 2-0-tapet mot West Ham i London søndag.

I bilen på veg ut av stadion stoppa Ferdinand opp midt inne blant supporterane som stod og diskuterte den siste nedturen. I videoen, som han har publisert på Instagram, går Ferdinand ut og støttar Solskjær:

Her er det tydleg at 40-åringen, som sjølv starta fotballkarrieren i West Ham, ikkje delar den delen av supporterane som meiner at Solskjær sin dagar på Old Trafford burde vere over.

– Å byte leiar kvar veke, er det det alle vil ha? Du får eit dårleg resultat og du endrar det? For to veker sidan, såg eg ikkje folk sei; «Å vi vil ha Ole ut.»

– Kva no har det endra seg etter to veker? Kom igjen folkens. Det er uomtenksomt. Nokon gonger må du berre la ting få sette seg, sa han frå bilvindauget.

Dårleg statistikk

Men sjølv om Ferdinand tek sin tidlegare lagkompis i forsvar, er det ikkje tvil om at supporterane byrjar å bli utolmodige. United har hatt ein av sin tyngste sesonginnleiingar, spesielt på bortebane.

Vi må tilbake til 27 februar sist laget tok ein siger på bortebane i Premier League.

Forgjengaren José Mourinho gjekk etter kampen i går hardt ut mot det han såg United presterte på bana.

José Mourinho

IKKJE IMPONERT: Tidlegare United-manager José Mourinho var ikkje imponert over det laget presterte mot West Ham.

Foto: Carl Court / AFP

– Ein trist kamp. Dei mangla alt, var dommen frå Mourinho som søndag var innleigd som ekspert for Sky Sports.

På sine 36 obligatoriske kampar etter at nordmannen kom til United i desember i fjor står han bokført med 19 sigrar, seks uavgjort og 11 tap.

Det gir ein sigersprosent på 52,8 prosent.

Til samanlikning har forgjengarane følgjande statistikk frå obligatoriske kampar:

  • José Mourinho: 84 sigrar, 32 uavgjort og 28 tap på sine 144 kampar. (58,3)
  • Louis van Gaal: 54 sigrar, 25 uavgjort og 24 tap på sine 103 kampar. (52,4)
  • David Moyes: 27 sigrar, ni uavgjort og 15 tap på sine 51 kampar. (52,9)

Auka press

Dag Langerød

PRESS: United-redaktør Dag Langerød trur Ole Gunnar Solskjær kjenner på presset om dagen.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Sjølvsagt opplever han eit press no, og det har nok kanskje auka litt dei siste to vekene. Men det er inga løysing og kvitte seg med manageren, seier Dag Langerød, som er redaktør for Manchester United sin skandinaviske supporterklubb.

Og han føler seg trygg på at styret og eigarane framleis vil gi nordmannen tid til å bygge laget vidare.

– Det var eit bevisst val når dei gav han jobben, og dei har jo bomma alle gongar før. Dette er eit større prosjekt og då må ein tole få eit par slag i trynet, sjølv om fansen blir frustrerte.

Og det var også ein skuffa, men likevel optimistisk, Solskjær som møtte pressa etter tapet i går.

– Eg er skuffa over at vi ikkje vann i dag, men bortsett frå det er eg positiv. Eg har sagt mange gonger det vil vere høgdepunkt og nedturar. Vi har hatt nokon høgdepunkt undervegs, og i dag må vi berre akseptere at vi ikkje får poeng og ser fram til neste veke, sa Solskjær til BBC etter kampen i går.

Siste nytt

  • Manglerud Star slo Storhamar

    Storhamar ledet komfortabelt 2-0 mot Manglerud Star, men rotet bort to poeng i eliteserien i ishockey tirsdag. Manglerud Star vant 3-2 i forlengning og skaffet seg med det to poengs luke til bunnlaget Grüner.

    RtN2ou1hlu8
    Foto: Berit Roald
  • Forlenger avtalen med Kristoffersen

    Utstyrsleverandøren og skiprodusenten Rossignol forlenger sin langvarige samarbeidsavtale med Henrik Kristoffersen frem til Beijing 2022, heter det i en pressemelding.

    Henrik Kristoffersen i Kranjska Gora, Slovenia
    Foto: BORUT ZIVULOVIC / BORUT ZIVULOVIC
  • Haver-Løseth står over i Sölden

    Alpinist Nina Haver-Løseth velger å ikke stille til start i storslalåm i alpinistenes sesongstart i Sölden til helgen. Sunnmøringen, som var skadet mye av fjorårssesongen, forteller til NRK at hun har brukt mest tid på slalåm i forberedelsene og hun trenger derfor litt bedre tid før hun stiller i storslalåm. – Jeg venter med å stille i storslalåm til Killington (30. november). Det gir meg også mer treningsro til åpningen i Levi, sier hun.

    Den offisielle VM-genseren 2019 fra Dale Norway lanseres
    Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal