NRK Meny
Normal

Kommentatorbu totalskadd av brann

Ei kommentatorbu ved hoppbakken i Midtstubakken vart totalskadd av brann onsdag kveld. - Hadde ikkje brannen blitt opdaga så tidleg, kunne det gått skikkeleg gale med fleire kommentatorbuer, seier brannvesenet.

Brann i Midtstubakken

Brannvesenet og sjukebil var på plass etter kort tid, men da var allereie faren over

Foto: Anders Øfsti / NRK

Det innleigde vaktselskapet oppdaga brannen tidleg og klarte å sløkke før brannbilane kom til. Brannvesenet rykte ut med to brannbilar og ein røykdykkerbil.

- Vi har gode overvakingskamera og hadde nok opdaga det tidleg i alle fall. Men det var trass alt godt skaden ikkje vart større, seier tryggingsansvarleg Steinar Heid til NRK.

Panelovn i bua

Brann i Midtstubakken

Kommentatorbua vart totalskadd

Foto: Anders Øfsti / NRK

Ifølgje brannvesenet starta brannen truleg i ein panelovn. Kommentatorbua er heilt utbrend og kan ikkje lenger brukast, brannvesenet er redd for giftige gassar og for ulming. Dei går også gjennom alle leidningane for å forsikre seg om at det ikkje er skader som er brannfarlege.

Får ny bu

Men sveitsisk radio skal ikkje stå på berr bakke. I morgon blir ei ny bu henta ned frå Holmenkollbakken.

Det skal vere trening i bakken i morgon, og kvalifisering og renn fredag og laurdag.

Og brannen var uansett i god avstand frå Arne Scheies kommentatorbu.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien fotball: Sarpsborg 08 - Odd