Ex-Newcastle-spelar kollapsa og døydde på trening

Cheick Tioté kollapsa på trening for sin kinesiske klubb, og døydde seinare på sjukehuset.

Cheik Tiote

FALL OM: Cheick Tioté kollapsa på trening og døydde på sjukehuset kort tid etter

Foto: JAVIER BARBANCHO / Ap

I ettermiddag stadfesta hans agent det tragiske dødsfallet til den 30 år gamle tidlegare Newcastle-midtbanespelaren.

Han fall om på trening for sin klubb Beijing Enterprises og vart straks send til sjukehus. Men der makta dei ikkje å berge livet til 30-åringen.

Tiote spela over 150 kampar og seks sesongar i Premier League for Newcastle. Før det var han mellom anna i belgiske Anderlecht og nederlandske Twente.

Han fekk også 52 landskampar for Elfenbeinskysten, og deltok i VM både i 2010 og 2014. Han vann også Africa Nations Cup med heimlandet sitt i 2015, sjølv om han misrta finalen på grunn av skade.

I februar i år forlèt han Newcastle og Premier League for å reise til Kina.

Hans lagkamerat i Newcastle minnest Tiote på Twitter i ettermiddag:

Laster Twitter-innhold

Også andre har sendt minneord:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Brøt Carlsen reglene?

    I sjakk er det ikke lov å røre en brikke uten å flytte den, med mindre du sier j'adoube først. Carlsen rørte en brikke i det tredje VM-partiet. Se og bedøm selv.

  • Narvik innstilt som norsk VM-søknad

    Narvik ble mandag innstilt av Norges Skiforbund sin arbeidsgruppe som kandidat til å søke alpin-VM i 2027. Den andre kandidaten var Kvitfjell/Hafjell.

    Alpin-NM i Narvik
    Foto: Jan-Arne Pettersen

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sjakk: Parti 3
VM sjakk: Parti 3 Magnus Carlsen - Fabiano Caruana
VM sjakk: Parti 3: Magnus Carlsen - Fabiano Caruana