Kobe Bryant og dottera omkom i helikopterkrasj: – Ein heil generasjons største idrettshelt

Basketlegenda Kobe Bryant (41) omkom i ei helikopterulykke i California søndag. Det stadfestar politiet i Los Angeles. Også dottera hans omkom.

Bryant

LEGENDE: Kobe Bryant omkom i ei helikopterulukke i California søndag.

Foto: NTB / SCANPIX

Ifølgje TMZ omkom han då hans private helikopter styrta i åsane ved Calabasas i California. Han var om bord saman med åtte andre personar. Ingen av dei overlevde.

Det lokale politiet stadfestar seint søndag kveld at også Kobe Bryants 13 år gamle dotter Gianna er blant dei omkomne. Ho var på veg til basketballkamp. Det var også ein av hennar lagkameratar og ein forelder.

Laster Twitter-innhold

Augevitne fortel til TMZ at dei høyrde helikopter-maskina fuske før styrten.

Det var skodde i området då helikopteret styrta og tok til å brenne, skriv Los Angeles Times.

Ifølge avisa skjedde ulukka like før klokka 10 lokal tid (19 norsk tid) i dag.

Krasjet førte til ein brann som gjorde det vanskeleg for redningspersonellet, seier ein talsmann for den lokale sheriffen til avisa.

Folk samlet seg ved ulykkesstedet i Calabasas i California og sørget over basketballstjernen, Kobe Bryant. Foto: AP

Folk samla seg ved ulykkesstaden i Calabasas i California og sørgde over basketballstjerna, Kobe Bryant. Foto: AP

Meldinga om dødsfallet har vekt sorg og reaksjonar over heile verda. Både president Donald Trump og hans forgjengar Barack Obama har uttrykt sorg.

Laster Twitter-innhold

Fem personar om bord

Ein annan politimann sa til reporterar at det enno ikkje er klart om piloten rakk å kontakte nokon over radio.

Det var ingen hus i området der helikopteret fall ned.

Arnstein Friling, sportskommentator for Viasport, sier at Kobe Bryant var en helt spesiell idrettsutøver.

Arnstein Friling, sportskommentator for Viasport, seier at Kobe Bryant var ein helt spesiell idrettsutøvar.

Politiet sa rett etter ulukka at det var fem personar om bord i helikopteret, men ikkje kven dei var. På pressekonferanse seinare søndag kveld opplyste dei at totalt ni menneske var omkomne.

Laster Twitter-innhold

Det var tjukk tåke i Los Angeles i morgontimane søndag lokal tid. Været var så dårleg at politiets helikopter hadde fått flyforbod. Likevel letta Bryants private helikopter frå John Wayne-flyplassen sør for Los Angeles 09.06 lokal tid søndag. Det hadde vore i lufta i cirka 40 minutt før noko skjedde, skriv LA Times.

CNNs meteorolog fortalde at lufta var som "suppe" på grunn av at den relative luftfuktigheten var 100 prosent.

– Værforholdene var ikkje gode nok til at man kunne fly, seier ein talsmann for Los Angeles-politiet Josh Rubenstein til CNN.

Trass i det dårlege været er det ikkje fastslått kva som var årsaka til at helikopteret styrta.

– Eit ikon

Kobe Bryant
Foto: Mark Ralston / AFP

– Eg er heilt sjokkert. Det er kjempetrist. Han har betydd enormt for basketballen. Dette kjem til å prege NBA i lang tid framover. Han var eit ikon, rett og slett, seier basketekspert Frederik Gnatt til NRK.

Gnatt meiner Bryant er ein av dei aller største og ikoniske basketballspelarar.

– Det er veldig få som er like populære som han. Det er Michael Jordan og eit par andre. Han har spela for ein kjempeklubb og vunne masse. Han har ein fanskare nesten ingen andre kan måle seg med, seier Gnatt.

– Han har betydd enormt mykje, både for den generasjonen NBA-spelarar som spelar i NBA no, og også for i Noreg og Europa. Han har vore med på å gjere basket frå ei amerikansk greie til ein global greie. Han er den mest populære spelaren blant alle eg kjenner i det norske basketballmiljøet.

Også Viasats basketball-ekspert Arnstein Friling hyller den nå avdøde legenda:

– Eg trur dei fleste såg noko i Kobe Bryant som både imponerte dei og som gjorde dei livredde. Han var ein sånn motstandar som var så god at du visste at her var du i trøbbel, fortel Friling på Nyhetsmorgen måndag.

Etter at Bryant la opp i 2016 markerte han seg på fleire område. I 2018 vann han Oscar for den animerte kortfilmen om boka hans – «Dear Basketball».

– Han hadde ein del eigenskapar som inspirerte folk. Han slo igjennom samtidig som internett i 95–96 og vart den største idrettshelten for ein heil generasjon. Viss du var på den riktige alderen då var Kobe Bryant «the man», fortset Viasat-eksperten.

– Det kan ikkje vere sant, seier Luka Doncic. Slovenaren spelar for laget Dallas Mavericks. Han er ein av NBA-stjernene som er i stor sorg etter ulykka.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Gratulerte LeBron James i siste tweet

Blomsterkrans etter Kobe Bryants død
Foto: Frederic J. Brown / AFP

Kobe Bryant spela i NBA frå 1997 til 2016, så å seie heile karrieren for Los Angeles Lakers, og er rekna for å vere ein av dei største basketspelarane i historia. Han var på all star-laget 18 gonger i sine 20 år i Lakers.

To gonger var han toppscorar i NBA. Han tok også to OL-gull.

Då dødsfallet blei kjent, tok folk til å strøyme til Staples Center, hans heimearena i heile Lakers-karrieren.

Laster Twitter-innhold

Bryant er med sine 33.643 poeng på fjerdeplass på NBA-statistikken til alle tider. Så seint som i går var han nummer tre. Då blei han passert av ein annan legende, LeBron James, som gjekk opp på tredjeplass.

Det gjekk ikkje Bryant hus forbi. Han sende denne tweeten då James' resultat var eit faktum – truleg den siste tweeten Bryant rakk å sende:

Laster Twitter-innhold

Han lèt etter seg seg kona Vanessa og tre døtrer. Den siste fekk han så seint som i fjor haust.

Interessa for meldinga om Bryants død var så stor at Twitter ikkje greidde å ta unna trafikken rett etter at nyheita blei kjend. Det har rent inn med meldingar på Twitter frå andre kjende idrettsutøvarar og lag:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Martial redda uavgjort for United

    Anthony Martial scora eit svært viktig bortemål for Manchester United mot Club Brügge i 16-delsfinalen i Europaligaen mot Manchester United. Den belgiske klubben starta best og tok tidleg leiinga ved Emmanuel Dennis etter 15 minutt. Solskjærs menn tok seg opp utover kampen og etter 36 minutt sette Martial iskaldt inn utlikninga. United pressa på og var nærmast sigeren mot slutten, men har likevel skaffa seg eit godt utgangspunkt for avansement før heimemøte på Old Trafford.

    Anthony Martial
    Foto: JOHN THYS / AFP
  • Jumbolaget slo Oilers

    Oslo-laget Grüner overraska heile Hockey-Noreg da dei slo serievinnar Stavanger Oilers 4-3 torsdag. Grüner ligg heilt desidert sist i serien med heile 27 poeng opp til Manglerud Star på plassen over. Likevel klarte dei altså å ta skalpen til Oilers som alt har vunne serien denne sesongen.

    Gruner
    Foto: Annika Byrde / Annika Byrde
  • Noreg til semifinale i bandy-VM

    Dei norske bandykvinnene var sjanselause mot Sverige og tapte heile 11-1 på Frogner stadion. Likevel er dei klare for semifinale fredag. Motstandar der blir Russland, som Noreg tapte 2-0 for tidlegare torsdag. Sverige møter Finland i den andre semifinalen. Noreg starta VM med siger mot USA og Finland og klarte seg også greitt mot favoritten Russland. Sverige og Russland har møtt kvarandre i alle finalane i VM sidan meisterskapet blei arrangert for fyrste gong i 2004.

    Sverige mot Noreg på Frogner stadion i bandy-VM
    Foto: Fredrik Hagen / NTB Scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal