Norge var 17,3 poeng framfor Polen og Austerrike, som delte andreplassen.
– Dette var ei veldig positiv overrasking. Hopparane gjorde ein kjempejobb med å justere akkurat dei små tinga vi har prata om, seier ein glad landslagssjef Alexander Stöckl til NRK.
– Det var tekniske betre på alle fire, og då blei det eit kjemperesultat. Dette var heilt fantastisk.
– Kvifor er du overraska?
– Når verdscupen startar veit du aldri heilt kvar du står. I går låg vi litt etter. Det kjennest bra å vere beste nasjonen i verda, seier Stöckl.
Låg bak etter første omgang
Johann André Forfang og Daniel André Tande hadde to av omgangens beste hopp med 129,5 og 129 meter. Anders Fannemel landa på 127,5 og Robert Johansson på 121,5 i den siste omgangen.
Etter første omgangen låg Norge bak begge dei to etter første omgang, men berre 2,9 poeng skilde dei tre.
– Sesongen starta på best tenkelege måte. Eg er utruleg imponert over gutane som makta å heve seg det som var nødvendig, seier NRK-kommentator Johan Remen Evensen.
– I år har sommarjobbinga vore god nok. Det var det som var det store spørsmålsteiknet i fjor. Det gir mykje sjølvtillit å få den tilbakemeldinga allereie frå første renn, seier Evensen.
Daniel Andre Tande var den beste hopparen individuelt i dagens renn.
– Vi veit at han er den hopparen vi har med høgast potensial. I dag viste han at når teknikken sit og alt fungerer, er han beste skihopparen i verda.
I morgon er det sesongen første individuelle verdscuprenn, også det i polske Wisla.
– Den gler eg meg til. No kan vi ha fleire av dei norske blant dei aller beste, seier Evensen.