– Vi var gode i andre omgang. Då fekk vi ro med ballen, vi forsvarte oss godt, og fekk til kontringane. Men vi var heldige i første omgang, så ærlege må vi vere, seier Solskjær til TV 2.
– Måten måla kjem på, er vi nøgde med. Og vi held nullen. Harry var outstanding i begge boksar. Han har gjort akkurat det vi kjøpte han for, sa Solskjær til Sky Sports.
Han snakkar om forsvarskjempa Harry Maguire, som var innkjøpt like før overgangsvindauget stengde, og som berre har trene med laget fire-fem dagar.
– Gutane jobbar hardt, og dette er berre starten. No har vi masse sjølvtillit. Du kan ikkje drøyme om meir enn dette, seier Solskjær til BBC-programmet Match of the Day.
Det såg stygt ut i starten, men sesongpremieren enda i jubel og breie smil for Solskjær. Hans lag både scora fire gonger og heldt nullen mot Chelsea.
– Vi har mykje å forbetre enno. Men vi spela betre og betre utover i den andre omgangen.
– Skal gjere Old Trafford til eit fort igjen
– Det var ein kjempestart både for meg og for laget. Vi var nok litt heldige i første omgang, men i andre var vi klart best. Vi fortente sigeren, seier Maguire til Sky Sports.
I førre sesong heldt United nullen berre to gonger på heimebane. – Men no skal vi igjen gjere Old Trafford til eit fort igjen, seier han.
Chelsea starta med rutinerte Alonso, kante og Giroud på benken. Det reagerte tidlegare Chelsea- og United-manager José Mourinho på.
– Dei burde ha starta med meir rutine i ein kamp på Old Trafford, seier han.
Dei raude vann 4-0, den største ligasigeren heime på to år. Men det var det ikkje mykje som kunne tyde på etter første omgang. Visst leia United 1–0 ved pause, men det var på eit straffespark som kom totalt mot spelets gang etter eit drygt kvarter.
Kurt Zoumas klønete felling av Marcus Rashford var udiskutabel straffe, det slo VAR raskt fast. Rashford sjølv sette den knallhardt oppe i krysset.
Sterk Chelsea-opning
Til då hadde Chelsea eigd spelet, og Tammy Abraham trefte stolpen klokkereint før det var spela fire minutt. Like før pause gjorde Emerson det same. Marginane var heilt klart på Solskjærs side før pause.
– Dette var ikkje i nærleiken av nokon 4-0-kamp, sa Frank Lampard etter kampen.
Han måtte tole å sjå Chelseas største tap i sesongstarten nokosinne i klubbens 104 år lange ligahistorie.
– Vi kontrollerte første omgang og hadde to i stengene. Men vi gjorde fire tabbar som gav baklengsmål, seier Lampard, som må ta laget ein tur til Istanbul for å spele europeisk superfinale mot Liverpool onsdag.
United makta å ta kommandoen etter pause, og avgjorde kampen i løpet av 96 sekund midt i omgangen.
Først avslutta Anthony Martial ei kontring ved å setje innlegget frå Andreas Pereira i mål. Så viste Paul Pogba seg omsider fram med eit presis innlegg til Rashford, som blei tomålsscorar.
Debutant-scoring
Med 3–0 var løpet køyrt, og Chelsea-manager Frank Lampard mått berre innsjå at hans første konkurransekamp i den rolla gjekk mot ein fadese.
Ti minutt før full tid fekk også nyinnkjøpte Daniel James kome på scoringslista, etter berre åtte innbytar-minutt på bana. Han blei spela gjennom av Pogba og scora. Litt heldig, rett nok, ettersom ballen sneia ein Chelsea-spelar og sette keeper ut av spel. Men scoring i United-debuten var det uansett.
– Ole ba meg gjere meg klar for å kome innpå. Gå ut og ha det moro, sa han til meg, fortalde James.
– Eg har ikkje ord for korleis det er å kome innpå og score i debuten.
Solskjær var godt nøgd med debutanten.
– Det er hardt arbeid og dedikasjon. Han har fart, er dyktig, og har ein X-faktor. Han har hatt opp- og nedturar denne sommaren, men har jobba hardt. Eg er glad på hans vegne, seier Solskjær om James.
United har fri fram til bortekampen mot Wolverhampton neste måndag.
– Det er eit lag vi tapte mot to gonger på kort tid i vår. Den ser vi fram til, sa Solskjær.