– Ja, det er tøft. Men sånn er toppidretten. Det er brutalt, seier Ingrid Moe Wold.
Det er nemleg slik at berre dei tre beste nasjonane frå Europa i dette VM får delta i OL i Tokyo i Japan neste år.
Dermed må Noreg truleg minst ta seg til kvartfinalen, og truleg enda lengre, dersom dei skal sikre seg ein OL-billett.
– Vi veit det ligg der, men nålauget er trongt. Vi har sett oss som mål å ta medalje i VM og då får vi jo OL. Det hadde vore ekstremt kult å spele OL, så det er jo ein motivasjon i seg sjølv, meiner Maria Thorisdottir.
VM er viktigare
For om det norske laget skulle nå målsetjinga si, som er medalje i dette VM, vil dei også sikre billett til neste års OL. Men det er ikkje noko Caroline Graham Hansen tenker mykje på.
– For oss handlar det om kva vi kan oppnå i VM, og då er målet medalje. Så vil OL kome som ein bonus. Men for oss som fotballspelarar er VM det desidert største. OL er mykje mindre i forhold.
Og sjølv om landslagssjefen Martin Sjögren no ønsker at både laget og han sjølv skal fokusere mest på det som skjer i Frankrike, vedgår han at OL også var i tankane, då laget i januar bestemte seg for at målet i VM skulle vere medalje.
– Når vi målsetjinga vår, så er vi klar for OL. Det er klart vi skal strekke oss dit.
Han meiner at man burde vurdert å utvide OL frå 12 til 16 lag. Noko som då også kunne gitt fleire i Europa plass i dei olympiske leikane.
– Men det får vi ikkje gjort noko med, avsluttar Sjögren.
Beintøft
Noreg sitt damelandslag har deltatt i seks tidlegare OL. I 2000 krona dei det med olympisk gull. Men sidan 2008 har ikkje laget kvalifisert seg. I år er derimot nålauget trongare enn på mange år.
– Eg håpar. Trur, så gjere eg kanskje ikkje det. Det er så vanskeleg, seier NRK sin fotballekspert Carl Erik Torp.
Han peikar på at det er blitt så veldig mange gode nasjonar i Europa etter kvart at det vil bli beintøft og kvalifisere seg til OL for Noreg, slik systemet er no.
– Men det er ein mogelegheit og vi må gå for den. Med det målet det norske landslaget har sett seg, så blir det jo OL i tillegg til medalje, seier han med eit smil.