NRK Meny
Normal

Klubbnomaden snudde opprykksdramaet

Få spelarar har meir erfaring med eliteseriekvalifisering enn Mjøndalens Magnus Sylling Olsen. I kveld blei han den store helten då bruntrøyene på vanvittig vis sikra kvalik mot Brann.

Mjøndalen

Mjøndalen-spelarane var i ekstase etter å ha snudd kampen mot Bærum.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Sylling Olsen utlikna til 1-1 på overtid i andre omgang og sikra ekstraomgangar i opprykksdramaet mot Bærum.

I andre ekstraomgang var Sylling Olsen frampå igjen og sendte Mjøndalen i føringa for første gang i kampen. Sylling Olsen avslutta i stolpen, men ballen traff så Bærum-keeper Grzegorz Flasza og gjekk over streken.

Kort tid etter kunne bruntrøyene juble for 4-1-triumf og eliteseriekvalifiseringskamp mot Brann.

Ketsjup-effekten sørga Sylling Olsen for. 31-åringen kom til Mjøndalen frå HamKam denne sesongen.

Bak seg har han ei rekke opprykkskampar for ulike lag:

  • 2013: Sylling Olsen er med på å redde Sarpsborg frå nedrykk i kvalifiseringskampen mot Ranheim. Sarpsborg vinn 3-0 over to kampar og sikrar eliteserieplassen for nok ein sesong.
  • 2012: Sylling Olsen speler opprykkskvalifisering for Bodø/Glimt mot Ullensaker/Kisa. Bodø/Glimt taper 2-0 og er ute av kampen om eliteserieplass.
  • 2009: Sylling Olsen speler for Kongsvinger, som møter Sarpsborg til opprykksfinale. Kongsvinger vinn 5-4 over to kampar og rykker opp til eliteserien.

No er Sylling Olsens Mjøndalen klar for å møte Brann i den siste kvalifiseringskampen til eliteserien.

Sylling Olsen

RUTINERT: Magnus Sylling Olsen veit det meste om å spele eliteseriekvalifisering. Her for Sarpsborg i 2013.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Hansen etter to utvisningar: – Sprøtt

Mjøndalen sikra ekstraomgangar heime mot Bærum tre minutt på overtid. Like etter blei Mjøndalens Christian Gauseth utvist, men vertane blei likevel for sterke for Bærumg

– Det var helt uverkeleg, den sprøaste fotballkampen eg har vore med på, sa Mjøndalen-trenar Vegard Hansen til TV 2 etter kampen.

Med to minutter igjen på kampuret blei Sanel Kapidzic spelt gjennom aleine med keeper. Målvakt Grzegorz Flasza felte dansken, laga straffe og fekk raudt kort.

Midtstopper Bobby Warshaw måtte ta på seg keeperhanskane og kunne lite gjøre med straffen.

– For ei utvikling og moral det var i denne kampen. For ein underhaldning og ramme, sa Hansen.

Skuffa

Mjøndalen

PÅ TRIBUNEN: Brann-trenar Rikard Norling (i midten, med briller)

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Eitt minutt på overtid var keeper Warshaw på en lang bærtur, og Kapidzic lobba over han. Kapidzic fastsette resultatet til 4-1.

– Eg er stolt av det vi held på bygge opp i Bærum, men er skuffa når vi var så nær. Det er ikkje kvardagskost at vi har 200 supporterar på bortebane, sa Bærum-trenar Morten Tandberg.

Søndag 23. november og onsdag 26. november får Bærum sjansen til å bryne seg mot Brann i siste kvalifiseringsrunde om eliteseriespel.

– Dette var en propagandakamp, så no er det bare å møte opp til kampen mot Brann, sa Hansen.

NRKs fotballekspert: – Brann tar dette

På tribunen i Mjøndalen sat ein pressa Brann-trenar Rikard Norling.

Sjølv om Mjøndalen varta opp med eit comeback-show av dei sjeldne, har ikkje svensken grunn til å vere bekymra, meiner NRKs fotballekspert Karl-Petter Løken.

– Eg er rimeleg sikker på at Brann dreg i land dette. Brann er i mine auger ein stor, stor favoritt til å vinne, seier Løken.

Siste nytt

  • Barcelona har luke

    Barcelona cruiset inn til 4-0-seier hjemme mot Deportivo La Coruña søndag. Luis Suárez og Paulinho ble begge tomålsscorere for den spanske La Liga-lederen. De leder med seks poeng på Atletico Madrid.

    Luis Suárez
    Foto: Stanley Chou / Getty Images
  • Fossum i ellevill Bundesliga-kamp

    Iver Fossum startet sin første kamp siden 21. oktober, og spilte samtlige minutter for Hannover i 4-4-festen mot Leverkusen i Bundesliga. Julian Korb sikret poengdeling sju minutter før slutt.

    Foto: Peter Steffen / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Uttak landslagstroppen til håndball-EM for menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm, menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn