NRK Meny
Normal

Russlands einaste friidrettsutøvar: – Vanskeleg å vere åleine

Lengdehopparen Darja Klisjina hadde ikkje tenkt seg at OL-debuten skulle gå heilt utan lagkameratar.

Darja Klisjina

DEBUTANT: – Det var ikkje slik eg hadde tenkt at mitt første OL skulle bli, seier Darja Klisjina

Foto: Matt Dunham / Ap

– Det er vanskeleg å vere her åleine, seier Klisjina til NRK.

Den russiske lengdehopparen hadde trudd at ho skulle ha 67 lagkameratar med seg til den olympiske friidretten.

Slik blei det ikkje. Alle dei 67 blei utestengde frå OL på grunn av den omfattande russiske dopingskandalen. Klisjina var den einaste som slapp gjennom nålauget, ettersom ho har budd i USA i fleire år, og vore dopingtesta rutinemessig der.

Ut-inn-ut-inn

– Dette er nokså spesielt for meg. Det er mitt første OL, og eg kunne ikkje tenkt meg at det skulle bli slik, seier Klijsina.

Darja Klisjina

TIL FINALE: Her svevar Darja Klisjina til 6,64 og finaleplass i lengdekonkurransen

Foto: Matt Slocum / Ap

Og oppladinga inn mot lengdekonkurransen var heller ikkje den beste. For før helga kom sjokkbeskjeden:

Det internasjonale friidrettsforbundet hadde fått nye opplysningar, og endra standpunkt. Klisjina skulle også kastast ut av OL.

Ho anka saka til den internasjonale domstolen CAS, og så seint som måndag fekk ho vite at ho likevel skulle få delta i lengdekonkurransen.

Som tok til med kvalifisering tysdag.

Klar for finale

Der hoppa ho 6,64 i sitt første hopp. Det var godt nok, og ho er klar for finalen som nummer åtte av dei 12 finalistane. Finalen går onsdag kveld.

– Korleis ser du på sjansane i finalen?

– Onsdag blir ein heilt annan dag. Då er det finale, og eg trur på eit betre resultat då, seier 25-åringen, som har 7,05 som personleg rekord. Allereie som junior i 2010 hoppa ho 7,03.

– Synest du det er rettferdig at dine kollegaer frå Russland er suspendert her?

– Eg har stor støtte frå Russland, seier ho kort før ho går.

Siste nytt

  • Dansk konflikt midlertidig løst

    Danmarks fotballforbund (DBU) og Spillerforeningen er blitt enige om en delavtale som gjør at kvinnelandslaget spiller VM-kvalifisering mot Kroatia tirsdag.

    Spillerne har nektet å trene og spille, derfor er kampen mot Sverige i kveld avlyst.

    Etter Kroatia-kampen skal partene forhandle videre om en permanent avtale. Da skal også FIFPro og UEFA være med som meglere, melder Danmarks Radio.

    Pernille Harder
    Foto: Patrick Post / AP
  • Everton-bråk blir politisak

    Politiet i Liverpool opnar etterforsking av bråket på Goodison Park under Evertons kamp mot Lyon i går kveld, melder BBC.

    Bråket involverte både spelarar og tilskodarar. Ein av tilskodarane gjekk inn i tumultane med eit barn på armen.

    Everton har i dag bannlyst denne tilskodaren frå Goodison Park.

    Bråk Everton - Lyon
    Foto: OLI SCARFF / AFP
  • Putin inviterer Blatter til VM

    Tidlegare FIFA-president Sepp Blatter seier at han kjem til å reise til fotball-VM i Russland neste år etter å ha blitt invitert av president Vladimir Putin, melder telegrambyrået AFP.

    FIFA har tidlegare utestengt Blatter i seks år etter at han i 2015 blei dømd for korrupsjon.

    Blatter var FIFA-president då Russland i 2010 blei tildelt 2018-VM.

    Sepp Blatter og Vladimir Putin
    Foto: Maxim Shipenkov / Ap

Sendeplan

Kl. Program Kanal