Fleire slår alarm om Qatar og forsøka deira på å arrangere eit klimavennleg fotball-VM. Ein av dei omstridde tiltaka til Qatar, er dei daglege flygingane som skal sørgje for at fans kjem seg til og frå landet i løpet av ein dag.
Både Dubai, Kuwait, Oman og Saudi-Arabia har såkalla «shuttle-fly», som skal sørgje for at supporterane får sett fotballkampane, for å så reise tilbake igjen same dag.
Totalt vil det bli arrangert mellom 100 til 200 «shuttle-flygingar» til Qatar kvar dag, ifølgje nettstaden Middle East Eye.
Overfor Reuters har administrerande direktør i Qatar Airways, Akbar al-Baker, stadfesta at grunnen er plassmangel på hotell.
VM i Qatar blir anslått å stå for 3,6 millionar tonn karbonutslepp, noko han hevdar er litt meir enn VM i Russland og Brasil. Anslaget har også blitt bekrefta av VM-arrangøren i ein rapport.
Grafikken under viser at Qatar slepper ut mest klimagass per innbyggar.