– Det er vanskeleg å forstå forskjellsbehandlinga her, seier Lise Klaveness, president i Norges Fotballforbund (NFF), til NRK.
Fredag kom nyheita om at regjeringa foreslår å auke straumstøtta til idrett og frivillige organisasjonar til 90 prosent på prisar over 70 øre per kWt.
Fotballpresidenten gjentek fleire gongar i dette NRK-intervjuet at NFF er fornøgde med å bli lytta til, men at ho framleis er uroleg for kva som kjem til å skje med fotballen når vinteren kjem.
Forslaget frå regjeringa omfattar nemleg ikkje gass, som mange idrettslag brukar for å varme opp anlegga sine.
– Alle idrettslag er like mykje verde. Barna tenkjer ikkje på om klubbane har eigne anlegg eller om anlegga er gassdrivne, påpeikar Klaveness.
Fryktar kroken på døra
NRK fortalde nyleg om klubben Vigrestad IK på Jæren som blir hardt ramma av energikrisa.
Til vinteren blir bana varma opp av gass, men det får dei ikkje støtte til.
Arnfinn Dahl, dagleg leiar i Vigrestad IK, fryktar kroken på døra for mange idrettsanlegg.
– Dette går til sjuande og sist ut over dei svakaste, sa Dahl til NRK.
Ifølgje Norges idrettsforbund er det 130 idrettslagseigde anlegg som brukar gass som energikjelde og som dermed ikkje er inkludert i støtteordninga. NFF jobbar no med å kartleggje kor mange av desse som tilhøyrer fotballen.
– Urettferdig
Klaveness fryktar også at den pågåande straumkrisa vil gi store utgiftsforskjellar mellom klubbane som eig eigne anlegg og dei som kan trene på kommunen si rekning.
– Dette blir urettferdig for klubbane – dei som har teke ansvar og har bygd og driftar baner sjølve må stoppe aktiviteten, medan dei som er så heldige å kunne nytte kommunale anlegg kan halde fram. Det blir ikkje like sjansar, seier ho.
– NFF er Noregs største særforbund. Kan de sjølve bidra med økonomisk støtte til klubbane i forbundet?
– Det gjer vi jo. Men når det gjeld auka straumutgifter, så er det ingen medlemsseigde forbund i Noreg som klarer å dekkje inn straumutgiftene til tusenvis av klubbar. Då vil vi falle saman ganske raskt alle saman. Vi gjer alt vi kan, men det er regjeringa og styresmaktene som må hjelpe både næringsliv og frivillige til å komme gjennom denne krisa, svarer Klaveness.
– Blir ikkje gitt støtte til fossile energikjelder
Gry Haugsbakken, statssekretær i Kulturdepartementet, meiner på si side at det nye straumforslaget frå regjeringa viser at dei prioriterer idretten og dei frivillige organisasjonane.
– På lik linje med for husstandar, næringsliv og landbruk blir det ikkje gitt støtte til fossile energikjelder. Det er ein veldig krevjande og ekstraordinær straumsituasjon vi står oppe i no, så det er veldig bra at dei frivillige organisasjonane er framoverlente når det gjeld å finne kutt- og straumsparingstiltak, seier Haugsbakken. Ho held fram:
– Regjeringa har også lagt fram forslag om tiltak som vil gi gunstigare fastprisavtalar og gjere det lettare å planlegge. I tillegg til den støtta dei får frå oss vil det bidra til å halde kostnadene så låge som mogleg.
Pandemi og straumkrise
Lise Klaveness tok over presidentvervet i mars i år. Då straumkrisa starta i fjor vinter, låg idretten frå før med brekt rygg.
To år med pandemi har skapt kraftige utfordringar for dei som driv frivillig arbeid i Noreg, meiner den tidlegare fotballspelaren.
– Det er kombinasjonen som gjer oss veldig uroa. Vi har vore igjennom ein pandemi der dei som driv frivillig arbeid verkeleg fekk ein knekk. Vi ser no at det er ein gryande optimisme, folk har klart å komme i gang med ganske stor aktivitet, men det er veldig, veldig vanskeleg å få frivillige tilbake på post. Dei siste prosentane ... dei er på hytta i helgane, og det er vanskeleg å få dei tilbake, seier ho.