Det fortel Klaveness til NRK fredag formiddag.
Fotballpresidentens oppgjer med Fifa og Qatar-VM under Fifa-kongressen skapte overskrifter over heile verda.
I etterkant møtte Klaveness òg motstand, mellom anna frå VM-sjefen Hassan Al Thawadi. No håpar Klaveness å møte både Al Thawadi og Fifa igjen i mai.
Klaveness fortel at ho torsdag var i møte med fleire Uefa-forbund, inkludert Uefa-gruppa som jobbar med menneskerettsspørsmål.
Vil ha samtalar
– Då tok vi opp dei same tinga i den gruppa, som skal til Qatar i mai, og som vi håpar vi kan vere med på. Der vil vi følgje opp oppmodingane frå Hassan Al Thawadi om å ha samtalar, seier Klaveness og held fram:
– Det har vi jo hatt før, òg, men sidan vi fekk ei direkte oppmoding til å ha samtalar og rette kritikken direkte, så vil vi sjølvsagt gjere det – òg for å få opplysningar om kva dei gjer framover. Vi vil òg prøve å ha møte med Fifa for å halde oppe trykket.
Klaveness presiserer at det ikkje er avgjort om ho reiser enno, men ho reknar med at det blir avklart om kort tid.
VM-sjefen adresserte misnøye med Klaveness' bodskap allereie frå talarstolen under kongressen, og partane fekk «prata ut» under VM-trekkinga den følgjande dagen.
Her gjentok Al Thawadi eit ønske om fleire møte, ifølgje Klaveness.
VM-komiteen stadfesta overfor NRK at Al Thawadi synest nettmøte ikkje var «samanliknbart med personleg diskusjon om komplekse spørsmål».
Glad for irritasjon
Fotballpresidenten beskriv VM-komiteen som imøtekommande, og at dei ønskjer å diskutere innhaldet i Klaveness si tale vidare.
– For oss er det å ha fått irritasjon, men også ønskjer om å møte oss etter talen, bra fordi vi ikkje er kvalifiserte for VM. Vi må derfor jobbe hardt for å vere relevante i denne saka. Det er viktig for oss å vere med å kjempe for desse verdiane framover no, seier Klaveness.
NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt meiner Klaveness ikkje kan forvente å få noko konkret ut av møta, men:
– Saknet av reell dialog har ho uttrykt som ein frustrasjon tidlegare, og dette moglegheitsvindauget blir smalare og smalare jo nærare du kjem VM. Det er vanskeleg å tenkje anna enn at dette er eit sjeldan høve, seier Saltvedt.
Han omtaler heile prosessen som «køyrd» og «håplaus». Likevel er ny dialog ein openberr konsekvens av talen, påpeikar kommentatoren.
– Det er den største anerkjenninga ho har fått for talen sin, seier Saltvedt.
Klaveness sjølv beskriv interessa etter talen som «enorm». Det merka ho allereie før ho gjekk på talarstolen.
I etterkant har ho fått respons frå ei rekkje forbund og nasjonar.
– Det har vore mange positive tilbakemeldingar òg frå folk frå andre land enn Noreg. Land som ein kanskje ikkje hadde forventa: Tyrkia, Serbia. Om det er representativt for heile land og forbund, veit ikkje eg. Men det er har i alle fall vore ein respons på at det har vore rett å løfte opp verdigrunnlaget i fotballen på denne kongressen, seier Klaveness.