– Dette er veldig brutalt og ganske unikt, seier Lise Klaveness, NRKs fotballekspert og 51 landskampar for Norge.
Ho har nettopp fått vite at Danmark har avlyst kvinnenes VM-kvalifiseringskamp mot Sverige fredag. Årsaka er at fotballforbundet og landslagsspelarane ikkje er samde om ny avtale.
– Tid for å presse
– Det seier noko om at det er tilspissa og steile frontar, seier Klaveness vidare.
DBU har tilbode ein auke på rammeavtala frå 2,6 millioner danske kroner til 4,6 millioner danske kroner. Det meiner det danske kvinnelandslaget ikke er godt nok. Omlag 500.000 kroner skil partane.
Men Klaveness meiner likevel at kvinnene har blitt behandla respektlaust av sitt eige forbund.
– Landslaget har aldri fått skikkeleg spelerom eller anerkjenning internt i forbundet, hevdar Klaveness og held fram:
– Etter EM-sølvet opplever spelarane nok at «timinga» er rett for å presse eit forbund som har ganske inngrodde og konservative haldningar til kvinnefotball.
– Dei ønskjer å bruke denne konflikta for å auke respekten for framtidas unge jenter, og det meiner eg er eksemplarisk, seier Klaveness.
Ingen spørsmål om norsk mekling
NISO-leiar Joachim Walltin fryktar at det har gått prestisje i dei danske forhandlingane, og at det er ei årsak til fotballkonflikten.
– Klimaet mellom spelarforeininga i Danmark og det danske fotballforbundet har vore nokså dårleg over tid. Det kan vere ein av grunnane til at det har gått så langt utan at dei har funne løysingar, seier Joachim Walltin til NRK.
Kontrasten er stor mellom den hittil uløyselege konflikten i Danmark og den gode avtalen NFF og landslagsspelarane kom fram til her i Norge for berre kort tid sidan.
NISO blei kontakta av Danmark etter deira forhandling om løysinga i Norge nylig, men dei har ikkje bedt om hjelp i den pågående forhandlinga.
– Vi kunne alltids gitt råd, men vi må også ha respekt for partane i Danmark. Løysinga må dei finne åleine, seier Walltin.
– Har hengt etter
Tidlegare landslagsspelar for Sverige Frida Östberg seier til SVT at ho reknar med at andre land kan følgje Danmarks eksempel og setje hardt mot hardt, fordi vilkåra for kvinnefotball slett ikkje alltid er gode.
– Vilkåra generelt bør betrast
Walltin trur også det.
– Det er ikkje tvil om at kvinnefotball lenge har hengt etter. Så må ein sjå på «timinga» og kor lange steg ein skal ta om gangen. Det var veldig gledeleg det vi fekk til her i Norge. Men det er ikkje gitt at alle kan hoppe på det same, seier han.