Klæbo meiner Kina-utsegn kjem langt på overtid – Amnesty kallar det ansvarsfråskriving

Johannes Høsflot Klæbo har i lang tid etterspurt handling frå leiinga i Skiforbundet. No har han fått svar – men er ikkje heilt fornøgd.

2021 FIS Nordic Ski World Championships, Day 3, Medal Ceremony

LA PRESS: Johannes Høsflot Klæbo ville ha eit tydeleg standpunkt frå sitt eige forbund. No har dei sleppt ei fråsegn.

Foto: JOHANNA LUNDBERG / BILDBYRÅN

– Vi er skuffa over det som kan sjå ut som ansvarsfråskriving frå skistyrets side når det gjeld konkret vinter-OL i Beijing. Det held ikkje å seie at ein vil «støtte alle utøvarar og andre som ynskjer å ytre seg om og markere brot på menneskerettar».

Oslo Freedom Forum

AMNESTY-SJEF: John Peder Egenæs.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Det seier John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty, etter å ha lese Skiforbundets standpunkt. Uttalen frå Skiforbundet, som er sendt til NRK torsdag 30. september, blir innleia slik:

«Skistyret ser fram til eit godt gjennomført arrangement, med mange gode prestasjonar og gode norske resultat. Skistyret vil likevel uttrykkje uro for dei brota på menneskerettar i Kina som har komme fram i media».

  • Les heile uttalen i botnen av saka.

Klæbo: Dei kjem litt haltande etter

Fleire norske langrennsløparar har vore særs lite fornøgde med handteringa til idrettsleiarar av korleis utøvarane skal uttrykkje seg om menneskerettar i Beijing.

Johannes Høsflot Klæbo gjekk i bresjen for at idrettsleiarar i mellom anna Skiforbundet, i framkant av vinter-OL, skal ta eit klarare standpunkt.

– Eg synest det er veldig bra at skistyret har valt å komme med sine haldningar og meiningar kring brot på menneskerettar og OL i Beijing. Samstundes må eg seie at dette ikkje kjem eit sekund for tidleg. Hadde denne uttalen kome tidlegare så hadde det gjort det langt enklare for oss utøvarar. Her kjem skistyret litt haltande etter, seier Klæbo til NRK.

Da Aftenposten 16. september spurde skipresident Erik Røste om det ville komme ein offisiell uttale frå skistyret, svara han dette:

– Eg har som nemnt gitt ein veldig tydeleg uttale på tinget vårt i juni. Det er ein offisiell uttale frå Skiforbundet, sa Røste.

Pressetreff og verdenscup-arrangementer

FÅR RIS OG ROŠ: Skiforbundets president Erik Røste.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

No har likevel NSF valt å behandle denne saka på styrerommet.

I eit møte 23. september diskuterte styret i Skiforbundet korleis dei skal ta omsyn til OL i Beijing som blir arrangert i februar 2022.

Får ros òg

Skistyret tek avstand frå grunnleggjande brot på menneskerettar og ønskjer ikkje at internasjonale idrettskonkurransar blir tildelt land der dette skjer. Dei forventar òg at tillitsvalde og tilsette i forbundet med internasjonale verv, jobbar aktivt for å hindre at land som bryt grunnleggjande menneskerettar blir tildelt internasjonale idrettskonkurransar.

John Peder Egenæs i Amnesty synest det er fint at Skiforbundet tek eit standpunkt.

– Det er veldig bra at Skiforbundet går så tydeleg inn for at menneskerettar skal spele ei viktig rolle når ein tildeler eit internasjonalt idrettsarrangement. IOC manglar framleis ein brukbar strategi for korleis menneskerettane skal sikrast når ein tildeler OL, og vi treng at norsk idrett jobbar for at dette kjem på plass.

Uniforms at the booth of Chinese Olympic Committee in Beijing

OMSTRIDD: OL i Kina startar 4. februar neste år.

Foto: Florence Lo / Reuters

– Har eit aktivt ansvar

Han skulle likevel ønskt at dei torde å gå i front.

– Det vi forventar av forbundet som trass alt skal representere Noreg og verdiane Noreg står for, er at dei sjølv tek grep for å setje menneskerettane på dagsorden og legg aktivt til rette for at utøvarar som ønskjer det, kan engasjere seg. Idrettsforbunda skal ikkje gøyme seg bak engasjerte enkeltutøvarar, dei skal gå føre og setje standarden, seier Egenæs.

– Vi er heilt samde i at enkelte utøvarar må kunne velje sjølv om dei tek stilling til menneskerettar eller ikkje. Det same gjeld likevel ikkje for ein idrettsorganisasjon som har eit aktivt ansvar for å gå imot at idrett blir misbrukt til å gjere eller sminke bort menneskerettsbrot.

Men samtidig ønskjer ikkje skistyret ein boikott av OL i Beijing, og grunngjev dette med at dette går utover uskuldige utøvarar.

– Eg synest at notatet frå skistyret viser at dei tek saka på alvor – og at dei vil jobbe for at meisterskap ikkje blir tildelte land der menneskerettar ikkje blir følgde. Det er ein viktig del av utspelet som eg støttar 100 prosent, seier Klæbo til NRK.

– Men eg skulle ønskje dei var kjappare ut av startblokka. Dette er jo ikkje så vanskeleg å ta stilling til. Å stå opp for menneskerettane er sjølvsagt for oss som bur i Noreg, legg han til.

Siste nytt

  • Bamford sikret poeng i comebacket

    Patrick Bamford scoret 2-2-målet og sikret poengdeling mellom Leeds og Brentford søndag. Spissen kom innpå i det 68. minutt, til det som var hans første kamp etter å ha vært ute med skade.

    Tyler Roberts sendte vertene i ledelsen etter 27 minutter, før Brentforts Shandon Baptiste utlignet en snau halvtime etter. Sergi Canós snudde kampen få minutter senere. Det så lenge ut til å bli seier for «The Bees», helt til Bamford scoret på overtid.

    Premier League - Leeds United v Brentford
    Foto: CARL RECINE / Reuters
  • Reiten og Chelsea vant FA-cupen

    Guro Reiten var med fra start da Chelsea slo Arsenal 3-0 og vant den engelske FA-cupfinalen i fotball. Det var tredje gang at London-klubben vant den gjeve turneringen. For Arsenal og Frida Maanum endte kampen i en gedigen skuffelse.

    Fran Kirby snappet ballen foran Maanum og sendte Chelsea i føringen etter bare tre minutter. De kongeblå dominerte også etter pause, og etter 57 minutter økte Sam Kerr til 2-0.

    Arsenal var ikke i nærheten av å snu kampen. Istedet punkterte Kerr kampen 12 minutter før slutt. Reiten spilte nesten hele kampen, men ble byttet ut med tre minutter igjen av kampen.

    Maren Mjelde var ikke med i Chelseas kamptropp søndag. Landslagskapteinen var nylig tilbake på banen etter en alvorlig kneskade.

    Guro Reiten i FA-cupfinalen.
    Foto: BEN STANSALL / AFP
  • Tottenham-seier mot Norwich

    Antonio Contes Tottenham tok en komfortabel 3-0-seier hjemme mot Norwich søndag. Lucas Moura, Davinson Sanchez og Heung-Min Son sto for scoringene.

    Spurs ligger med det på femteplass i Premier League, med heng på lagene over.

    Norwich, som måtte klare seg uten en skadet Mathias Normann søndag, ligger på jumboplass med like mange poeng som Newcastle og Burnley.

    Premier League - Tottenham Hotspur v Norwich City
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal