- Det betyr at eg må vere i teten etter utfor, seier 34-åringen til NRK. Ved tidlegare kombinasjons-triumfar har han vunne utfor-delen.
- Eg må ha klaff i utfor, fordi slalåmformen berre er så som så, seier han, før han legg til at han ikkje er skremd over slalåmløypa i dagens konkurranse.
- Den er ikkje så veldig krevande, og det skal vere mogeleg å halde god fart. Det passar meg, seier Kjus.
Du kan følgje kombinasjonen direkte på NRK.no utover dagen. Utfor startar kl 11.45, første omgang av slalåmrennet klokka 15.30 og andre omgang klokka 18. Du kan også følgje konkurransen direkte på NRK P1.