Hopp til innhold

Kjører i 340 km/t på jobb: – Ikkje fått nokon prikkar på førarkortet enno

Dennis Hauger (19) om presset før den avgjerande sesongen, møtet med «jagarfly-krefter», dei spesielle treningsvanane sine og planane om å investere i isbil.

Dennis Hauger

VIL LYKKES: Dennis Hauger startar snart sin andre sesong på det nest høgaste nivået av Formel-racing. No er målet å gå til topps og vinne tittelen.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

Du les no NRKs nye intervjuspalte «På heimebane». Her møter vi kjende idrettsprofilar og stiller dei ei rekkje spørsmål om stort og smått.

I dag: Formel 2-førar Dennis Hauger.

Aktuell med: Ny Formel 2-sesong som startar med sprintløp laurdag og hovudløp søndag.

På hjemmebane

Vi startar med fem faste og kjappe spørsmål:

– Utanom idretten, kva bruker du mest tid på?

– Simulator og trening. Eg har eigentleg ikkje så mykje anna i livet akkurat no.

– Når brukte du sist 1000 kroner eller meir på ein middag?

– Det var på ein «førbursdagsmiddag» fordi eg køyrer løp på bursdagen min (17. mars). Åt kylling og Crème brûlée.

– Kva er det dummaste kjøpet du har gjort det siste året?

Fader, det var eit rart spørsmål. Eg og «fattern» skal kanskje spleise på ein isbil, så kanskje det kan bli ein dum ting, men samtidig morosamt.

– Kva er det som kan gjere deg skikkeleg forbanna?

– Eg veit ikkje, eg føler at eg er ganske roleg type. Eg har ikkje noko eg «tiltar» ekstremt på, for å vere ærleg.

– Kva er di mest kontroversielle meining?

– Fader for nokre spørsmål dette her var, då! Nei, eg har ikkje noko å komme med.

Dennis Hauger

Trass i ein skuffande fjorårssesong stakk likevel nordmannen av med to sigrar. Under sprintløpet i Monaco vart han mellom anna den første nordmannen til å vinne eit billøp i fyrstedømmet.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen/NRK

Du køyrer i over 300 km/t i løp, men kva slags sjåfør er du i den vanlege trafikken?

– Mykje rolegare. Eg har ikkje fått prikkar på førarkortet så langt, så det er godkjent. Eg klarer å behalde roa på vegen. Eg får rasa frå meg energien på banen

– «Kor fort har du køyrt» er det sikkert mange som har spurt om. Kor interessant er det?

– Det er vel eigentleg det siste ein tenkjer på. Ein har jo så ekstremt mange andre oppgåver og prosedyrar i hovudet, og berre dei tekniske detaljane vi har i kvar enkelt sving er noko vi set mykje meir trykk på, sjølvsagt. For oss er det mykje meir imponerande kor høg fart vi har i svingar, for vi har så ekstremt veggrep i ein formel-bil. Vi kan jo halde over 250 km/t i ein sving. Derfor er det ikkje så veldig imponerande eller vanskeleg å køyre 340 km/t på rett veg, det er meir evna til å ta dei små hundredelane og bremse to sekund seinare i 340 km/t, det er det som skil førarane for min del.

Når vi ser på Netflix-serien frå Formel 1 ser vi stjerner som lever luksuriøse liv med sus og dus. Korleis er Formel livet til 2-førarane samanlikna med Formel 1-føraranes?

– Ikkje akkurat det same. Vi har eit budsjett som skal på plass, medan i Formel 1 er det litt annleis, eit litt større sirkus sjølv om vi er i same «paddock». Så det er ikkje heilt samanliknbart sånn sett nei.

– Det er snart ny sesong. Kva har du fokusert spesielt på før det brakar laus?

– Det var jo godt å komme tilbake i bilen igjen. Eg hadde ein lang pause over vinteren, så det var godt å få jobbe litt meir med teamet i Nederland. Eg har køyrt ein del simulatur, og testen av bilen var veldig bra. Den generelle kjensla er ganske så god, og eg er veldig spent på å sjå korleis det første løpet blir.

Dennis Hauger

Formel 2-førar Dennis Hauger siktar mot tittelen denne sesongen.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

– Då vi var her sist vart du presentert for det nye laget ditt MP Motorsport. Eg trur det var manageren din Harald Huysman som sa at du hadde køyrt bak den MP-bilen førre sesong og sagt at du synest den så veldig stabil og fin ut. Korleis har det vore å sitje i han sjølv?

– Alle bilar er sjølvsagt litt ulike når det gjeld oppsett, men det eg følte med MP er at han passar betre til min eigen køyrestil. Det verkar sånn også på testen, ut frå korleis farta vår er. Men sjølvsagt, det kjem jo til å vere ein lang sesong og nokre bilar og team er jo raskare på andre banar, og det er alltid litt opp og ned. Men den kjensla og jevnheten MP har i bilen kjenst rett for meg.

– Dennis Hauger og Formel 1 i same setning, kor lei er du av å høyre det?

– Nei, eg skjønner jo at det er ein del av det i media og sånt, og det er jo dit eg vil. Men eg veit jo også at jobben min er å gjere så godt eg kan i år. Eg er i Formel 2 no og må gjere så godt eg kan for å få høvet til eit steg opp til.

– Har du fått noko konkrete krav om kva du må prestere denne sesongen?

– Nei, ikkje nokon spesifikke krav, men ein veit jo sjølvsagt kva det går i. Ein må jo vere «der oppe», og uansett går eg framleis inn med ei innstilling om at eg vil vere der oppe og kjempe om den sigeren.

Dennis Hauger

Formel 2-sesongen startar 2. mars i Bahrain. Etter det følgjer det 14 Formel 2-rundar som forhåpentleg skal sikre Hauger ein plass i det gjævaste selskapet.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

– No sit det kanskje ti eller tjue andre Formel 2-førarar og seier at dei har dei same mål som deg – kjempe i toppen. Kvifor skal det ende med at det er akkurat du som vinn til slutt?

– Eg kjenner eg kjem inn i sesongen med god flyt etter testane, og veit at når ting kjennest rett, og at det klaffar med meg og bilen, så har eg alltid vore der oppe og kjempa om siger og vunne. Så eg kjenner på ein måte at eg veit eg kan vere der oppe når ting stemmer, og den innstillinga må eg berre ha.

Les også Formel 1-stjerna advarer Hauger – mener han må unngå én felle

Motor, Race of Champions

– No har jo interessa for bilsport auka veldig dei siste åra. Kva er det folk oftast misforstår med sporten?

– Eg ser jo definitivt at det er veldig mange fleire enn før som er interessert, og det er jo sjølvsagt veldig kult. Eg tippar at det folk ikkje forstår i like stor grad, er den tekniske delen av sporten og det arbeidet som blir lagt ned i dei små detaljane. Dei fleste veit nok ikkje kor analytisk ein må vere i jobben rundt, det er liksom ikkje berre å svinge til høgre og venstre, det er jo ikkje som ein vanleg bil, det er ikkje nokon hjelpemiddel eller nokon ting, så alt blir ekstra tungt. Og det trykte ein får når ein køyrer i 250-300 km/t i ein sving, det er på fart med eit jagarfly ... Det er kanskje noko som ikkje er så lett å forstå uansett, og det skjønner eg jo, men det er uansett veldig kult å sjå den interessa som er for sporten no.

I idrett har folk ulike roller og tilnærmingar. Nokon er kanskje veldig analytiske, medan andre berre «set seg ned og køyrer». Korleis er du?

Eg trur når ein kjem på eit høgt nivå, og spesielt i Formel-sporten, så er det ekstremt analytisk uansett. Det er hundrevis av menneske og ingeniørar rundt om på fabrikkane, spesielt i Formel 1. Alt blir analysert. Og det gjer at ein må vere analytisk for å så forbetre seg sjølv. For min del så har eg vel alltid vore ganske «smooth» i min eigen køyrestil, men også vore ganske analytisk. Når det er løpshelg noterer eg ned alt eg tenkjer på, både når det gjeld bilen, men også når det gjeld situasjonar som oppstår. Eg har alltid vore analytisk.

– Du seier at du, i løpet av ei løpshelg, noterer ned alt du tenkjer på. Det høyrest ekstremt ut. Får du nokon reaksjonar på kvar nøye du er?

– Nei, altså, det handlar jo mest om kva eg får best utbytte av å analysere. Vi analyserer jo ting på data, og då skriv eg jo ned alt som gir forbetringspotensial i ein spesiell sving, eller når det gjeld teknikk. Eg kjenner eg får ting mykje meir inn i hovudet når eg skriv det ned. Også for å kunne visualisere eller gå igjennom ting etterpå rett før eg skal i bilen.

Les også Raser mot nytt regelforslag: – Kjem til å bli ei ulykke

Lewis Hamilton

– Når det gjeld fysisk form og at kroppen er viktig som verktøy: Eg høyrde litt på Gympodden, og der sa du at du ikkje kunne trene for mange av dei store muskelgruppene, for då blir du for tung?

– Det er jo ekstreme G-krefter når ein køyrer, men det påverkar mest dei små muskulaturane. Vi kan ikkje vege for mykje med bilen, for det er ei minimumsvekt med førar og bil, og vi vil ha føraren litt lett så ein kan balansere vekt på bilen. Og det gjer at vi må jobbe mykje meir med dei små muskelgruppene. Det er litt annleis trening enn det mange andre gjer, spesielt nakke og alt sånt har vi veldig mykje fokus på. Når eg er på trening ser det heilt sjukt ut, for eg held jo på med trening få andre gjer.

6WzrWhp_iTs

19-åringen kutta band med Prema etter den ustabile debutsesongen og er klar for å gyve laus på ein ny sesong med MP Motorsport.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

– Du har lagt bak deg då éin sesong i Formel 2. Kva er den viktigaste lærdommen du dreg med deg no frå det du opplevde førre sesong?

– Det er sjølvsagt den kunnskapen og erfaringa eg klarte å byggje opp i fjor gjennom alle banane. Det handlar om kva eg ønskjer frå bilen, kva som skal vere strategi på pitstop og alle sånne småting. No veit eg med ein gong kva eg ønskjer meg og treng. Det har også vore hovudforskjellen for meg tidlegare, frå første til andre sesong i ein klasse. Som i Formel 3, då eg vart verdsmeister der, så var det jo i andre sesong eg kjende det sett.

– Var du overraska over kor stor konkurranse det var i Formel 2, med «spisse olbogar» og kor rå konkurrentane dine var?

– Nei, det er jo fleire eg har vore saman med i stigen oppover og køyrt mot. Nokre av konkurrentane har eg køyrt mot i EM og VM i karting, og sjølv om dei er eldre enn meg, så har eg liksom alltid vore der oppe.

– Det er jo ein marginal sport der løpet kan vere over i første sving viss ein er uheldig. Når du gjer alt rett, du førebur deg, du følgjer med på møta, du trenar rett – og så kjem du på løpsdagen – og så er det eit eller anna som skjer som gjer at løpet blir øydelagt etter kort tid. Korleis kjenner ein seg då?

– Nei, det er gode og dårlege dagar. Sjølvsagt er det ein frustrasjon når ting ikkje går den vegen du vil, men samtidig så veit du at det er eit løp neste dag eller neste helg. Ein klarer å trykkje på reset-knappen og tenkje framover.

– Blir du driven meir av kjensla av å unngå skuffelse og tape, eller drivast du meir av det å jakte siger?

– Eg trur det er både òg. Eg trur eg har lært ekstremt mykje av dei nederlaga eg har hatt, og trur definitivt at desse har gjort meg mykje sterkare mentalt og til ein betre fører. Men så er det sjølvsagt alltid digg å jakte den sigeren.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal