– Det er eit sjokk og kom som ei stor overrasking, seier Kai Rune Karlsen til NRK. Han er leiar i supporterklubben Tigerberget.
Tigerberget blei tekne like mykje på senga som alle andre då pressemeldinga kom i dag tidleg.
– Timinga er mildt sagt beklageleg, to dagar før serieopning og starten på ein hektiusk sesong.
Han veit heller ingenting om kva personalsaka byggjer på.
– Vi veit ingenting. Vi ventar i spenning på kva som no skjer. Men klubben er dessverre veldig lukka.
Les også:
Blanda meiningar om Rekdal
Karlsen trur dei fleste har er positive til det Rekdal har gjort med Start sidan han overtok 1. juni i fjor.
– Det er nok ei vanleg oppfatning at om han hadde hatt ansvaret heile fjorårssesongen hadde vi ikkje rykka ned. Men resultata i vinter har ikkje vore all verda, så om han er den rette til å få ut heile potensialet, har det vore blanda meiningar om, seier Karlsen.
Trenerane Joey Hardarson og Andreas Jensen skal trene laget inntil vidare, skriv klubben i ei pressemelding.
Rekdal sjølv er overraska over at han er fristilt av Start to dagar før seriestart.
– Eg har fått muntleg beskjed om i dag om at eg er friteken frå trenarjobben. Beskjeden kom som lyn frå klar himmel, utan varsel på førehand, seier han i ei pressemelding.
– Eg ber derfor om forståing for at eg ikkje kan kommentere dette ytterlegare. Eg er både sjokkert og overraska.
Visste ingenting før pressemeldinga
Rekdal var ukjend med at det eksisterer ei personalsak fram til han las pressemeldinga frå klubben i dag tidleg.
Klubben sjølv vil heller ikkje gå nærmare inn på det.
Fædrelandsvennen erfarer at saka handlar om Rekdals fokus dei siste månadene, og at det skal ha kome klager frå støtteapparatet til leiinga etter treningsopphaldet på Marbella.
– Ettersom dette er ei personalsak, kan vi ikkje gå ut med detaljar om saka, sa styreleiar Monica Grimstad til pressa i føremiddag.
– Alle skjønnar at dette ikkje var nokon ønska situasjon. Men eg er trygg på at det er rett å opprette denne personalsaka, sjølv om timinga så nær seriestart er dårlig.
– Kan ikkje svare
– Han har ikkje fått sparken. Har Rekdal ein veg tilbake til klubben?
– Det kan eg ikkje svare på, seier Grimstad.
Spelarane blei orienterte om saka då dei kom på trening i føremiddag.
Rekdal har trena Start sidan juni i fjor.
Start rykka ned frå eliteserien i fjor, og skal serieopne i 1. divisjon mot Aalesund laurdag.
– Spelarane er profesjonelle, så der stiller vi godt førebudde, seier Grimstad.