Måndag tok han tredjeplassen i parallellslalåmen i Alta Badia. det var hans fjerde renn på fire dagar. Det er heilt på grensa av det han toler, meiner både han sjølv og trenaren.
– Det er jamt over batteritap heile vegen, seier han til NRK.
Jansrud er fartskøyrar med utfor og super-G som spesialitet. Men han startar også i storslalåm og kombinasjon for å kunne kjempe om dei nødvendige poenga i verdscupen.
Sidan sist tysdag har han vore ute i løypa i konkurranse eller offisiell trening kvar einaste dag. Det gav mellom anna siger i super-G i Val Gardena fredag.
Video: Her vinn Kjetil Jansrud super-G i Val Gardena (artikkelen held fram)
– Har ikkje råd til å stå over
– Då har vi vore oppe klokka seks kvar dag og «hamra» renn. Og det merkast, seier Jansrud, som tek ein etterlengta juleferie nokre dagar.
Men at det røyner på skrotten hindrar ikkje Jansrud i å halde fram med hardkøyret. Det er verdscuppoeng det gjeld, og derfor blir ikkje kvila og juleferien særleg lang. Allereie tredje juledag er det nye renn – super-G, utfor og kombinasjon i Santa Caterina i Italia.
– Det har eg ikkje råd til å stå over, seier Kjetil Jansrud.
Landslagstrenar Christian Mitter meiner også at Jansrud ligg heilt på grensa av det ein kropp kan tole. Men han trur det går bra.
Ikkje nok tid til kvile
– Vi utnyttar tida og dei treningane vi har, og er målbevisste. Men det er eit tett program, seier Mitter.
I vår måtte Jansrud ha behandling for ryggplager, som forverra seg i løpet av fjorårssesongen.
– Får du nok tid til kvile?
– Nei, det gjer eg nok ikkje. Men det er dette eg trenar for heile sommaren og heile hausten, og prøver å byggje opp den kapasiteten som trengst. Det gjeld å utnytte dei pausane som er, så skal eg nok starte januar med friske batteri, seier han.
– Og det er trass alt mitt eige val.