Hopp til innhold

Kjenner seg att i Carlsen-dramaet: Slik avslørte spelaren jukset

Ein kan nesten seie at Magnus Carlsen har tatt ein «Boye Brogeland». Bridgespelaren blir kalla sheriff, etter at han sjølv avdekka juks i miljøet.

Boye Brogeland avdekka juks

DETALJERTE ANALYSAR: Boye Brogeland (t.h) og andre i miljøet gjekk saman for å avdekke juks i sporten. Brogeland fortalde om dramaet også i Lindmo i 2016.

– Eg kjenner meg veldig igjen. Det minner meg veldig om det som skjedde tilbake i 2015, innleiar Boye Brogeland til NRK.

Etter ein kamp mot israelske Lotan Fisher og Ron Schwartz tilbake i 2015, blei bridgespelaren overtydd om at han hadde blitt utsett for skittent spel.

Det førte til at han tok saka i eigne hender, og varsla om juks.

Det var berre eitt problem.

På det tidspunktet hadde han ingen bevis å leggje fram, og det førte til eit enormt drama i miljøet.

Fansen var delte i meiningane sine, men støtta var stor. Fleire gjekk saman for å analysere spelet til dei israelske spelarane, og til slutt kom bevisa som gjorde jukseskandalen komplett.

I ettertid blei Boye Brogeland omtala i haugevis av internasjonale medium, mellom anna i New York Times, Rolling Stone og Daily Mail.

Sjakkdramaet mellom Magnus Carlsen og Hans Niemann har mange likstrekk med denne historia, og no fortel Brogeland om korleis det var å vere den som varslar om juks.

Rosar Carlsens måte

Brogeland blir i dag omtala som ein «sheriff» i miljøet. Det likar han ikkje spesielt godt.

– Eg føler ikkje at det var ein rolle eg ynskja å ha, men det er nok mange som meiner at eg var såpass sentral, at eg var den som gjekk ut mot juksinga, seier han.

Boye Brogeland

HEIDRA: I 2016 fekk Brogeland diplom av den lokale Rotary-klubben, for sin innsats mot juks i sporten.

Foto: Anders Fehn / NRK

Brogeland fortel at han hadde vore i kontakt med fleire spelarar i miljøet som retta mistanke om juks, men at det var få som var villige til å gå ut med skuldingar før ein hadde bevis.

Difor tok han saka i eigne hender. I dag hyllar han Carlsen sin måte å ta tak i problemet på.

– Eg tykkjer hans måte er veldig bra. Han treng ikkje nødvendigvis å involvere seg sjølv like mykje, slik som eg gjorde. All mi tid gjekk til dette. Han fekk sendt eit utruleg sterkt signal ved å trekkje seg frå turnering, seier Brogeland.

– Utruleg krevjande

Det skulle ta omtrent fire månader før jukset blei avdekka. I den perioden sov Brogeland 4–5 timar kvar natt. Det einaste som stod i hovudet hans var å finne bevis, og all hans ledige tid gjekk til analysar.

– Korleis var det å sitte på ei slik kjensle, for å så dele det på internett utan bevis?

– Det var utruleg krevjande den perioden det stod på som verst. Dei eg gjekk ut mot, hadde vore mine eigne lagkameratar, og som var vennene mine, seier Brogeland.

Likevel var han overtydd om at han måtte stole på magekjensla.

– Eg følte at det var heilt gale for meg, om eg ikkje hadde gjort noko. Bridge mistar heile sin verdi om du veit at folk juksar, seier han.

Frykta for å bli saksøkt tenkte han ikkje på, til trass for at truslar om søksmål ramla inn. I lag med kona, flytta han til ei hemmeleg adresse.

– Det var jo ikkje bra å halde på slik over ein lang periode, men adrenalinet og motivasjonen gjorde at ein klarte å halde det gåande, seier han.

Han trur Magnus Carlsen sit med den same kjensla.

– Han har bestemt seg, og satsar alt for å rydde opp. Det er jo heilt håplaust om spelarar sit med ekstra informasjon. Det blir eit vanvitig urettvis spel. Ein god spelar som juksar, er umogleg å slå, både i sjakk og bridge, seier Brogeland.

Les også Carlsen snakker ut om sjakkbråket: – Tror at Niemann har jukset mer

Magnus Carlsen

Slik forstod miljøet jukset

Sjølve bridge-jukset til Fisher og Schwartz blei avdekka gjennom videoklipp frå konkurransen.

Detaljerte analysar viste korleis bridgeparet gav informasjon til kvarandre i samband med motspel. Det gjorde dei ved å plassere kortmappa på bestemte plassar på bordet, og kunne derfor indikere styrke i ein bestemt farge (kløver, ruter, hjarter eller spar).

I ettertid blei andre spelarar tekne i juks etter at det blei retta mistanke om korleis spelarane låg kortet på bordet. Ved å leggje kortet vertikalt eller horisontalt, kunne ein fortelje partnaren om det var eit godt eller dårleg kort.

– Eg fekk så vanvitig med hjelp over heile verda. Det at folk analyserte spela, gjorde at vi til slutt fann bevis for at det faktisk var juks, seier Brogeland.

Det var ein enorm lette då bevisa kom.

No trur han at den same utviklinga vil skje i sjakkdramaet.

– Det verkar som om Magnus har kjend på at det skjer ting som ikkje er heilt logisk, og ein blir mistenksam. No er han heilt overtydd om at det er noko muffens, seier han.

Logikken spelar inn

Likevel er det ikkje enkelt å stå i ein slik situasjon før alle bevis kjem på bordet.

– Det er jo mange som er negative, sidan det ikkje er lagt fram nokre bevis. Slik var det for meg. Folk meinte eg skulda israelarane for juks, fordi eg tapte den kampen, seier Brogeland.

Han held fram:

– Men då eg gjekk inn og analyserte spelet etterpå, var det ikkje noko tvil. For ein toppspelar, er mykje av logikken bevis i seg sjølv. Erfaringa gir ei magekjensle som seier at ein faktisk har ganske sterke indisium på at noko har skjedd, seier Brogeland.

Brogeland er sikker på at det vil bli lagt fram bevis i tida som kjem.

– Eg trur han har ein god del. Slik var det for oss. Ein ting er det ein sit på sjølv, men så snakkar du med folk i miljøet og høyrer meir, seier han.

Denne veka skal Fide og Chess.com leggje fram funna frå sine undersøkingar av Magnus Carlsen og Hans Niemann. Det er ikkje kjent eksakt kva tidspunkt det kjem på.

Siste nytt

  • Wrexham skylder kjendiseierne over hundre millioner

    League Two-klubben Wrexham, som eies av skuespillerne Ryan Reynolds og Rob McElhenney, skylder eierne rundt 9 millioner pund, opplyser klubben. Det tilsvarer drøyt 120 millioner kroner.

    Klubben holder til i Wales og ble kjøpt av skuespillerduoen i 2021. Siden fulgte en sportslig opptur, og laget blir fulgt i den Emmy-vinnende dokumentarserien «Welcome to Wrexham».

    Laget tapte semifinalen i opprykkskvalifiseringen i sesongen 2021/22, men rykket opp til League Two året etter. I skrivende stund ligger Wrexham på tredjeplass, med gode muligheter for å nå minst kvalifisering til League One, tredje nivå i engelsk fotball.

    Torsdag la klubben fram regnskapet for budsjettåret som sluttet i juni 2023. Der går det fram at klubbens omsetning har økt med 75 prosent til rundt 10,5 millioner pund fra 6 millioner pund, men at underskuddet samtidig vokste fra 2,9 millioner til 5,1 millioner pund.

    – Klubben er ikke under noe umiddelbart press for å tilbakebetale lånene på bekostning av framgangen vi ønsker å oppnå, skriver klubben.

    Videre opplyses det at det vil hentes inn ytterligere midler for å støtte opp om framtidige prosjekter.

    (NTB)

    QxUVtmMA_7A
    Foto: AP
  • Tøff start for norske golfere

    Golfprofilen Kristoffer Ventura fikk et tungt comeback på PGA-touren og ligger på 113.-plass etter første runde av Houston Open.

    Etter én ferdigspilt runde i Houston ligger han tre slag over par og ni slag bak Taylor Moore og Wilson Furr, som deler førsteplassen.

    Det gikk ikke bedre for Celine Borge i LPGA-turneringen i Arizona. Borge gikk sin åpningsrunde ett slag over par.

    Det gir en foreløpig 123.-plass, nesten 60 plasser bak den forventede cuten.

    (NTB)

    it7lekDvsTU
    Foto: AFP
  • Zuccarellos Wild med viktig seier

    Minnesota Wild vant 3-1 på hjemmebane over San Jose Sharks og sikret seg dermed viktige poeng i kampen om en sluttspillplass.

    Det tok 16 minutter før Joel Eriksson Ek punkterte nullen og sørget for den første scoringen for vertskapet i Minnesota. Midtveis i den andre perioden utlignet Mikael Granlund for Sharks.

    Den tredje perioden var så vidt i gang da Matt Brody sørget for at Wild igjen tok ledelsen. 2-1-målet kom etter bare 18 sekunder.

    På slutten av kampen tok gjestene fra San Jose ut målvakt Mackenzie Blackwood for å øke presset framover å forsøke å kjempe seg til forlenging. I stedet ble det Ryan Hartman som utnyttet muligheten da han snappet opp pucken inne ved vantet på egen banehalvdel og sendte et langskudd inn i det tomme Sharks-målet.

    Dermed kunne Minnesota gå av banen med to nye poeng. Det kommer godt med for laget fra Midtvesten, som før torsdagens oppgjør lå ni poeng unna en sluttspillplass med elleve kamper igjen å spille.

    Mats Zuccarello fikk 17 minutter på isen hjemme i St. Paul, men det ble ingen scoring eller assist på nordmannen denne gangen.

    (NTB)

    mWN7igN52F8
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal