Hopp til innhold

Kjefta på kjærasten i OL: – Skjerp deg!

PYEONGCHANG (NRK): Curling-kjærasteparet Magnus Nedregotten og Kristin Skaslien slo gullfavoritt Canada i OL-opninga.

Pyeongchang Olympics Curling

KNALLHARDE TILBAKEMELDINGAR: Magnus Nedregotten slang tøffe kommentarar til Kristin Skaslien i OL-opninga, som starta med siger over Canada.

Foto: Natacha Pisarenko / AP

– Eg sa at ho måtte skjerpe seg og smile litt. Eg følte at Kristin var sint på meg fordi eg bomma ein del.

Midt i Norges opningsthriller mot Canada kom den spydige kommentaren frå Magnus Nedregotten (27) til Kristin Skaslien (32).

Duoen blei dei første norske utøvarane i aksjon i OL, og vann 9-6 over Canada, som er rekna som ein gullfavoritt i øvinga mixed double.

– Måtte bare halde kjeft

Med hissige meldingar og godt samspel på isen var det Nedregotten og Skaslien som viste at dei er i rute til å ta medale i OL-debuten.

Og Nedregotten spår fleire frekke meldingar, og forventar å få kjeft tilbake.

– Kristin er sambuaren min, og eg veit ho er veldig glad i meg, så ho toler det, seier Nedregotten.

– Eg er ikkje sint for det i dag altså!, seier Skaslien med eit smil.

– Korleis reagerer du når du får beskjed om å skjerpe deg?

– Eg tenkte eg måtte bite det i meg, halde kjeft og la det gå sjølv om eg hadde lyst til å seie noko tilbake, seier Skaslien.

Kan kjefte seg til gull

Begge meiner den opne og ærlege stilen på banen gjør at dei fungerer betre saman på banen.

– Vi har alltid vore sånn. Vi kan hakke på kvarandre, men det kan vere litt godt å få det ut også, seier Nedregotten.

– Det er dynamikken vår. Dette var eigentleg ein ganske fin kamp, seier Skaslien lattermildt.

Duoen jaktar gull i Sør-Korea, og meiner dei i første kamp i innleiande runde viste at dei er gode nok til å stå på toppen av pallen.

– Det er ikkje utopi å tenke at vi kan ta gull, men det er ein lang veg dit, seier Nedregotten, som var letta etter sin aller første OL-kamp mot stornasjonen Cananda.

– Eg var veldig nervøs før start i dag, eg må innrømme det, seier nordmannen til NRK.

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal