NRK Meny
Normal

Blei sjokk-bytta vekk frå Zuccas klubb - no er han éin kamp unna Stanley Cup-finale

Til alles store sjokk kvitta New York Rangers seg med sin mest profilerte målscorar då det stod igjen ein halvtime av overgangsvindauget i 2013. No slår Marian Gaborik kraftig tilbake for LA Kings.

Zucca

LA Kings-stjerna Marian Gaborik er på veg til Stanley Cup-finalen. Der kan han møte sin gamle lagkamerat Mats Zuccarello Aasen, som også er nær finaleplass.

Foto: NTB Scanpix

Sharks Kings Hockey Antti Niemi, Marian Gaborik

Slovakiske Gaborik er den tredje beste poengplukkaren i NHL-sluttspelet denne sesongen.

Foto: Mark J. Terrill / Ap

Slovakiske Gaborik scora igjen då Kings knuste Chicago Blackhawks 5-2 i natt.

LA Kings er med det bare éin siger unna å ta seg til Stanley Cup-finalen.

Der kan dei møte New York Rangers, som også er kun éin kamp unna finalebillett. Mats Zuccarello Aasens Rangers kan avgjøre det hele med siger over Montreal Canadiens natt til i morgon.

Måtte reise då laget sleit som mest

Eit potensielt Stanley Cup-møte mellom Kings og Rangers blir ekstra spesielt for Marian Gaborik, som herja for Rangers i fleire sesongar.

  • I 2009/2010-sesongen spelte han 76 kampar, scora 44 mål og serverte 44 målgjevande pasningar.
  • I 2010/2011-sesongen spelte han 62 kampar, scora 22 mål og serverte 26 målgjevande pasningar.
  • I 2011/2012-sesongen spelte han 82 kampar, scora 41 mål og serverte 25 målgjevande pasningar.

Men så, i den påfølgande sesongen, blei det bare ni mål og ti målgjevande på 35 kampar.

Rangers var det minstscorande laget i NHL. Heile troppen sleit tungt, og leiinga var desperate etter å snu den negative trenden.

Det heile enda med at den Gaborik blei bytta vekk til Columbus Blue Jackets. Den store Rangers-stjerna forsvann ut av klubben ein halvtime før overgangsvindauget stengte.

Dette overraska både fans og ekspertar ettersom Gaborik var ein solid poengplukkar i dei tre første sesongane. Slovaken blei sett på som ein spelar med stor kapasitet, som kunne ta Rangers tilbake på vinnarsporet om han bare fekk nye lagkameratar.

Seinare måtte også trenar John Tortorella gå. Forholdet mellom Gaborik og Tortorella skal ikkje ha vore det beste før slovaken blei sendt ut av klubben.

Slår Rangers beste poengplukkar

Etter å ha spelt to halve sesongar for Blue Jackets blei Gaborik plukka opp av LA Kings, der han verkeleg har funne tilbake til storformen.

Mats Zuccarello Aasens gamle lagkamerat er den tredje beste poengplukkaren i sluttspelet, med ti mål og seks målgjevande på 18 kampar.

Til samanlikning har Rangers beste poengplukkar Martin St. Louis scora seks mål og servert sju målgjevande på 18 sluttspelkampar.

Blackhawks snudde alt i fjor - har ikkje gitt opp årets sluttspel

Natt til torsdag kan Gaborik vere klar for Stanley Cup-finale. Men motstandar Blackhawks har ikke gitt opp. I fjor snudde laget 1-3 til siger i kvartfinalen mot Detroit Red Wings.

– Vi skal sørge for at dette går til ein sjuande og avgjørande kamp, sa Chicagos Marcus Kruger.

– Vi har ikkje tid til å synast synd på oss sjølv. Lag har komme tilbake i liknande situasjonar før, mellom anna oss, sa Jonathan Toews.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal