NRK Meny
Normal

Joshua King: – Nokså sikker på at eg blir i Bournemouth

Bournemouth-spissen seier truleg nei til klubbskifte og gode tilbod.

Joshua King drømmer om å spille i Mesterligaen. Men han påstår at han blir i Bournemouth også neste sesong. Reporter: Ali Iqbal Tahis, foto/redigering: Lars Thomas Nordby.

BLIR DER HAN ER: Joshua King vil seie nei til andre tilbod og bli i Bournemouth også neste sesong

– Eg er nokså sikker på at eg blir i Bournemouth også neste sesong, seier Joshua King til NRK.

Det har vore spekulert i klubbskifte for King etter hans gode sesong i England. 16 mål scora han for klubben frå sørkysten sist sesong, og bidrog sterkt til at Bournemouth slutta på niandeplass.

Ei stund trua han Ole Gunnar Solskjærs 18 mål frå 1996/97 – det meste ein nordmann har scora i Premier League i ein sesong.

– Vi har meir å gje, og vil avslutte sterkare neste sesong enn det vi gjorde denne, seier han.

Joshua King

16 LIGAMÅL: - Eg har hatt ein god sesong, og vil vise at eg kan følgje opp, seier King

Foto: Andrew Couldridge / Reuters

– Og eg har hatt ein god sesong. No vil eg vise at det kan eg også ha i fleire sesongar.

Han seier at han har ein draum om å spele i meisterligaen, slik kompisen Omar Elabdellaoui har gjort med greske Olympiakos.

Det har ikkje mangla på interessen for nordmannen etter hans sterke sesong. Tradisjonsrike klubbar som Newcastle og Tottenham har vore aktuelle.

Men «kongen av Bournemouth» vil helst vere der han er også komande sesong. Han har kontrakt med klubben i to år til.

King er heime no etter sesongslutt, men ein ryggskade held han utanfor landslagstroppen som samlast denne veka til kampar mot Tsjekkia og Sverige.

Siste nytt

  • Ruud faller på rankingen

    Casper Ruud faller ti plasser på verdensrankingen i tennis mandag og ligger nå på 147.-plass. Sveitsiske Roger Federer er tilbake på topp. Denne uken skal Casper Ruud i aksjon i Challengerturneringen i Poprad Tatry i Slovakia.

    Casper Ruud
    Foto: Carl Andreas Wold
  • Koepka vant US Open

    Amerikanske Brooks Koepka ble søndag den sjuende spilleren til å vinne golfturneringen US Open to år på rad. Koepka slo britiske Tommy Fleetwood med ett slag. Amerikaneren avsluttet med en 68-runde. Landsmannen Dustin Johnson tok 3.-plassen.

    SPO-GLF-MAJ-USG-U.S.-OPEN---FINAL-ROUND
    Foto: STREETER LECKA / AFP
  • Topptrioen vann i 1. div.

    Alle fire topplaga vann i 1. divisjon søndag, og AaFK leier med fire poeng på Sogndal og Mjøndalen. I botnen passerte Florø Strømmen.

    Resultat: HamKam - Sogndal 1-3, Florø - Jerv 3-2, Levanger - Mjøndalen 0-4, Notodden - Kongsvinger 1-2, Sandnes Ulf - Aalesund 1-2, Strømmen - Tromsdalen 1-3, Åsane - Ull/Kisa 1-5.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio
FIFA Fotball-VM 2018: Sverige - Sør-Korea
FIFA Fotball-VM 2018: Sverige - Sør-Korea
Sport i dag
FIFA Fotball-VM 2018: Belgia - Panama
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio
FIFA Fotball-VM 2018: Tunisia - England