King-show då Bournemouth sørga for målfest

Joshua King herja for Bournemouth då klubben tok nok ein siger i Premier League. Den norske landslagsspelaren stod for både mål og målgjevande pasning.

Joshua King

SIKKER: Joshua King er Bournemouths faste frå straffemerket og banka inn 3-0-scoringa mot Leicester.

Foto: Mark Kerton / AP

Laster innhold, vennligst vent..

Joshua King kom ikkje på scoringslista då Noreg vann heime mot Kypros (2–0) og tapte borte mot Bulgaria (0–1) i Nations League i førre veke.

Men det betyr likevel ikkje at 27-åringen er ute av slag.

Laurdag var nordmannen ein av frontfigurane då Bournemouth tok sin tredje siger for sesongen i Premier League, og klatra til ein sterk femteplass på tabellen.

Først spelte han fram lagkamerat Ryan Fraser som dunka ballen i mål i det 23. minutt.

Fem minutt før pause auka same Fraser leiinga.

LES OGSÅ: Tottenham følte seg snytt for straffe: – Det er galskap.

Redusering på slutten

Og like etter var det klart for litt King-show på solkysten av England.

Han både skaffa og tok straffesparket som fullenda ein strålande omgang av heimelaget.

Dommaren blåste for hands då King sparka ballen i handa på ein Leicester-forsvarar innanfor 16-meteren.

King er klubbens faste straffetakar etter at angreps-makkar Callum Wilson bomma mot West Ham i den andre serierunden.

Den norske spissen finta ut Leicesters danske keeper Kasper Schmeichel og banka ballen i det motsette hjørnet.

Adam Smith auka til 4–0 etter pause. Så reduserte Leicester to gongar like før slutt, men sigeren var aldri truga for laget til manager Eddie Howe.

Også ein annan nordmann opplevde ein liten personleg opptur i den engelske toppserien laurdag ettermiddag.

Stefan Johansen

DEBUT: Stefan Johansen fekk sin debut frå start mot Sergio Agüero og Manchester City.

Foto: Jason Cairnduff / Reuters

Debut frå start

Stefan Johansen fekk sin første kamp frå start for Fulham borte mot Manchester City. Men den nyopprykte London-klubben var likevel sjanselause mot dei regjerande meistrane.

Allereie etter tre minutt var Fulham bakpå då Leroy Sané sende dei lyseblå i leiinga på ei kontring etter rot på Fulham-midtbana.

David Silva og Raheem Sterling putta dei to neste måla og sørga for ein relativt enkel 3-0-siger for Pep Guardiolas menn.

Laster innhold, vennligst vent..

Fleire ekspertar meinte Stefan Johansen burde bli benka i Nations League-oppgjeret mot Kypros. Årsaka var blant anna lite speletid i England. Men Johansen slo tilbake med to scoringar og jubla med det som truleg var eit stikk til kritikarane.

No kan uansett Johansen slå seg på brystet for at han har kjempa seg inn igjen på laget. Så står det att å sjå om Vardø-karen får fornya tillit i neste kamp heime mot Watford.

Chelsea leiar Premier League etter 4-1-sigeren heime mot Cardiff. Eden Hazard blei kampens store spelar med tre scoringar.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Nigeria tok Afrika-bronsen

    Tidlegare Lyn-spelar Odion Ighalo scora etter berre to minutt, og Nigeria slo Tunisia 1-0 i bronsekampen i Afrika-meisterskapet i fotball.

    Finalen mellom Algerie og Senegal blir spela fredag.

    Odion Ighalo
    Foto: Sumaya Hisham / Reuters
  • Nguen scora i Ferencvaros-siger

    Ungarske Ferencvaros er vidare i meisterliga-kvaliken etter 3-2 borte og 5-3 samanlagt mot Ludogorets Razgrad. Norske Tokmac Nguen scora lagets tredje mål like etter pause.

    Tokmac solgt.
    Foto: Ned Alley / NTB scanpix
  • Okparaebo med årsbeste på 100 m

    Ezinne Okparaebo løp inn til ny årsbeste i Norge på 100 meter med tiden 11,43 under et stevne på Bislett onsdag.

    Hun senket med det den norske bestenoteringen for året, som også var hennes, med fem hundredeler.

    Laster Twitter-innhold

Sendeplan

Kl. Program Kanal