Hopp til innhold

Massasje og kinamat skal bli til curlingsiger

SOTSJI/OSLO (NRK.no): To tap, æra må gjenreisast. No skal dei norske curlingherrane slå laget Pål Trulsen meiner ikkje taklar presset. Før kampen er trenaren klar på kva som må til.

Pål Trulsen er i godt mot før kampen mot Kina og akter å spise kinamat til middag.

Trass i tapet for Canada var curlingboss Pål Trulsen i godt humør. Han var i så godt humør at han fekk seg sjølv til å flire.

– No skal vi heim og ete kinamat, flira Trulsen hjarteleg då NRK lurte på korleis det norske laget skulle lade batteria.

Det dei eigentleg skulle gjere var å slappe av, prate om kampen og kople av. Tilbodet om kinamat var derimot ikkje noko skip Thomas Ulsrud hadde sagt nei til.

– Ja, sjå der, han er ein coach som planlegger. Kinamat høyrest veldig bra ut, humra Ulsrud.

Ulsrud og Trulsen

Skip Thomas Ulsrud og trenar Pål Trulsen trur på siger mot formlaget Kina.

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

Godt humør trass i stygge siffer

Like etter tapet mot Canada var derimot Ulsrud litt forbanna, for i sjuande runde enda motstandaren opp med fire poeng og sigeren heilt nede i lomma. Tapet var det andre på rad, etter tapet mot nabo Sverige torsdag.

Ikkje alt for lenge etter kampen var derimot smila tilbake på heile curlinglaget–trass i eit surt 10-4-tap.

– Det er OL, så då har vi massørar og slikt. Så no er det berre å ta det roleg og få massasje, og så kanskje gå litt ut i det nydelege vêret her, sa ein lystig Ulsrud til NRK.

Det er blodig alvor med OL-medalje som mål, men meisterskapen er uansett ei stor og svært kjekk hending for eit samla curlingmiljø. Canada-spelar Eric «E.J.» Harnden sa det ganske greitt etter sigeren over Noreg.

– Nei, det er ikkje noko ekstra spent mot Noreg. Vi kjem så godt overeins, så det er god stemning, underhaldning og fliring, samstundes som begge laga veldig gjerne vil vinne.

– Intensiteten er der, men det er gøy i tillegg, fortalde Harnden til NRK.

Canada curling

E.J. Harnden, Ryan Harnden, skip Brad Jacobs og Ryan Fry i kampen mot Noreg.

Foto: Robert F. Bukaty / Ap

Fryktar Noreg og Sverige

Harnden var glad og letta etter å ha slått Noreg. Han meiner det norske laget og Sverige blir dei tøffaste i kampen om gullet.

– Thomas og Noreg har vore i OL før, dei tapte for Kevin Martin i 2010 og tok sølvet. Dei har enormt med internasjonal erfaring, så eg meiner dei er blant favorittane. Og så har vi Sverige som er regjerande VM-meister, seier Harnden.

Noreg på si side held Canada–curlingnasjonen–som favoritt. Det er fire lag som går til semifinalane etter éin kamp mot kvart lag, ni kampar, og der vil dei norske herrane veldig gjerne vere.

– Dei vi har tapt for så langt er på papiret dei to beste laga, Sverige som VM-meister og Canada som favoritt. Det er dei same laga som vi tapte mot i Vancouver og då kom vi til finalen, seier Ulsrud, før han legg til:

– Om vi skjerpar oss vil dette gå bra.

Utrygge kinesarar

Før semifinale kan bli realitet møter Noreg Kina, England, Sveits og Danmark. Først ut er Kina – som har vunne fire av fem kampar. Planen til trenar Trulsen i kampen er enkel:

– Vi skal spele betre enn dei, slår han fast.

– Eg reknar med det går opp for Kina at dei er i OL, og då er dei enklare å ha med å gjere. Dei har alltid vore eit bra lag, men dei har slite i store turneringar. Dei byrjar å bli litt prega og det går opp for dei at dei har gjort det ganske bra, seier Trulsen.

Han såg frustrasjonen då dei tapte mot Sverige, og viser samstundes til éin fordel Noreg.

– Vi har ein ganske god statistikk mot Kina, den håper vi held fram.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Curling menn, Kina - Noreg» i nytt vindu

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal