Kina-Bjørndalen blir innesperra og videoovervaka i 14 dagar

Etter ein kamp om å få plass på fly, er landslagstrenar Ole Einar Bjørndalen på veg til Kina. Men han får ikkje lov til å vende tilbake på jobb som normalt.

Ole Einar Bjørndalen

KINA-SJEF: Ole Einar Bjørndalen er landslagssjef for dei kinesiske skiskyttarane. Her frå verdscupen i Östersund i vinter.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Døra er ikkje stengt, men den er videoovervaka så det blir ikkje snakk om å gå ut av rommet og lufte seg, seier Ole Einar Bjørndalen.

Frå Minsk har nordmannen fjernstyrt Kinas landslagsløparar i skiskyting, som har vore innesperra på kvart sitt enkeltom i ei tre veker lang karantene på treningsleir i heimlandet.

– Det er ei ganske tøff karantene. For enkelte har det vore utfordrande mentalt å sitte inne, men det er nok ein god grunn til at Kina gjør som dei gjør, seier Bjørndalen.

Snart ventar same type kvardag for Bjørndalen, som fredag reiser frå Kviterussland til eit liv «bak lås og slå» i karantene i Kina.

– Det blir spennande å sjå korleis ein handterer det. Eg får bare kopiere treningsprogrammet eg laga til utøvarane og få tida til å gå på den måten, seier 46-åringen.

Bare det å komme seg dit er ikkje ein enkel jobb. Flytrafikken verda over har stoppa opp. Gjentatte gangar har Bjørndalens flybillettar blitt kansellert, men fredag håpar han å komme seg opp i lufta.

Må endre OL-plan

I Kina fryktar myndigheitene ei ny smittebølge. Denne veka blei det bekrefta nye tilfelle av korona i den nyleg gjenopna byen Wuhan med 11 millionar innbyggarar, som alle må gjennom testing framover.

Bjørndalen skal hjelpe landets skiskyttarar fram mot OL i Beijing i 2022 og er spent på korleis livet blir dei to neste åra.

– OL kjem snart, så vi har ikkje så mykje val enn å bare køyre på. Denne sommaren går vi glipp av tre månader med trening på arenaer i Europa som vi kjenner godt til frå før. I Kina er det arenaer med utfordringar og manglar, men om dei asfalterer OL-arenaen raskt nok blir det bra også der, seier tidenes mestvinnande skiskyttar.

Bjørndalen trener Kina saman med Darja Domratsjeva, men verken ho eller dottera Xenia blir med til Kina denne gangen.

– Det er greitt å teste ut den typen karantene før vi tar med Xenia (tre år) på det. Eg har venner i Frankrike som har vore i nesten lik karantenesituasjon, og det har vore veldig utfordrande, seier Bjørndalen.

UOXHzCnPt3I

HELSESJEKK: Ein flyplassarbeidar viser fram eit helsekontrollskjema på ein flyplass i Beijing. Å reise til landet for å jobbe er ikkje ein lettvint prosess.

Foto: NICOLAS ASFOURI / AFP

Vil unngå smitte i fjellet

Ifølge AFP har helseekspertar åtvara mot at ei for tidleg gjenopning av kvardagen i Kina kan føre til meir spreiing av viruset, men Bjørndalen trur han og landslaget kan gjennomføre toppidrettstrening utan problem.

Nordmannen fortel at han må vende seg til å gå med munnbind, men at han er vant med å jobbe for å unngå smitte.

I 25 år var han aldri sjuk før eller under VM eller OL.

– Eg ser ingen stor fare med å jobbe i Kina kontra i Europa. Det viktigaste for oss blir no å komme oss opp i fjellet og drive seriøs trening. Det blir eit mentalt løft for utøvarane som ikkje fekk møte familiane sine etter vintersesongen på grunn av karantenereglane, seier Bjørndalen.

NRKs koronareporter Hallvard Sandberg trur det tar lang tid før Bjørndalen og andre nordmenn som skal jobbe i Kina får ein normal arbeidskvardag.

– Kina ser jo også på alle utlendingar som smittetilfeller. Og sjølv om ein ikkje testar positivt for korona og fullfører karantenetida, er det fortsatt strenge krav om rapportering av helsetilstand. Ein er på ingen måte fri, seier Sandberg.

Bjørndalen er uansett klar for to veker med venting på eit enkeltrom.

– Då er det bare å ta med seg bøker. Eg er ikkje akkurat den som les mest bøker, men no har eg vel sjansen

Siste nytt

  • Tre nykommere på årets hopplandslag

    Hopplandslaget utvides fra 12 til 15 utøvere. Anders Håre (20), Thea Minyan Bjørseth (16) og Eirin Kvandal (18) er nye på laget. Kvinnelandslaget blir utvidet til seks utøvere, mens ni utøvere er tatt ut til herrelandslaget. Landslaget innleder med samling på Lillehammer denne uken.

    Hopp
    Foto: Gorm Kallestad
  • Lundby mottok Raw Air-prisen

    Maren Lundby vant som kjent Raw Air sammenlagt i mars, men turneringen ble avbrutt på grunn av koronautbruddet. Nå har hun imidlertid mottatt beviset på at hun gikk til topps i den prestisjefulle hoppturneringen. Lundby vant samtidig verdenscupen sammenlagt.

    Maren Lundby
    Foto: Frode Søreide / NRK
  • RBK henter landslagsspiller

    Kristine Minde forlater storklubben Wolfsburg til fordel for Rosenborg, melder klubben på sine nettsider. Minde, som har 107 landskamper for Norge, er spilleklar for RBK fra 1. august 2020 med kontrakt ut 2022.

    Minde
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal