Bortsett frå ein liten skade i handa, er det lite som ikkje har gått vegen for Kilde i det siste.
Så langt denne sesongen har det vorte sju verdscupsigrar og til saman ti pallplassar. Og i VM er han ein av gullfavorittane. Allereie har det blitt eit sølv.
Styrken, teknikken, utstyret og alt fungerer for 30-åringen. Men det er også dei bitte små detaljane som gjer at han er i verdstoppen.
Og det er éin ting som NRKs alpinekspert Lars Elton Myhre har lagt spesielt merke til.
DELER ERFARING: Kilde gir ein rapport opp til lagkamerat Adrian Smiseth Sejersted i Kitzbühel.
Foto: Lise Åserud / NTBTrampolineeffekt
Nemleg ein liten detalj som gir stor gevinst.
– Eg trur det er mange som står på start som har same eigenskapen, men så er det nokon som klarer å gjere det oftare enn andre. Og det er dei som ofte vinn, seier Kilde til NRK.
Og 30-åringen er ein av dei som har eigenskapen – og vinn.
For i overgangen mellom bratt og flatt i utforløypa, greier nemleg Kilde å hente meir fart i staden for å bremse opp.
Eit døme der han gjer dette, er frå sigersrennet i Kitzbühel:
– Spesielt der det går frå bratt til flatt, det er mykje g-krefter. Dei fleste i feltet har nok med å stå imot dei kreftene, fortel Myhre.
VANSKELEG: NRKs alpinekspert lèt seg imponere.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRK– Kilde har ei så god timing no, har ein så god balanse og han er så ekstremt sterk, at han klarer å gi eit mottrykk, ei rørsle, som kan sjå ut som gir ein liten akselerasjon, som gjer at han er ekstremt bra når han kjem frå bratt til flate strekk.
Det vil seie at Kilde nesten skyt ut som ei pil i overgangen frå det bratte henget og ut på flata.
– Kor vanskeleg er det?
– Når du køyrer i 100 kilometer i timen så køyrer du nesten 30 meter i sekundet. Det her er ei timings-sak som er ekstrem saman med den styrken. Eg har aldri sett det har vorte gjort før, så ganske krevjande vil eg tru det er, seier Myhre.
Må vere litt «frekk»
Og Kilde har lært av dei beste, nemleg to av dei tidlegare lagkameratane Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud.
– Dei er ekstremt flinke på det. Å vere smarte og taktiske når det gjeld kvar ein skal få med seg mykje fart, seier Kilde.
Manøveren kan nemleg verke liten i det store biletet, og til og med vanskeleg å sjå, men det viser seg på sluttida når han kryssar målstreken.
– Du får ein god gevinst av det?
– Ja. Det seier seg litt sjølv, at ein må jobbe med tyngdekrafta. Viss ein klarer å vere litt frekk der det er bratt, for å få med seg mykje fart ut der det er flatt, så er det bra for klokka òg.
NRKs ekspert stemmer i.
– Han får eit skyv som skyt han som ei pil ut på dei flate strekkane. Det gjer seg gjeldande også i større tunge svingar der vi ikkje ser den aktive rørsla så tydeleg som vi får døme på ut på flatene. Utfor handlar mykje om å bevare ein fart og auke han, dei små, små tinga som utgjer mange ting på tre kilometer køyring. Det sit for Kilde no, og derfor så er han så ekstremt raskt, seier Myhre.