– Vi er fullt på høgde med dei, men dei er meir effektive, sa KFUM-kaptein Stian Sortevik til NRK i pausen. Då leia Odd 2-1.
Det hadde han rett i, og det kom endå meir til syne etter pause. Det enda 5-2 til gjestene til slutt, fordi KFUM-spelarane blei skikkeleg slitne etter kvart.
– Det blir klart tap dette, men eg synest KFUM skal vere stolte av det dei har levert i kveld, sa NRKs ekspert Melissa Wiik mot slutten av kampen.
KFUM-trenar Jørgen Isnes var skuffa etter kampen, sjølv om laget hans lenge hang med.
– Det er skuffande, men vi møter eit kontringssterkt lag. Dei straffar oss på det vi er svake på. Vi må jobbe meir med ein til ein-spelet. Dei er raskare enn vi. Men matchen lever til 3-2, sa Isnes.
Går for kvalik i serien
No går klubben – som er nummer fire i 1. divisjon – for kvalik i serien.
– Det skal vi klare.
Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo var glad og letta etter sigeren.
– Deilig med semifinale. Eg var skuffa i første omgang og forbanna i pausen. Men vi er godt trent, derfor kom intensiteten og skilnaden på laga i andre omgang. Då kom også sjansane og måla, sa Fagermo.
– Kven ønskjer du deg i semifinalen?
– Det betyr ikkje så mykje, men eg håpar på heimekamp, seier Fagermo. Odd har hatt bortekamp i alle fem rundane i årets cup.
– Vi har ikkje spela heime sidan Einar Gerhardsen var statsminister, smeller Fagermo til.
Odds siste heimekamp i cupen var mot Åsane i 4. runde i juni 2015.
Semifinalene skal trekkjast i Kveldsnytt på NRK1 i kveld.
Frisk start – målrik avslutning
Første omgang var jamspela, men med Odd som det farlegaste laget.
Torgeir Børven gav Odd leiinga midt i KFUMs beste periode. Men det tok berre eit minutt før David Tavakoli utlikna for heimelaget.
Tobias Lauritsen gav Odd leiinga på nytt etter å ha avslutta eit flott angrep med ei knallhard heading.
Kampen var jamnspela også etter pause. Då Filip Møller Delaveris gjorde alt sjølv og sette inn 3-1 eit drygt kvarter før full tid, verka kampen avgjord.
Men det kunne sett anleis ut på den tid. Like før hadde nemleg KFUM-innbytar Simen Vedvik svidd ein gigasjanse då han utnytta eit svakt tilbakespel. Men Odd-keeper Sindre Rossbach redda.
Så var ikkje kampen køyrd likevel. Lars Olden Larsen omsette eit innlegg i mål frå kort hald. Kunne KFUM likevel hente seg inn att?
Nei, det kunne dei ikkje. Kåffa-forsvaret makta ikkje å rense unna etter eit Odd-angrep, og Vebjørn Hoff fekk krangla inn 4-2. Og minuttet etter kom Delaveris seg fri, og 5-2.
På overtid kunne det blitt både 6 og 7, men Odd kom ikkje nærmare enn Rashanis stolpeskot.