Kenyanske VM-løparar avslørt med sprøyte i armen: – Skremmande

Her blir den kenyanske VM-løparen filma medan han dopar seg, ifølgje den tyske TV-kanalen ZDF.

EPO

DOPING: Her sitt VM-utøvaren frå Kenya med ei sprøyte i armen. Bilete er publisert med løyve frå ZDF.

Foto: Skjermdump / ZDF

– Det er litt skremmande, men eg er ikkje noko overraska over at det skjer. Dessverre er det ein historikk som seier at i Kenya er ikkje ting på stell, og det må ein ta tak i, seier NRK-ekspert Vebjørn Rodal.

Vebjørn Rodal

REAGERAR: NRK-ekspert Vebjørn Rodal.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

På videoen, som er tatt med skjult kamera, ser vi to personar få ei sprøyte i armen, og ifølge TV-kanalen ZDF skal løparane få injisert EPO i blodet.

Det skal gjelde ein mannleg og kvinneleg utøvar. Begge er tatt ut til VM i Qatar som startar fredag.

Opptaka er tatt på eit lokalt apotek i Kenya. Ein lege som blir intervjua fortel at utøvarane brukar EPO på trening, men ikkje rett før viktige løp eller konkurransar.

Sjølv skal han ha gitt åtte løparar tilknytt landslaget slik behandling.

– Alvorlege påstandar

Landslagssjef Barnabas Korir seier på si side at alle løparane på landslaget er reine og at konsekvensane av doping er noko dei fokuserer på.

– Blir ein utøver tatt for doping, blir han kastet ut av landslaget med ein gong og får aldri bere dei kenyanske fargane igjen, seier Korir.

I reportasjen blir det hevda at antidopingsystemet i landet er korrupt. Blant anna blir utøvarane bedt om å betale pengar for at prøvane ikkje skal bli offentleggjort.

I ei e-post-utveksling kanalen har fått tilgang på, står det:

– Både A-prøven og B-prøven er positiv. La oss møtast for å diskutere kva vi skal gjere med dette.

Kenya er eit av fem land som blir granska ekstra når det kjem til doping, seier Brett Clothier i Friidrettens integritetsenhet.

– Det her er veldig alvorlege påstandar. Vi er ikkje naive og veit at det er problem med korrupsjon i Kenya. Vi er alltid opne for innspel og for å undersøke denne typen påstandar, seier Clothier til ZDF.

Norsk samarbeid

Kenya har lenge vor ein prioritert nasjon for Verdas antidopingbyrå (WADA). Landet stod lenge i fare for å bli utestengt frå OL i Rio de Janeiro. I åra før skal rundt 50 utøvarar blitt tatt for doping.

Dette medførte mellom annan at Nasjonalforsamlinga i 2016 vedtok ei ny antidopinglov.

Antidoping Norge har sidan 2010 samarbeida med styresmaktene i Kenya. Målet har vore å få på plass eit effektivt antidopingarbeid etter internasjonal standard. Den avtalen går ut i 2019.

Rodal meiner at dette syner at som er gjort ikkje er godt nok og at ein difor bør vurdere å stenge ute Kenya får meisterskap, slik som ein har gjort med Russland.

– Når det ikkje blir synt vilje til å rydde og ting openbert står fram som korrupt, så må det nok tøffare lut til.

Siste nytt

  • Fire personer pågrepet i Bulgaria

    Bulgarsk politi har gått til pågripelse av fire personer mistenkt for å stå bak de rasistiske tilropene på tribunen i kampen mellom Bulgaria og England mandag.

    – Det jobbes med å identifisere de øvrige personene som sto bak opptrinnet, opplyser det bulgarske politiet til Sky Sports.

    EM-kvalifiseringskampen ble avbrutt to ganger av kampens dommer i 1. omgang på grunn av publikums rasistiske tilrop mot engelske spillere. I tillegg viser bilder fra kampen at flere bulgarske tilhengere gjorde nazihilsen under kampen.

    Den ubehagelige episoden i kampen fikk allerede tirsdag følger. Den bulgarske fotballpresidenten valgte å gå av som følge av hendelsen i Sofia etter at Bulgarias statsminister anmodet om det. Det europeiske fotballforbundet (UEFA) har dessuten startet sin egen etterforskning mot det bulgarske fotballforbundet. (NTB)

    Euro 2020 Qualifier - Group A - Bulgaria v England
    Foto: Carl Recine / Reuters
  • Skadetrøbbel for Solskjær

    Ole Gunnar Solskjær får hektiske dager med å stable et slagkraftig lag på beina til Manchester Uniteds hjemmemøte mot serieleder Liverpool søndag. Skadelisten er lang. Elleve spillere er enten definitivt ute eller usikre foran stormøtet søndag.

    Paul Pogba, Anthony Martial, Aaron Wan Bissaka, Luke Shaw, Victor Lindelöf, Jesse Lingard, Phil Jones og Eric Bailly er enten ute eller usikre. Alle manglet i troppen mot Newcastle forrige runde, viser opptellingen Manchester Evening News har gjort.

    Diogo Dalot startet i Newcastle, men haltet av banen i annen omgang. 17-åringen Mason Greenwood måtte melde forfall til Englands U21-tropp dagen etter. (NTB)

    Premier League - Newcastle United v Manchester United
    Foto: Scott Heppell / Reuters
  • Uavgjort mellom Sverige og Spania

    Sverige hadde lenge seieren i sin hule hånd etter at veteranen Marcus Berg satte inn 1-0 for svenskene i starten av andreomgang. Robin Olsen hadde en strålende kamp i Sveriges mål, men på overtid utlignet Rodrigo til 1-1 for Spania

    Euro 2020 Qualifier - Group F - Sweden v Spain
    Foto: Tt News Agency / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal