Keita med perlemål i comebacket for Stabæk

Muhamed Keita var med på å overkøyre Aalesund i comebacket på Nadderud.

keita

PRAKTMÅL: Muhamed Keita skåra eit perlemål i comebacket mot Aalesund, og feira med lagkameratane.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Etter fem kampar utan tap, kunne Stabæk endeleg juble for tre poeng heime på Nadderud. Med 3-0-sigeren over Aalesund kunne dei også klatre over nedrykkstrekken.

Der må derimot Aalesund finne seg i å ligge, etter ein dårleg gjennomført kamp.

– I dag er me ikkje til stades. Då vinn Stabæk fortjent, sa Aalesund-trenar Trond Fredriksen til TV 2 etter kampen.

Comebackdagen

For det var Stabæk som køyrde kampen frå første spark. Med unntak av ein Aalesund-sjanse etter kvarteret spelt, var det heimelaget som hadde kontroll.

– Eg er dritskuffa over at me ikkje vinn meir, ler ein ironisk Stabæk-kaptein Morten Skjønsberg etter kampen.

På bana hadde dei to gamle heltar, både Alanzinho og Muhamed Keita. Førstnevnte var ein publikumsfavoritt på Nadderud då Stabæk vann sin første seriemeisterskap i 2008, og viste tendensar til gamle takter i kampen mot tangotrøyene frå Ålesund.

Med lekre tekniske detaljar var 33-åringen nesten til å kjenne igjen frå jubelsesongen i 2008.

alanzinho

COMEBACK: Det vart eit bra comeback også for Alanzinho, som viste gamle gode takter.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det er artig å ha dei tilbake, sMorten Skjønsberg.

Eit gledeleg gjensyn blei det også for Keita, som leverte eit skikkeleg kremmarhus då han limte ballen i krysset frå 20 meter etter halvtimen spel.

Eksplosiv avslutning

Då hadde allereie Cole Grossman sett inn 1-0 på akkurat samme måte. Dei nærmare 5000 oppmøtte blei altså vitne til to perlemål på Nadderud.

Og Aalesund hadde lit å stille opp med mot dei blå ut førsteomgangen. Liten kreativitet framover og mange feilpasningar gjorde at vertane hadde få problem med å forsvare leiinga til pause.

Etter pausen var Aalesund litt friskare, men sleit fortsatt med å komme til dei verkeleg store sjansane.

Keita, som er på utlån frå polske Lech Poznań gjekk ut etter 80 minuttar, og kunne sjå frå sidelinja at Aalesunds Bjørn Helge Riise blei utvist etter å ha rive ned Luc Kassi. Han svara med å enkelt sette inn 3-0.

– Me hadde håpa på å vere betre i andreomgang, men me held nullen, og då er eg nøgd, avsluttar Skjønsberg.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Lagerbäck vraker Johansen

    Norges lag i den viktige nasjonsligakampen mot Kypros er klart, og kaptein Stefan Johansen starter på benken. Disse starter: Jarstein, Elabdellaoui (K), Nordtveit, Rosted, Meling, Fossum, Henriksen, Selnæs, M. Elyounoussi, Kamara og T. Elyounoussi.

    Nasjonsliga Kypros mot Norge.
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
  • Narvik valgt som norsk VM-kandidat

    Skiforbundet har valgt Narvik som søkerby til en eventuell søknad for VM i alpint i 2027. Det offentliggjorde skipresident Erik Røste på en pressekonferanse på Gardermoen mandag. Hafjell/Kvitfjell var den andre aktuelle kandidaten.

    Norsk søkerkandidat til alpin-VM
    Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix
  • To norske EM-sigrar i dag

    Steffen Walstads mannskap slo Polen 9-3 og Tyskland 7-4 i dagens to kampar i curling-EM i Estland. Norge har dermed tre sigrar og to tap hittil.

    Tysdag morgon møter Norge Sverige, som har vunne alle sine kampar hittil.

    Steffen Walstad
    Foto: John Locher / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sjakk: Parti 8: Magnus Carlsen - Fabiano Caruana
Nasjonsligaen: Kypros - Norge