To gangar i løpet av første omgang var Rosenborgs Pål André Helland aleine med keeper Gudmund Kongshavn. Begge gangane var den 25 år gamle sisteskansen iskald mot ein av eliteseriens beste avsluttarar.
Heller ikkje då Helland på ny fekk sjansen i andre omgang var Kongshavn mogleg å overliste. Rosenborg-angriparen blei spelt perfekt gjennom av Yann Erik De Lanlay, Helland prøvde å breiside ballen i det lengste hjørnet, men Kongshavn var god og slo ballen ut til hjørnespark.
Også Tore Reginiussen og Matthias Vilhjalmsson møtte veggen i møtet med Tromsø-keeperen på store scoringssjansar.
Tromsø-scoring
Tromsøs Sofien Moussa tok leiinga etter 37 minutt. Målsniken frå Tuinisia banka inn scoring i sin andre heimekamp på rad.
Men sjølv om Rosenborg skapte mykje og scora lite, fekk dei med seg tre avgjerande poeng til slutt.
Mike Jensen utlikna til 1-1 på overtid i første omgang.
– Ikkje bekymra
Anders Konradsen overlista ein strålande Kongshavn eit stykke ut i andre omgang. Rosenborg vann 2-1 og tok tilbake tabelltoppen i eliteserien.
– Det var bare eit tidsspørsmål før vi scora. Eg hadde vore meir bekymra om vi ikkje skapte noko, seier trenar Kåre Ingebrigtsen til TV2.
– Det blir spennande og ekkelt når dei scorar på sin eine sjanse i første omgang, men vi er iskalde og drar i land ein viktig siger, seier Anders Konradsen til TV2.