Hopp til innhold

Kashafali med enorm førjulsgåve: – Det er så mykje tull og faenskap

Organisasjonen Urafiki har fått ein gladnyheit frå para-sprintaren Salum Kashafali. Han donerer vekk alle premiepengane han har tent dei siste åra, og oppfordrar andre til å ha ein «december to remember».

Salum Kashafali gir penger til skoler i Kongo

GÅVMILD: Salum Kashafali gir vekk det han har tent på idretten dei siste åra, for å gi andre born i heimlandet ei utdanning han sjølv ikkje fekk.

Foto: Anne Rognerud / NRK

Urafiki er ein frivillig organisasjon som byggjer skular i Kashafali sin heimby Bukavu, aust i Kongo.

– Det er så mykje tull og faenskap der. Går du ikkje på skule, hamnar du på gata og kan døy, seier Salum Kashafali til NRK.

Mannen som tok paralympisk gull på 100 meter i år, gir frå seg alle start- og premiepengane, pluss halve bonusen frå Paralympics, til organisasjonen Urafiki – til trass for at han så vidt har råd til å drive med friidrett sjølv.

Vil gi andre sjansen

Han fortel at han har lenge tenkt på å bidra, og no gjer han det. Han vil gi andre born i heimlandet den moglegheita han aldri fekk.

Eg gjekk aldri på skule, for vi hadde ikkje råd til det. Så eg fekk aldri den skulegangen eg ynskja å få, og det er veldig synd. Eg lærte ikkje å lese og skrive før eg kom i 14-årsalderen, seier Kashafali.

Salum Kashafali

STORE PRESTASJONAR: Sjølv om Salum Kashafali har tatt OL-gull og VM-gull, renn det ikkje inn med pengar i retning parautøvaren.

Foto: Bob Martin / AP

Det er ikkje store summar han gir vekk. Som parautøvar er ikkje premiepengane dei største, men likevel gir han frå seg det vesle han har tent.

– Har du råd til dette?

– Nei, eg har ikkje råd til det. Eg har så vidt råd til å halde på med friidrett sjølv, men eg har mat på bordet og det kjem uansett kor lite eg får. Hjå dei er det ikkje ein sjølvfølge at det kjem mat på bordet, og det er ikkje ein sjølvfølge at dei får gå på skule, seier han.

Likevel gjer han det fordi han veit det kan gjere ein forskjell. Med den summen han gir, kan han vere med å gi ei utdanning for fleire born.

I tillegg tenkjer han på dei som veks opp med ei funksjonsnedsetjing som seg sjølv.

Det er enda viktigare for personar som meg. Vi hamnar på gata uansett. Viss vi kan få til eit system slik at personar med ein nedsett funksjon kan kome seg på skulen og få etablert moglegheita å bli noko anna, betyr det så mykje.

Doble talet elevar

Styreleiar Kristin Werner i Urafiki, er stolt og glad over pengesummen.

– Hjartet banker og jubelen står i halsen. Det er ein fantastisk førjulspresang, seier Werner til NRK og held fram:

– Det betyr så mykje på mange måtar. For det første er vi ei lita grasrotorganisasjon, så at nokon utanifrå ser oss, løftar oss fram og trur på det arbeidet vi gjer, betyr veldig mykje. Pengane i seg sjølv bidreg til at vi kan halde fram med å byggje skular, seier ho.

Kashafali sine pengar skal inn i potten på bygginga av ein ny barneskule i byen, som per dags dato held til i ganske dårlege lokale. Bygginga av den nye skulen vil gi ei dobling i talet elevar som får plass.

– Det er framleis ganske mange born i lokalområdet som ikkje går på skule, så ein ny skulebygning vil løfte lærarane og gi plass til enda fleire, seier ho.

Salum Kashafali gir penger til skoler i Kongo

BYGGJER SKULAR: Her er ein av skulane Urafiki har byggja.

Foto: Urafiki

Kjem med ei oppfordring

Styreleiaren meiner Kashafali er eit perfekt førebilete for born og unge.

Han er oppteken av moglegheiter, og at dei ressursane som finst, må brukast. Det er fantastisk kva han maktar og står fram for, seier ho vidare.

Sjølv håpar Kashafali at dette kan inspirere fleire til å hjelpe.

Eg vil utfordre alle, både dei som held på med friidrett, idrett og utanfor, å bruke noko av det vesle dei har til å bidra til å hjelpe born i Afrika og Asia. Eg fekk aldri gå på skule. Her er vi privilegert, seier han og held fram:

Ha ein «december to remember», og gi eit betre utgangspunkt for eit born der ute, avsluttar han.

Salum Kashafali gir penger til skoler i Kongo

UTDANNING: Glade born på skulen Malumbu i Bukavu i Kongo.

Foto: Urafiki

Siste nytt

  • Alvorlig kneskade tvinger Sandefjord-spiller til å legge opp

    Sandefjord-spiller Andreas van der Spa (25) har tatt den tunge beslutningen om å avslutte fotballkarrieren etter at en kneskade har skapt komplikasjoner.

    Eliteserieklubben opplyser om beslutningen på sine nettsider fredag.

    Der heter det at van der Spa skulle gjennomgå det som på forhånd var antatt å være en enkel kneoperasjon. Det viste det seg ikke å være.

    – Samtalen med legen i etterkant var nedslående – og det var naturlig for meg å få noen flere synspunkter. Derfor har noen av de fremste ekspertene her i landet kommet med sine konklusjoner. Det er bare å krype til korset og slutte med toppfotballen, sier van der Spa.

    – Det har selvsagt vært blytungt, og jeg har vært helt i kjelleren, sier han videre og forteller at han rømte landet etter beskjeden.

    Beskjeden han fikk fra legene var krystallklar. Mer toppfotball kunne gitt varige skader.

    – Da jeg fikk «dommen» kom det som et sjokk. Jeg hadde ingen problemer da jeg kom til Sandefjord, sier nordlendingen.

    Forsvarsspilleren ble hentet inn som erstatter etter at kaptein Sander Moen Foss forsvant til Lillestrøm. Han var tiltenkt en sentral rolle i Sandefjord etter overgangen fra Sogndal. (NTB)

    Andreas van der Spa
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Maanum kan gjøre comeback etter kollapsen søndag

    Arsenal-sjef Jonas Eidevall opplyser at Frida Maanum kan bli å se i søndagens kamp mot Leicester etter en lang periode på sidelinjen.

    Maanum falt om og ble liggende på gresset på overtid i ligacupfinalen mot Chelsea for snart tre uker siden. Hendelsen satte en støkk i både lagvenninner og andre.

    Svenske Eidevall forklarer at Maanum overvåkes medisinsk mens hun gradvis gjør seg klar for å komme tilbake på banen.

    – Alt går bra for øyeblikket, men vi må holde oss til protokollen og prosessen. Og så håper vi selvsagt at hun kan være tilgjengelig for å spille søndag, sa Eidevall på fredagens pressekonferanse.

    Søndag tar Arsenal imot Leicester som ligger på 9.-plass på tabellen.

    Arsenal ligger på 3.-plass i serien med seks poeng opp til tittelrivalene Manchester City og Chelsea. (NTB)

    Frida Maanum i aksjon i ligacupfinalen mot Chelsea
    Foto: ADRIAN DENNIS / AFP
  • Gulbrandsen tilbake i Molde-troppen til storkampen

    Molde-trener Erling Moe kan glede seg over å ha spissen Fredrik Gulbrandsen tilbake i troppen til søndagens storkamp mot Bodø/Glimt i Eliteserien.

    – Det blir vel én forandring, og det er at Martin Linnes ikke er med oss oppover. Fredrik Gulbrandsen er tilbake i troppen. Ellers ser det helt likt ut (som sist), sier Moe til TV 2.

    Gulbrandsen ble skadd allerede i serieåpningen mot Strømsgodset og har siden jobbet hardt for å komme tilbake. Det er uklart hvor mye han kan spille av søndagens toppkamp.

    Linnes startet i 1-2-tapet mot Odd onsdag og gikk av etter en time.

    For Glimts del er eneste endring at Ulrik Saltnes er tilbake i troppen. Han sto over mot Lillestrøm (5-0-seier) sist helg på grunn av sykdom.

    Kampstart på Aspmyra søndag kveld er klokken 19.15. (NTB)

    UEFA Europa Conference League 2023/2024: Molde - Club Brugge (2-1)
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal