– Heilt rått! ropte NRK sine kommentatorar Marius Arnesen og Andreas Toft då Kristoffersen kryssa mållinja.
Henrik Kristoffersen låg på 9.-plass etter 1. omgang av slalåmrennet i Kitzbühel, men leverte ein ny fantastisk finaleomgang, og køyrde seg opp til 2.-plass.
Resultatet er karrierebeste for 19-åringen, som held fram å imponera alpineliten, og syner storform før OL i Sotsji.
Berre tyske Felix Neureuter var betre i dei vanskelege forhalda. Italienske Patrick Thaler tok 3.-plassen. Heimefavoritt Marcel Hirscher leia etter 1. omgang, men gjorde ein grov feil og kom i mål til 23.-plass.
– Etter 2. omgangen hadde eg eigentleg vore nøgd med topp fem. 2.-plass er heilt fantastisk, sa Kristoffersen sjølv då resultata var klare.
- Sjå resultat her
– Kjem til å hengja med i toppen
Supertalentet har vore jamn i verdscupen og har to pallplasseringar, ein 3.-plass i Levi og Adelboden, å visa til denne sesongen.
– Eg er veldig imponert over fyren, familien hans og alle andre som står bak, sa NRK-ekspert Arnesen, og la til:
– Henrik kjem til å hengja med i toppen vidare. Køyrer han godt i to omgangar, kjem han heilt klart til å kjempa i toppen.
Kristoffersen haustar lovord frå mange hald. Marcel Hirscher er ein av dei som lar seg imponera.
– Henrik er eit stort talent. Berre 19 år. Heilt utruleg! Han kan vinna slalåm, storslalåm og kanskje verdscupen. Alt er mogleg, sa austerrikaren til NRK torsdag.
Gratulasjonar frå skipresidenten
Noreg har fleire som gjer det godt i slalåmbakken for tida. Sebastian Foss Solevåg tok 12.-plass, medan Jonathan Nordbotten vart nummer 20.
Skipresident Erik Røste sende gratulasjonar til det norske laget over Twitter.
– Gratulere. Utrolig moro. Ungt lag, men allerede i verdenstoppen.
Henrik Kristoffersen ligg no på 8.-plass totalt i verdscupen. Aksel Lund Svindal leiar.