No er det slutt. Når sluttspelet er over seinare i vår, er også ein eventyrleg karriere slutt.
– Det er ei totalvurdering ut frå kropp, familiesituasjon og andre ting. Det er ikkje alle som har fått lov å spele handball så lenge som eg har gjort, og å oppleve så mykje, seier Breivang til NRK.
Breivang blei mamma i fjor haust, men var tilbake på handballbana i februar.
– Det var ei vanskeleg avgjerd. Dette har i lang tid vore livet mitt og noko eg elskar å gjere. Men det er noko som har nærma seg sakte, men sikkert dei siste åra. Derfor kjendest det rett å avslutte no, seier Larvik-veteranen som fyller 37 år om snaue tre veker.
12 seriesigrar og åtte meisterskapsgull
Breivang har 12 sesongar bak seg for Larvik, alle med seriemeisterskap som resultat. 504 klubbkampar har det blitt, og ein siger i meisterligaen.
På landslaget har ho åtte meisterskapsgull – fem i EM, to i OL og eitt i VM. 305 landskampar er fleire enn noko annan. Ho gav seg på landslaget for to år sidan.
– Det er alle menneska eg har møtt og fått lov å vere saman med som sit igjen som det største inntrykket.
– Det blir nok litt rart når hausten nærmar seg å ikkje lenger vere handballspelar. Det har vore livet mitt i veldig lang tid.
Stjernefall
Breivang er den tredje Larvik-profilen som no blir borte. Også Gro og Anja Hammerseng-Edin avsluttar sine handballkarrierer etter denne sesongen. Og Marit Malm Frafjord reiser til Romania, samstundes som ho gir seg på landslaget.
– Men eg trur likevel framtida for klubben ser lys ut. Dei har fått spennande signeringar, og vinnarkulturen sit i veggane. Eg er sikker på at Larvik kjem til å vere med i toppen i framtida også, seier Breivang.