Sergej Karjakin har det siste året vore utestengd av Fide etter å ha offentleg støtta Russland og invasjonen deira av Ukraina.
No blir det sagt at han skal vere tilbake i varmen.
Nyleg delte russaren på sin Telegram-side at han hadde blitt invitert til «World Cup»-turneringa av forbundet.
Dei tre beste i nemnde turnering får delta i kandidatturneringa som avgjer kven som får vere ein del av neste sjakk-VM.
TOPPSPELAR: Karjakin var rekna som ein av dei beste sjakkspelarane i verda. Her med Magnus Carlsen frå då dei møttest til VM-kamp i 2016.
Foto: EDUARDO MUNOZ ALVAREZ / AFP– Det er favoritturneringa mi, med eit «knockout»-format. Eg har spelt bra der tidlegare. Men i den kommande turneringa kan eg ikkje representere landet mitt, spele under flagget mitt, og viss eg lykkast, vil eg ikkje høyre nasjonalsongen i landet. Eg er kategorisk imot dette, sa han ifølge Reuters.
– Katastrofe
Som kjent får ikkje russarar delta i Fide-turneringar under russiske flagg, men må konkurrere under eit nøytralt Fide-flagg – viss dei vil vere med. Det vil openbert ikkje den russiske sjakkspelaren, som har tatt eit tydeleg standpunkt.
Avslaget overraskar ikkje sjakkekspert Atle Grønn.
– Det Fide heile tida prøver på er å ikkje provosere Vesten for mykje, samtidig som dei tener Russland sine interesser. Dei er i ein permanent skvis mellom Russland og Vesten. Dei lèt som dei inviterer Karjakin, så veit dei at han ikkje kjem til å stille, seier han til NRK.
– Her har dei (Fide) valt å ikkje provosere Russland. Dei skjønar at viss Karjakin hadde stilt, så hadde det vore katastrofe for resten av verda. Dei har følarane sine ute og veit at Karjakin trekker seg.
– Ser på det som ei fornærming
Ifølge nyheitsbyrået Reuters har FIDE svart med å seie at Karjakin ikkje har blitt invitert, men i staden var kvalifisert basert på resultata hans, og gjentok nøytralitetsreglane for russiske og belarusiske deltakarar.
– Viss han skulle deltatt, måtte han deltatt med nøytralt flagg. Han ser på det som ei fornærming viss han ikkje får bere det (russiske flagget) og det synest også følgarane hans, seier Grønn og legg til:
– Då er han i praksis ute av dette her.
Karjakin har fått massiv kritikk for å støtte Vladimir Putin-regime. Fide valde i mars å stenge ute 32-åringen i seks månader for brot på dei etiske retningslinjene til forbundet.
Fide-topp Emil Sutovsky meiner denne gongen at det absolutt ikkje er snakk om noko invitasjon til «World Cup».
– Det er feil å hevde at FIDE «inviterte Karjakin» slik nokon gjorde. Han fekk sin plass etter turneringa tilbake i 2021. Det er ikkje eit spørsmål om å invitere eller ikkje – det er den juridiske forpliktinga vår, seier han til Reuters.
Den forklaringa er ikkje Grønn heilt med på.
– Det hadde vore rart å avvise han, men ein kunne ha ekskludert han. Ein kunne ha forlengt karantenen og suspensjonen som han fekk i byrjinga av krigen.
NRK har sendt ein førespurnad til Fide om ein kommentar til Grønns utspel, men har førebels ikkje fått noko svar.