– Karjakin har jo mista det for lenge sidan. Han er ikkje i stand til å sjokkere meg lenger. Heile den ekle stemninga i det intervjuet..., seier Atle Grønn til NRK.
Sjakk- og Russland-eksperten siktar til intervjuet Karjakin nyleg gjorde med den profilerte og pro-Kremlske journalisten Boris Korsjevnikov i eit program på TV-kanalen Russland 1.
Der blir mellom anna Magnus Carlsens og VM-kandidat Jan Nepomnjasjtsjijs namn teke opp.
«Nepo» har det siste året valt å konkurrere under nøytralt flagg, til likskap med andre russarar som har ønskt å delta i meisterskap. Det er mellom anna det Karjakin – som har vore utestengde av det internasjonale sjakkforbundet (Fide) det siste året – reagerer på.
– Eg slutta å kommunisere med Jan for eit år sidan. Vi har spelt mange år saman på landslaget. Men våre vegar har skilst, for å seie det slik. Mange menneske har ikkje rett dømmekraft, seier Karjakin om Nepomnjasjtsjij, som om kort tid skal spele om VM-tittelen mot kinesiske Ding Liren.
Brå vending
Kort tid etterpå tek Karjakin Carlsens namn i munnen sin.
– Som eit av dei negative døma kan vi ta utsegna til verdsmeisteren Magnus Carlsen, som generelt alltid har sine eigne meiningar, innleier han.
– Han uttrykte seg alltid normalt når han deltok i diskusjonar, men plutseleg sa han at russarar ikkje skulle delta i internasjonale turneringar i det heile, seier Karjakin.
Så tek intervjuet ei brå vending når programleiar Korsjevnikov spør om følgjande: Men dette er fascisme?
– Eg var motvillig til å seie dette, men kanskje det er det, svarer Karjakin.
NRK har prøvd å få ein kommentar frå Magnus Carlsen gjennom far hans Henrik, men har førebels ikkje fått svar.
– Mista det for lenge sidan
Grønn har fått med seg intervjua og reagerer sterkt på korleis Carlsen sitt syn på Russland blir presentert.
– Viss ein ser på russisk TV, så seier dei ikkje at Magnus ønskjer å boikotte spelarar som representerer Russland fordi Russland krigar i Ukraina. Dei seier at Magnus ønskjer å boikotte russarar fordi han ikkje liker russarar. Folk som ser det på TV tenkjer då at «Oi, dei i vesten liker oss ikkje fordi dei ikkje liker oss per definisjon». Det som er poenget her er at vi kritiserer krigen som Putin og Russland fører.
Han er ikkje overraska over Karjakins åtferd.
– Han er sånn som han har vore i eitt år no, så han sjokkerer meg ikkje.
– Det at han er i Donbas og hjelper russiske soldatar med utstyr ... Det er ikkje bra, mildt sagt. Han har vorte eit symbol på ytterkanten. Det tener Putin på. Fordi Putin treng folk der som går lengre enn han. Fordi då kan han stå fram som ein samlande russisk leiar.
Ikkje utestengt lenger
I fjor vart Karjakin utestengt frå sjakken i seks månader av Det internasjonale sjakkforbundet (Fide). Det vart gjort på bakgrunn av hans offentlege støtte til Vladimir Putins og Russland si krigføring i Ukraina.
Etter at utestenginga av Karjakin stansa, har han halde fram i same spor. Han spreier krigspropaganda, har arrangert sjakkskule i dei russiskokkuperte områda av Ukraina, og har halde sjakkturnering i hovudkvartera i den berykta Wagner-gruppa.
NRK har spurt Fide om kvifor ikkje Karjakin har vorte utestengde på nytt, men har førebels ikkje fått svar.
Fides norske visepresident Jøran Aulin-Jansson har tidlegare forklart til NRK at eit nasjonalt forbund må klage inn Karjakin på nytt om det skal bli aktuelt med ei ny utestenging.