Hopp til innhold

– Alt kaoset blir gløymt om Solskjær sikrar plassen

CARDIFF/OSLO (NRK.no): Solskjær bør kome i gang med å hente spelarar som ikkje er norske, meiner supporterleiar og Cardiff-ekspert. Likevel er éin ting klart: Solskjær var akkurat den «store» personen eit walisisk lag i kaos trengde.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær gjer «The Ayatollah», feiringa brukt av fansen til Cardiff City, etter FA-cupsigeren over Newcastle i helga som gjekk. No håper både han sjølv og fansen at det blir meir å feire i tida som kjem.

Foto: Scott Heppell / Ap

– Dei har prøvd så hardt, og vore så nære. Det var 51 år sidan dei var i toppen, og når Malky Mackay endeleg fekk dei over linja burde dette vere den beste sesongen. I staden har den blitt øydelagt av kaos utanfor banen, seier Rob Phillips.

Rob Phillips

Rob Phillips i BBC Wales meiner det er naturleg at Solskjær hentar spelarar han er kjend med.

Foto: BBC

Cardiff-eksperten i BBC Wales flirer når han tenkjer over kaoset som har herja i klubben – både gjennom jula og i månadene før Mackay fekk sparken.

– For å kome over kaoset trengde klubben ein «stor» person, og Solskjær er akkurat det. Manchester United er kanskje den mest støtta klubben i Wales, så Solskjær møter mykje godvilje i Cardiff-fansen, meiner Phillips.

Journalisten har sett Solskjær bli klar for klubben, Magnus Wolff Eikrem signere og Mats Møller Dæhli så å seie vere signeringsklar. I tillegg florerer overgangsspekulasjonane rundt klubben.

– Eg forstår fullt ut at Solskjær no raskt går for spelarar han kjenner. Det betyr ikkje så mykje at Eikrem og Dæhli ikkje er kjende for fansen, så lenge dei er kjende for Solskjær.

– Men fansen vil nok vente seg litt meir enn to nordmenn dei ikkje har høyrt om, det er sikkert, seier Phillips til NRK.

cardiff

Supporterleiar Vincent Alm er klar på at Solskjær må hente meir enn norske spelarar.

Foto: Patrick Sten Rowlands

– Fansen vil vere kyniske

Namn som Manchester United sin Wilfried Zaha og Newcastle sin Stephen Taylor har begge blitt nemnde, seier Phillips vidare. I tillegg har tidlegare Molde-angripar Mame Biram Diouf blitt lenka til Cardiff.

Signeringar av slikt kaliber blir nødvendig, meiner supporterleiar Vincent Alm.

– Fansen vil vere kyniske. Det er lett å tenkje «Han hentar dei berre fordi han kjenner dei, og er dei verkeleg gode nok?».

Alm fortel at fansen håper på offensive forsterkingar, kanskje ein temposterk ving og ein spiss. Han meiner òg at Solskjær ikkje berre kan signere nordmenn – sjølv om han stolar på den nye manageren sin intuisjon.

– Eikrem har spelt i Nederland, som er ein grei liga, og begge har vore i Manchester United, så eg trur kanskje fansen stolar på Ole Gunnar. Han set begge desse spelarane høgt og trur dei kan klare seg i Premier League. Vi får stole på han slik det er no, seier Alm.

– Likevel er det litt gambling med to unge spelarar frå Noreg, men eg vil heller sjå svoltne spelarar enn nokon som ikkje er gira. Ein må ha balansen, og eg trur kanskje vi har nok erfaring i laget, legg han til.

FBL-ENG-PR-ARSENAL-CARDIFF

Ole Gunnar Solskjær har fått lett eksentriske Vincent Tan som sjef. Dersom resultata uteblir over tid vil nok presset på nordmannen bli stort frå den vietnamesiske eigaren.

Foto: BEN STANSALL / Afp

Ikkje pressa før i februar

Solskjær opna Cardiff-karrieren perfekt med 2-1-siger over Newcastle i FA-cupen laurdag. No ventar ein langt viktigare heimekamp i Premier League, nemleg mot like nedrykkstruga West Ham.

– Fansen vil forstå at det kan vere ein periode der Solskjær kjem i gang, men når eg seier det: Laurdagens kamp mot West Ham er ein massiv kamp. Og eg veddar mykje på at Solskjær ville bytta FA-cupsigeren mot Premier League-siger laurdag, meiner BBC-journalist Phillips.

Blant fansen meiner supporterleiar Alm at presset før helgas kamp i hovudsak ligg på heile klubben.

– Det er mykje press på Cardiff mot West Ham, men eg vil ikkje seie presset ligg på Solskjær. Januar vil noko vere greitt for han. Vi har fjerde runde i FA-cupen og to vanskeleg kampar mot Manchester United og Manchester City.

– Presset kjem i februar. Då har vi fleire kampar der vi skal plukke tre poeng. Det er då den store testen og forventningane frå fansen verkeleg kjem. No vil dei nok backe han og la han slå seg til ro, den neste månaden blir det ikkje enormt med press på Solskjær, meiner Alm i prat med NRK.

Saka held fram under videoen.

Magnus Wolff Eikrem er endelig klar for Ole Gunnar Solskjærs Cardiff.

Vil bli dømt på berre éin ting

I ein kronikk kom Egil «Drillo» Olsen med gode råd til Solskjær . Han blei den første norske trenaren i Premier League, og henta eit koppel norske spelarar til Wimbledon. Han frykta anti-norsk stemning blant Cardiff-supporterane om det blei for mange nordmenn.

Drillo Solskjær

Drillo gav Solskjær velmeinte råd i ein kronikk på NRK.no tidlegare i veka.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det kan heilt klart bli eit problem med for mange nordmenn. Når eg har sagt det: Det kjem sjølvsagt an på kor gode dei er, meiner BCC-mann Phillips.

– Hentar Solskjær ein norsk spiss og han scorar hat-trick i første kamp, så trur eg ikkje nokon vil stille spørsmål. Bottom line: Ole Gunnar Solskjær har fått i oppgåve å halde Cardiff i Premier League. Signeringane i januar og prestasjonen hans vil ikkje bli dømt på kor bra dei gjer det i FA-cupen, men om dei er i Premier League neste sesong.

Cardiff-eigar Vincent Tan har allereie opna sjekkheftet for sin nye manager, og stiller akkurat det kravet BBC-journalisten slår fast. Fansen har god tru, meiner Vincent Alm.

– Vi har slite med å score mål. Frazier Cambell har scora mål ut av ingenting så langt i år, og med meir kreativitet og tempo vil han score meir.

– «Olly» har for mykje erfaring til å berre hente norske spelarar, og eg trur han no vil hente dei best moglege spelarane til sin type fotball, avsluttar Alm.

Siste nytt

  • Alle eliteserielagene videre i cupen

    Flere eliteserielag var i trøbbel underveis i cupens andre runde, men samtlige av lagene som har vært i aksjon har tatt seg videre til tredje runde.

    Brann fikk en marerittåpning og lå under 0-1 mot Askøy, og til pause sto det 2-2. I den andre omgangen sikret imidlertid Brann en sikker 5-2-seier.

    Viking lå under 2-3 for 4.-divisjonsklubben Torvastad, men en sen snuoperasjon sørget for 4-3-seier for siddisinene.

    Rosenborg vant 3-1 borte mot Ull/Kisa, Bodø/Glimt vant 2-0 over Junkeren, mens Molde dro i land en sliteseier med 2-1 over Strindheim.

    I tillegg har Tromsø, Kristiansund, KFUM, HamKam og Odd tatt seg videre. Strømsgodset og Lillestrøm startet en time senere, og leder henholdsvis 2-0 og 4-0 over Jerv og Strømmen.

    Se Strømmen mot Lillestrøm på NRK 3.

    Haugesund og Sandefjord røk begge ut i første runde. Fredrikstad og Sarpsborg 08 spiller først torsdag, mot henholdsvis Eik Tønsberg og Hønefoss.

    NM i fotball 2024: Ull/Kisa - Rosenborg
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • 4.-divisjonslag sjokkerte Viking – reddet av Salvesen

    – Me e for go for Viking. Me ska ta dette, det er eg sikker på!

    Meldingen satt løst da Torvastad-forsanger Håvard Førre ble intervjuet rundt timen ut i kampen, like etter at Roy Miljeteig snudde kampen for vertene.

    Stillingen viste 3–2 til den vesle klubben fra Karmøy.

    For selv om Viking tok komfortabelt ledelsen 2–0 mot 4.divisjonslaget som sendte Haugesund ut av cupens første runde, var det ikke over:

    * 45+1 minutter: Georg Grønningen reduserer til 1–2

    * 48 minutter: Fredrik Lippestad utligner til 2–2

    * 53 minutter: Miljeteig snur kampen til 3–2

    – Hva er det Viking driver med?

    NRK-ekspert Carl-Erik Torp satt rystet i studio.

    – Det er veldig vanskelig å forstå. De hadde full kontroll. Jeg klarte ikke å se at de var over midten de første 40 minuttene, sa Torp på direkten.

    Viking forsøkte å påvirke stillingen med et firerbytte etter drøyt timen spilt. Kort tid etter kunne de puste ut.

    Utligningen til 3–3 kom fra Simen Kvia-Egeskog.

    På tampen satte Lars-Jørgen Salvesen 4–3 på straffespark.

    Målet berget han Stavanger-klubben fra en real flause.

    Fotballekspert Jonas Grønner må tatovere seg etter han tapte et veddemål på direkten.
  • Johannessen ødela akillesen – mister OL

    Gøran Johannessen røk akillessenen på mandagens trening, opplyser Kolstad. Han går glipp av håndballturneringen i OL.

    Ifølge trønderklubben er Johannessen ventet å være ute i seks til åtte måneder.

    29-åringen har kjempet seg tilbake på banen etter å ha trøblet med akillesen siden november. Han deltok for Norge i EM i januar.

    Johannessen skal gjennom en operasjon torsdag. Deretter skal han restituere kroppen og hodet før opptreningen tar til.

    – Jeg skal gjøre mitt ytterste for å komme tilbake i godt gammelt Gøran-slag. Samtidig er det et slag i trynet, og mentalt har jeg også en krevende jobb foran meg. Det er aldri lett å være utenfor en gruppe, men laget er min sterkeste støttespiller, sammen med venner og familie, sier Johannessen.

    Stavanger-karen mistet også OL i 2021, da med lyskeproblemer.

    For landslaget står Johannessen med 260 mål på 109 kamper. Han debuterte for Norge i 2015. (NTB)

    Gøran Johannessen
    Foto: BILDBYRÅN

Sendeplan

Kl. Program Kanal