- Sjå nasjonskonkurransen i VM frå kl. 22.10. Norge møter Slovenia i første utslagsrunde og eventuelt Austerrike i kvartfinale. Sistnemnde motstandar er storfavoritt i konkurransen.
– Vi stiller annleis enn i fjor. Det var første gang vi stilte i nasjonskonkurransen. Vi blei slått ut i første utslagsrunde. Då gjekk det ikkje så bra, seier Nina Løseth, som også stiller i lagkonkurransen i Beaver Creek.
Det gjekk ikkje bare dårleg. Det var kaotisk for Norges lag med Henrik Kristoffersen, Nina Løseth, Leif Kristian Haugen og Mona Løseth.
Full forvirring
I åttedelsfinalen mot Slovenia vann Mona Løseth og Leif Kristian Haugen begge sine duellar, medan Nina Løseth og Henrik Kristoffersen tapte sine.
Duellen enda 2-2, Norge blei sendt vidare, så starta forvirringa.
Til slutt viste det seg at Det Internasjonale Skiforbundet hadde gjort ei stor blemme.
Arrangøren hadde lagt saman dei to beste tidene, som var tidene til begge herreløparane hos Norge. Men reglane seier at det beste er herre- og dametida som skal leggast saman.
Då feilen i systemet blei funnen, var det Slovenia som fekk kvartfinaleplassen mot Austerrike, til overrasking for Norge.
– Det var masse fram og tilbake. Du står jo nedi målområdet og får beskjed om at du er vidare. Når det har gått ei stund så får du beskjed om at du ikkje er vidare likevel. Så vi får håpe det ordnar seg denne gangen, seier Ragnhild Mowinckel.
Vil kopiere pallplass
No skal Norge forsøke seg på ny. I år stiller Nina Løseth, Sebastian Foss Solevåg, Leif Kristian Haugen og Ragnhild Mowinckel, som siktar høgt.
– Dersom alt klaffar kan vi kjempe om medalje, seier Løseth.
– Eg har ikkje snakka med dei andre, men eg trur alle føler at dei har hatt ein bra sesong i år, seier Løseth.
Løseth tok sin første pallplass i Zagreb, Solevåg på pallen og Ragnhild Mowinckel har til tider køyrt respektlaust.
Ragnhild Mowinckel, som blei nummer ni i superkombinasjonen i går, håpar tredjeplassen frå siste konkurranse - eit showrenn i Innsbruck, kan kopierast.
– Vi må jo fortsette der vi slapp sist. Då blei det tredjeplass. Eg fekk opp farta litt i dag, så det er bare å gje gass og køyre for medalje, seier Mowinckel.