Hopp til innhold

Kaos i kulissane rundt norsk VM-søknad: – Dei får berre skylde seg sjølv

Ordkrig, misforståingar og rot. Det gjer at Johannes Thingnes Bø spør seg om eige forbund prøver å sende han inn i rekkjene til pensjonistane.

Mange mener mye om VM-et som ikke blir noe av. Her er idrettsbyråd Omar Gamal (til venstre), Johannes Thingnes Bø og Kong Harald under VM i Oslo i 2016 (i midten), og generalsekretær Morten Aa Djupvik.

VM-RØYR: Mange meiner mykje om VM-et som ikkje blir noko av. Her er idrettsbyråd Omar Gamal (til venstre), Johannes Thingnes Bø og Kong Harald under VM i Oslo i 2016 (i midten), og generalsekretær Morten Aa Djupvik.

Foto: Terje Pedersen7Vidar Ruud/Berit Roald / NTB

– Kanskje Noregs Skiskytterforbund vil pensjonere meg allereie?

Slik responderer Johannes Thingnes Bø på at skiskyttarforbundet endå ein gong har feila med å søkje om eit VM på heimebane.

Thingnes Bø under VM på hjemmebane i 2016

INGEN REPRISE: Thingnes Bø storkoste seg under VM på heimebane i 2016. Det blir ingen reprise.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

Denne veka vart det nemleg offentleggjort at Oslo ikkje er blant byane som har søkt om å få arrangere VM i skiskyting i 2027, sjølv om skiskyttarpresident Arne Horten tidlegare har gått ut og lova at Noreg skulle kjempe om å få nettopp denne meisterskapen.

Allereie for to år sidan erkjende nemnde Horten at Noreg bomma på søknadsfristen då dei ønskte seg VM til Oslo i 2025, og at dei derfor heller skulle søkje om å få verdsmeisterskapen i 2027.

Men slik vart det altså ikkje.

Les også: Norge bommet på fristen – søkte om VM for sent

FdoePdLPHNE
FdoePdLPHNE

– Veldig useriøst

Thingnes Bø har allereie signalisert karriereslutt etter OL i 2026, men han har halde døra på gløtt for å få oppleve ein folkefest på heimebane året etter.

Den døra lukkar han no.

– Det vart på mange måtar eit endeleg punktum for meg, seier han til NRK.

Kva som har gått føre seg i kulissane, er det ikkje heilt lett å bli klok på.

Skiskyttarpresident Horten, Morten Aa Djupvik, generalsekretær i skiskyttarforbundet og Oslo kommunes idrettsbyråd, Omar Gamal, har nemleg veldig ulike versjonar av kva som eigentleg er grunnen til at Oslo ikkje enda med å søkje.

Partane er samde om at dei møttest i fjor haust, men der stoppar også semja.

– Det er veldig useriøst, seier idrettsbyråd Gamal og ler når han får høyre versjonen til forbundet.

Hevdar dei fekk dårleg respons

Skiskyttarpresident Hortens forklaring er nemleg at dei aldri fekk nokre forpliktingar frå kommunen, og at det er delar av grunnen til at det aldri vart levert nokon søknad.

Arne Horten, president i Norges skiskytterforbund

SKISKYTTARPRESIDENT: Arne Horten.

Foto: Sondre Hensema Eriksen / Norges Skiskytterforbund

– Det var liten respons i kommunen på å arrangere eit VM. Vi er skuffa over det. Vi hadde forventa mykje meir positivitet rundt det.

Horten seier at Holmenkollen må oppgraderast med tribunekapasitet og flaumlys, og at forbundet og Oslo kommune ikkje kom i mål med dette, noko som var ein føresetnad for å kunne søkje om eit VM.

– Du kan godt seie at vi skulle kjempa meir, men vi meiner det burde vere unødvendig. Eit VM er eit såpass stort arrangement at det burde vere jubel i Oslo for eit skiskyttar-VM.

Og det er dette som får idrettsbyråden til å bruke orda «useriøst». Han har ein heilt anna oppfatning av kva som har skjedd.

– Dei får skylde seg sjølv

– Dei får berre skylde seg sjølv. Det er eine og åleine deira eigen feil. Vi har hatt ei open haldning til dei, kontrar Gamal.

Idrettsbyråden seier at skiskyttarforbundet heldt ein presentasjon for kommunen, og at kommunen i kjølvatnet av det bad forbundet sende inn ein skriftleg førespurnad. Dei ønskte oversikt over budsjett, kva dei ønskjer av Oslo kommune, og kva dei såg for seg at arrangementet kunne gi av meirverdi for innbyggjarane i byen.

Byråd for kultur, idrett og frivillighet i Oslo Omar Samy Gamal

IDRETTSBYRÅD: Omar Gamal.

Foto: Sturlason

– Vi kan ikkje basere våre vurderingar på ein presentasjon som dei har éin gong for oss. Dei må ta litt meir initiativ enn det. Her har dei rett og slett rota det til ein gong til, seier Gamal.

– Dei må gjerne sende det dei har vorte bedne om å sende, så skal dette bli vurdert på lik linje som andre store meisterskapar, seier han.

Tajei Bø stussar også på innsatsen til Skiskyttarforbundet i samband med ein VM-søknad.

– Eg hadde venta meir offensivitet og pågangsmot frå Skiskyttarforbundet. Ein får aldri ein jobb ein ikkje søkjer på, så enkelt er det. Hadde eg fått den beskjeden, hadde eg i alle fall blitt motivert til å lage ein søknad som vart umogeleg å seie nei til.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø (t.v.) med gullmedaljen etter medaljeseremoni for 4 x 7,5 km stafett for menn på universitetsplassen i Oslo lørdag kveld.

STEMNING: VM i Holmenkollen i 2016

Folkehav i Kollen

FOLKEFEST: VM i Holmenkollen i 2016.

Kong Harald hilser på Marte Olsbu og Tiril Eckhoff (med ryggen til).

HELT KONGE: VM i Holmenkollen i 2016.

Emil Hegle Svendsen, Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø og Ole Einar Bjørndalen mottar gullmedaljer etter 4 x 7,5 km stafett menn på Medal Plaza på Universitetsplassen i Oslo lørdag kveld.

FOLKEFEST: VM i Holmenkollen i 2016.

Feiring

FEIRING: VM i Holmenkollen i 2016.

Johannes Thingnes Bø viser fra gullmedaljen til kong Harald.

HELT KONGE: VM i Holmenkollen i 2016.

Folkefest

FOLKEFEST: VM i Holmenkollen i 2016.

Ole Einar Bjørndalen med VM-medaljene i 2016

FEIRING: VM i Holmenkollen i 2016.

Skulder på munnleg råd

NRK har sett den skriftlege dialogen mellom forbundet og kommunen.

Der kjem det fram at Oslo kommune 29. november i fjor bad generalsekretær Morten Aa Djupvik om å komme tilbake til dei med fleire detaljar:

«Ta gjerne med kor mykje de ser for dykk å søkje i tilskot hos kommunen og staten, nemn gjerne også andre ting de ønskjer kommunen skal bidra med t.d. gratis leie av anlegget, bistand i anlegget under meisterskap og beredskapsgruppe (for å nemne nokre døme). Også kva de ser for dykk av utbetringar i anlegget (det er anlegget til kommunen så det treng ikkje de søkje om tilskot til, men greitt å vite litt om omfanget).»

Spesialrådgivaren til kommunen la også ved VM-søknaden til bryteforbundet, slik at skiskyttarforbundet skulle sjå korleis det kunne løysast, men forbundet sende aldri det dei vart oppmoda til.

Djupvik seier til NRK at han munnleg vart rådd til ikkje å søkje kommunen om støtte til VM.

Morten Aa Djupvik

GENERALSEKRETÆR: Morten Aa Djupvik.

Foto: Berit Roald / NTB

– Vi presenterte VM. Men vi vart heilt klart rådd om ikkje å søkje no fordi det er for kort tid. Og det må vi sjølvsagt ta på kappa vår, at vi burde vere tidlegare ute. Men det er jo slik at vi er heilt avhengig av å ha med oss Oslo kommune som vertskapskommune om vi skal sende inn ein søknad. Og det var det absolutt ikkje stemning for det under møtet, meiner generalsekretæren.

Han hugsar ikkje kven som rådde forbundet til ikkje å søkje.

Resultatet er i alle fall at VM i 2027 anten skal arrangerast i estiske Otepää eller i Kontiolahti i Finland.

No kryssar Ingrid Landmark Tandrevold for at Noregs Skiskytterforbund får ein søknad på plass innan fristen til meisterskapen i 2028.

– Det er min aller største draum å oppleve eit VM på heimebane.

Siste nytt

  • Carlsen knuste Nakamura i ny gigantduell

    Magnus Carlsen brukte bare tre partier på å beseire Hikaru Nakamura i årets sjette Champions Chess Tour-turnering mandag.

    Dermed fikk en formsterk Carlsen en drømmestart på turneringen.

    Mandagens duell ble spilt over fire partier hurtigsjakk. Der innledet Carlsen med en overbevisende seier, før det ble remis i parti nummer to.

    Deretter leverte den norske sjakkstjernen et nytt kjempeparti med hvite brikker. Carlsen skaffet seg raskt et solid overtak i stillingen, og til slutt ga Nakamura opp.

    – Det er ikke gøy å tape på tre partier mot en av dine argeste konkurrenter, sa TV 2s sjakkekspert Jon Ludvig Hammer.

    I forkant av duellen var Carlsen tydelig på at Nakamura er spilleren han legger mest prestisje i å møte om dagen.

    – Ja, definitivt. I hvert fall når det ha ndlert om lynsjakk eller raskere enn det, sa han til TV 2. (NTB)

    Norway Chess
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Nye skadeforfall for Norge - Bjelde og Nautnes ute

    Søndag kom beskjeden om at Caroline Graham Hansen ble skadet under fredagens kamp mot Østerrike og dermed ikke var blant spillerne som reiste sydover for kampen mot Portugal tirsdag.

    Mandag ble det også klart at Emilie Nautnes ikke blir med i tirsdagens kamp. Angriperen var ubenyttet reserve under kampen mot Østerrike.

    Pressesjef Halvor Lea opplyser til NRK at Nautnes ikke ble med til Portugal på grunn av en skade.

    – Hun fikk en smell i ankelen og vi tok beslutningen om at hun ikke ble med rett før vi reiste, sier trener Leif Gunnar Smerud.

    Med til Portugal er Thea Bjelde. Forsvarsspilleren startet kampen mot Østerrike, men ble byttet ut i pausen etter å ha fått seg en smell.

    – Er hun klar til å starte i morgen?

    – Nei. Hun er ute, sier Smerud.

    Treneren bekrefter at årsaken er smellen Bjelde fikk mot Østerrike, etter at landslagsteamet testet hvordan Bjelde lå an på mandagens trening.

    – Det er synd for Thea og synd for oss. Hun gjorde en veldig god figur den omgangen hun spilte mot Østerrike, men nå er hun ute. Da må vi finne en erstatter.

    Thea Bjelde
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Friidrettsstjernenes sjef åpner for å bli Bjervig-erstatter

    Friidrettstoppen Erlend Slokvik sier han vil lytte dersom Norges Skiforbund skulle ønske ham som Espen Bjervigs erstatter som langrennssjef.

    Det er Adresseavisen som har spurt Slokvik hvordan han ville stille seg til en eventuell henvendelse fra skiforbundet.

    – Blir jeg forespurt, vil jeg vurdere det. Har foreløpig kontrakt i friidrett fram til Paris-OL i 2024, sier friidrettstoppen til avisen.

    Slokvik har vært sportssjef i Norges Friidrettsforbund siden 2018. (NTB)

    Erlend Slokvik på en pressekonferanse.
    Foto: Gorm Kallestad / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Ler etter den offentlige oppvasken: – Skal ha tykkere vegger 00:46
Neste