Hopp til innhold

England-stjerne med spark mot dommaren etter VM-exit

England var nære ein semifinale i VM, men i staden blei det eit mareritt for kaptein Harry Kane. No reagerer spelarar og ekspertar på det dei skildrar som dårleg dømming.

Qatar Soccer WCup Match Moments Day 19 Photo Gallery

REAGERER: Jude Bellingham etter at dommar Wilton Sampaio ikkje dømde i favør England etter at han blei felt.

Foto: Frank Augstein / AP

Englands Harry Kane hadde alt i sine hender då han gjekk fram og skulle ta sitt andre straffespark for kvelden.

Då stod det to ting på spel: Han kunne bli matchvinnar og fornye håpet om semifinale til England. Og han kunne bli den mestscorande engelske spelaren nokosinne, etter at han tidlegare denne kvelden tangerte Wayne Rooneys rekord på 53 mål.

I staden blåste han straffa langt over mål.

FIFA World Cup Qatar 2022 - Quarter Final - England v France

TRØYST: Jordan Henderson gir Jude Bellingham ein god klem.

Foto: ANNEGRET HILSE / Reuters

No reagerer spelarar og ekspertar på det dei meiner var ein frykteleg framferd av dommar Wilton Sampaio.

– Ikkje på høgde

Jude Bellingham var ein av spelarane som måtte kjenne at frustrasjonen toppa seg etter at dommaren nok ein gong ikkje blåste i fløyta etter at han blei felt.

På spørsmål om korleis han tykte dommaren opptredde, svarte han dette:

– Det var ikkje bra, om eg skal vere ærleg. Ikkje bra. Alle kan ha ein dårleg kamp, både spelarar og dommarar, men eg tykkjer ikkje at han var på den høgda han burde vore med tanke på nivået i ein kamp som dette, seier Bellingham til ITV.

FIFA World Cup Qatar 2022 - Quarter Final - England v France

TRIST: Jude Bellingham.

Foto: ANNEGRET HILSE / Reuters

Han får støtte av Jordan Henderson.

– Det var skuffande. Men eg tykkjer dømminga mellom Argentina og Nederland også var det. Eg tykkjer det ikkje var bra i dag, men eg vil ikkje bruke det som noko unnskyldning. Vi tek ansvar for tapet, men i visse, viktige augeblikk i kampen, så forventar ein betre, seier Henderson.

Tildlegare England-spelar Gary Neville er meir krass i kritikken.

– Han hadde eit absolutt mareritt. Ein spøk av ein dommar. Eg seier ikkje at det var grunnen til Englands tap, folk vil seie det er ein unnskyldning, men han er berre ein dårleg dommar, seier Neville til ITV.

Dette skjedde

Bellingham vil ikkje legge all skuld på dommaren, men meiner at dette var situasjonar som kunne ført til eit anna utfall.

– Det er ein del forseringar rundt boksen i første omgang, og vi er dødelege på dødballar, så eg trur nokre av dei kunne gjort ein skilnad, seier han vidare.

Dette er nokre av situasjonane som førte til kraftige reaksjonar:

  • Målet til Tchouaméni i første omgang kom etter ein kontroversiell situasjon i forkant av angrepet. Frankrike scora etter ei kontring, og den kontringa blei til etter at Dayot Upamecano vann ballen av Bukayo Saka og samstundes felte han.
  • Harry Kane blei felt like utanfor sekstenmeteren i første omgang, men dommaren valte å ikkje blåse. Dermed blei England fråteken dødballmoglegheit.
  • Før dommaren dømde den andre straffa til Kane, måtte VAR-rommet bryte inn og stoppe spelet, til trass for at TV-bileta viste tydeleg at Mason Mount blei dytta hardt i ryggen og fall over ende.

Hadde trua

Declan Rice var tydeleg skuffa då NRK møtte han i pressesona.

Declan Rice

TRIST: Declan Rice.

Foto: ADRIAN DENNIS / AFP

– Det var full tru i gruppa på at vi kunne klare det. Vi var sjølvsikre sidan vi hadde det samhaldet og den trua. Vi har mykje kvalitet i gruppa, seier Rice til NRK.

Han hadde verkeleg trua på at England skulle ta seg heilt til VM-finalen dette året.

– Vi følte at dette året kunne vere vårt år. No skal vi tilbake til klubbane. Det blir vanskeleg å prosessere, men vi er fotballspelarar og prøver igjen, seier han vidare.

Rice fekk spørsmål om dommarane sin innsats i kampen, og West Ham-spelaren var misfornøgd med «nokre avgjerder». Han ville likevel ikkje skulde på det.

– Vi tapte kampen, og vi kan ikkje leggje det på dommaren, seier han.

Gareth Southgate ville ikkje legge noko skuld på dommaren.

– Det er meiningslaust for meg å snakke om det, svarte Southgate etter spørsmål om dommarens prestasjon.

WCup England France Soccer

KLEM: Manager Gareth Southgate omfamnar Harry Kane. – Han har vore heilt utruleg for oss. Vi ville ikkje vore her om han ikkje hadde scora alle dei måla han har gjort, seier Southgate til ITV.

Foto: Abbie Parr / AP

Viser medkjensle for Kane

Englands kaptein fekk mange trøystande ord frå lagkameratar og trenar etter at han bomma på straffa som kunne gitt vidare håp for avansement til England.

– Han er ein spiss i verdsklasse, og vi ville ikkje vore her utan han. Han er i ein vanskeleg situasjon no, men vi skal vere der for han og det veit eg at gutane vil vere, seier Henderson.

Han føler seg trist.

– Det er vanskeleg å finne riktige ord. Eg følte vi gav alt. Det blei ikkje vår kveld, og små marginar gjekk imot oss, seier Henderson vidare.

Rice gir nokre støttande ord til Kane, som ikkje hadde det lett etter kampslutt.

– Du kan jo førestille deg det. Han har missa eit straffespark som kunne utlikna ein VM-kvartfinale. Han er vår kaptein. Å ta den første straffa krev mykje mot. Å ta den andre krev enda meir. Han vil føle seg nedfor, men vi vinn og tapar i lag, seier Rice til NRK.

Støtte får kapteinen også frå Kyle Walker.

– Vi vinn i lag, og vi tapar i lag, seier Walker til ITV.

Ben Chilwell, som er ute med korsbandskade, viser si medkjensle overfor landslaget.

– Så trist for gutane, skriv han på Twitter.

Les også: Portugal-stjerne reagerer etter VM-bomba – kallar val av dommar for uakseptabelt

pepe
pepe

Siste nytt

  • Nordås klarte VM-kravet i Paris etter superløp

    Narve Gilje Nordås har hatt en strålende sesong og i et stevne i Paris lørdag kveld klarte han VM-kravet med et strålende løp på 3.32,39.

    Før sesongen hadde Nordås en personlig rekord på 3.36,23.

    Det er en tid han har forbedret to ganger tidligere i sesongen, før han lørdag altså kom under VM-kravet på 3.34,20 med det strålende løpet på 3.32,39.

    Det er også to tideler under Jakob Ingebrigtsens sesongbeste på 1500 meter og dermed den beste norske tiden på 1500 meter i år.

    Nordås vant også løpet i Paris.

    Narve Gilje Nordås
    Foto: NTB
  • Lotta Udnes Weng raskest i Holmenkollen Skishow

    Lotta Udnes Weng rykket før oppløpet og vant kvinnenes rulleskirenn over ni kilometer under Holmenkollen Skishow.

    Weng leverte en kjempeavslutning og vant 3,1 sekunder foran Helene Marie Fossesholm og 6,8 foran tvillingsøsteren Tiril Udnes Weng.

    De tre utgjorde en tettrio gjennom hele løpet. Ned til firer Ingvild Flugstad Østberg skilte det 50,8 sekunder.

    Gode prestasjoner i prologen ga en fordel i selve løpet. Tiril Udnes Weng startet med fem sekunders forsprang på søsteren Lotta, mens Fossesholm startet ytterligere fem sekunder bak.

    Deretter skilte det fem sekunder til Elena Rise Johnsen, som igjen hadde fem sekunders forsprang til kvartetten Mathilde Myhrvold, Linn Sömskar (Sverige), Maria Hartz Melling og Hedda Østberg Amundsen.

    Østberg startet 30 sekunder bak prologvinneren. (NTB)

    Kvinnelandslag langrenn
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Haaland starter finalen i Mesterligaen

    Som ventet starter Erling Braut Haaland finalen i Mesterligaen mot Inter.

    Slik stiller de to lagene:

    Manchester City: Ederson - Akanji, Dias, Aké - Stones, Rodri - Silva, De Bruyne, Gündogan, Grealish - Haaland.

    Inter: Onana - Darmian, Acerbi, Bastoni - Dumfries, Barella, Brozovic, Calhanoglu, Dimarco - Martínez, Dzeko.

    Haaland er den første nordmannen som spiller en finale i Mesterligaen for herrer siden John Arne Riise i 2007. Riise spilte for da Liverpool, som tapte mot AC Milan.

    Riise er også den siste norske herren som har vært på det vinnende laget i en finale i Mesterligaen, noe som skjedde da Liverpool slo nevnte Milan i 2005.

    Lørdag er det igjen et Milano-lag som skal prøve å stoppe laget med en norsk spiller, når Inter spiller mot Manchester City.

    Erling Braut Haaland
    Foto: MOLLY DARLINGTON / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste