NRK Meny
Normal

Lagerbäck: – Kan ha funne framtidas stopparpar

Lars Lagerbäck var godt nøgd med kampen mot Nord-Irland. – Det var ein svært innhaldsrik og god kamp, sa landslagssjefen.

Lars Lagerbäck

GOD KAMP: Lars Lagerbäck meinte Nord-Irland er eit godt organisert lag, og at det var sterkt av Norge å vinne i kveld

Foto: THOMAS KIENZLE / AFP

– Nord-Irland er eit godt organisert lag. Vi måtte spele godt for å slå dei, og det gjorde vi. Taktisk gjorde vi også ein sterk kamp, sa Lagerbäck etter 1-0 over det nordirske laget.

– Har du funne det rette midtstopparparet?

– Tore (Reginiussen) og Håvard (Nordtveit) gjorde det godt i dag, og kan bli framtidas stopparpar. Men elles har forsvarsspelet blitt betre i heile år, om vi ser bort frå kampen mot Tyskland, sa Lagerbäck på pressekonferansen etter kampen.

Reginiussen sjølv var godt nøgd med kampen i kveld.

– Det fungerte bra i dag. Vi held nullen, og det er godt og viktig for eit stopparpar, det er jobben vår. Eg synets Håvard er en fin spelar, han har ein fin fot og er god til å starte angrep, noko som kanskje ikkje er min styrke. Vi fungerer bra saman, seier Reginiussen.

Kaptein Stefan Johannessen rosar også Reginiussen.

– I dag er det vanskeleg å skape målsjanser på oss. Vi får klarert unna det dei kjem med, og eg vil spesielt trekke frem Tore som var uheldig sist og ble skadd. Men i dag er han heilt enorm bak der.

Det er ti månader igjen til neste konkurransekamp. Det er ikkje før nyskapningen Nations League tek til i september. Der skal Norge vere i Division C, det vil seie på nivå tre.

Vil ha to kampar i november

Fram til det er det privatkampar som tel for Lagerbäck. Dei to første kan kome i november.

– Vi vil ha lag som er litt over oss på rankinga, helst rundt nr. 20–30. Det blir det jobba med, men det er vanskeleg å få det til før det blir heilt klart kven som må ut i playoff.

– Vi må jobbe med å bli meir aggressive, og utvikle angrepsspelet. Det finst gode tendensar, og vi må ta ytterlegare steg, seier landslagssjefen.

No skal han følgje med sitt tidlegare landslag Island, som i morgon kan kvalifisere seg til VM.

– Men eg kjem ikkje til å reise dit, seier han.

Mellomfornøgd nordirsk trenar

Nord-Irlands landslagssjef Michael O'Neill var ikkje heilt nøgd etter tapet.

– Det er stort å vere i playoff. Det var avklart før kampstart, så det betydde kanskje litt. Om resultata frå andre grupper hadde vore mot oss, hadde vi kanskje vore betre, sa O'Neill.

Sjølvmålet på Ullevaal var det første Nord-Irland har sleppt inn i VM-kvalifiseringa utanom dei to kampane mot Tyskland (0-2 og 1-3).

– Vi skulle gjerne hatt den statistikken med oss vidare. Men vi skal vere nøgde med å sikre playoff i ei vanskeleg gruppe, sa han.

Siste nytt

  • Bråten ble tredjemann i USA

    Øystein Bråten hevet seg fra kvalifiseringen og slo til med tredjeplass i slopestylefinalen under verdenstouren i fristil i Breckenridge.

    Øystein Bråten
    Foto: Norfreeski
  • Tredjeplass på Røisland

    20-åringen fra Høvik kom seg inn på pallen i Dew Tour i kveld. Han endte fem poeng bak Max Parrot fra Canada som vant slopestyle-konkurransen. Ståle Sandbech kom på niendeplass og Emil Ulsletten endte på 12.- plass.

    Røisland
    Foto: Matthew Stockman / AFP
  • Legkov legger ikke opp

    Aleksander Legkov sin trener, Markus Cramer er irriitert på Aftonbladet sin artikkel om at Legkov legger opp. – Legkov venter på beslutningen fra CAS og vil da bestemme seg for sin sportslige fremtid, sier han til NRK.

    Markus Cramer, russisk langrennstrener
    Foto: Arild Samsvik / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup alpint: Storslalåm, menn
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup alpint: Storslalåm 1. omgang, menn
V-cup alpint: Storslalåm 1. omgang menn
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup alpint: Super-G, kvinner
V-cup alpint: Super-G kvinner
V-cup alpint: Super-G kvinner
V-cup langrenn: 10 km klassisk jaktstart, kvinner