Rettssaka i Spania vart avslutta 1. april etter å ha vart i to månader. Dei fem er tiltalte for å ha sett liv og helse i fare for ei rekke idrettsutøvarar i samband med blodoverføringar, og alle risikerer fengselsstraffer opptil to og eit halvt år.
Fuentes er tiltalt saman med si syster – og lege – Yolanda, og tre tidlegare leiarar i sykkelklubbane Liberto Seguros og Kelme.
Tiltalen går ut på at dei skal ha tappa blod av utøvarar, oppbevart det og sprøyta det inn i utøvarane seinare. Rundt 50 syklistar skal ifølgje tiltalen ha vore inn blanda. Nore av syklistane er seinare avslørt for doping.
Også utøvarar i andre idrettar
Det er også reist mistankar om at utøvarar i andre idrettar også skal ha konsultert Fuentes. Det skal dreie seg om utøvarar innan fotball, tennis, boksing og friidrett, men det kom ikkje fram noko namn i avhøyra.
I retten vart det lagt fram tekniske bevis funne i over 100 vesker med raude blodceller og plasma som hadde blitt separert i avanserte sentrifuger.
Eitt av spørsmåla dommaren skal ta stilling til, er om desse bevisa etter rettssaka skal sendast vidare til WADA. Det kan i så fall føre til vidare etterforsking mot enkeltpersonar som kan ha vore involvert.
Sju år har gått
Saka «operasjon puerto» vart rulla opp under ein politirazzia for sju år sidan. På den tid var doping i seg sjølv ikkje gjort kriminelt i Spania. Men seinare har landet innført strenge antidopinglover, lover som blir gjort endå strengare seinare i år.
Derfor byggjer tiltalen på at Fuentes skal ha sett liv og helse for utøvarane i fare.
Men den lange tida som har gått sidan razziaen i 2006, har svekka trua på at Spania verkeleg vil jobbe mot doping. Det meiner iallfall WADA, den internasjonale antidopingorganisasjonen.
Vi styrke OL-søknaden
Men Ana Munoz, leiaren for det nye spanske antidopingbyrået, understrekar at Spania no tek eit krafttak mot doping, og er budd på å slå hardt ned på det.
Spania søkjer om og få sommar-OL til Madrid i 2020, og håpar at ei grundig rettssak vil styrke deira sjansar til å sikre seg leikane.