President René Fasel lanserte det som eitt av fire forslag under ein paneldebatt i Edmonton i Canada før helga, melder nettstaden thescore.com.
Det er eit iskaldt klima mellom IOC på den eine sida og den viktigaste ishockeyligaen i verda NHL på den andre.
IOC nekta å betale reise og forsikring for NHL-spelarane til OL i Pyeongchang sist vinter. NHL svara med å halde sine spelarar tilbake, og for første gong sidan Lillehammer i 1994 var ikkje dei beste spelarane med i ei OL-turnering.
I debatten lanserte Fasel fire scenario for ishockey under OL i Beijing:
- Å få NHL-spelarane tilbake, slik som i fem OL på rad frå 1998 til 2014.
- Å spele utan NHL-spelarar, slik som i Pyeongchang.
- Å la OL-turneringa bli ei rein U23-turnering.
- Å stryke ishockey for menn frå OL fullstendig
– Det er to gode alternativ og to forferdelege, skriv kommentator Mike Grinnell i barstolsports.com.
Det førstnemnde alternativet ser nokså håplaust ut akkurat no. NHL-leiinga og dei fleste klubbane er negative til ein ligapause midt i sesongen.
– Vi kjem ikkje til å reise til Kina. Å reise til vinter-OL øydelegg sesongen, sa NHLs administrasjonssjef Gary Bettman tidlegare i år.
Blir flytta til sommar-OL?
Derimot er Bettman langt meir positiv til ideen om å legge ishockey til sommar-OL, fordi det er utanfor ligasesongen.
Dette har han allereie foreslått overfor IOC.
– Historisk er det gjort før, seier han. – Det er eg sikker på at spelarane også hadde likt.
Den aller første olympiske ishockeyturneringa gjekk i sommar-OL i Antwerpen i 1920. Men i 1924 blei vinter-OL etablert, og seinare har ishockeyen gått der.
Han har tidlegare sagt at NHL-spelarane neppe kjem til å kome tilbake til ei OL-turnering som ikkje går i Nord-Amerika.
Gord Miller er kanadisk ishockeykommentator