– Formen er tipp topp den. I tida framover blir det trening, trening og atter trening, seier ein letta Kurt Asle Arvesen på telefon frå Italia.
Sky-rytter Arvesen har hatt maks uflaks under vårens oppkjøring til det største sykkelrittet i verda - Tour de France. Eit fall under Quatar rundt i februar resulterte i nok eit stygt kragebeinsbrot. I slutten av april begynte han også å kjenne store smerter i kneet.
- SJÅ OGSÅ:
- SJÅ OGSÅ:
Skadesituasjonen førte til at romsdølingen måtte ta ein lengre pause frå pedalane. Men rehabilitering og spesialtrening heime i Eresfjorden i Møre og Romsdal, og eit opphold på Toppidrettssenteret i Oslo har gjort underverker.
No er Arvesen skadefri, og tilbake i hardtrening på italienske vegar.
Dystert for Boasson og Hushovd
Det ser derimot langt mindre lyst ut for dei to andre norske Tour-ryttarane. Thor Hushovd brakk nyleg kragebeinet under ein treningstur i Italia, og Edvald Boasson Hagen har lenge slitt med smerter i akillesen.
- SJÅ OGSÅ:
- SJÅ OGSÅ:
- SJÅ OGSÅ:
Cervelo-rytter Hushovd blei operert i Sveits sist måndag, og har no teke fatt på rehabiliteringsprosessen heime i Monaco.
Hagen har sakte men sikkert komt seg tilbake på sykkelsetet igjen, men ifølgje trenar Fredrik Mohn kan hard trening rive opp skaden og føre til at den vonde hælen blir eit kronisk problem for det unge sykkel-talentet.
- SJÅ OGSÅ:
Sjølv om Hushovd og Hagen kan stille til start når Touren startar i Rotterdam om seks veker, vil det dermed vera med eit svært tynt treningsgrunnlag.
Rehabilitering gjorde susen
Den no friskmelde Arvesen kan skrive under på at ro og kvile er den beste medisin. Slitasjeskaden i kneet har forfulgt han i lang tid.
– Det hjelper ikkje å forhaste seg. Eg tok skadene på alvor og ga det litt tid denne gongen. No føler eg meg heilt fin, men det endelege svaret får eg under løpet i Bayern neste veke, seier han.
Bayern Rundfahrt vert skipa til frå 26-30mai. Arvesen skal også delta i Luxembourg rundt og Sveits rundt, som er rekna som viktige oppkjøringsritt før Touren i juli.